NYE BASTHAUGEN GARD

Basthaugen gard følgjer også med i tida. Me har fornya oss med nye logoar og utsjånad og syner endringskompetanse og endringsvilje med ny look. Er du forviten, så klikk her.;-)

Takk til Brita og Jannike!

 

B-red-white-langyogakjerringa-grey-orange_transparentvin-redgrey_transparent

 

 

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Lune ullfellar til sals

 

Lun ullfell
ein kropp pustar
lyttar til vinden og finn sjela

 

sauskinnfell1

Ullfell til deg sjølv eller nokon du kjenner? 

leaf JPG

Basthaugen Gard sel no flotte kvite ullfellar  til kr. 1200. 

Ta kontakt om du er interessert!

 saueskinnfell5

saueskinnfell4

Publisert i Gardsdrift | Skriv en kommentar

«One day my log will have something to say about this» (The Log Lady i «Twin Peaks»)

Tløamedtømmerømmeret, som skal verta den nye kledningen på løa, er frå eigen furuskog og er no komen til gards. Trea blei planta av bestefar& CO på slutten av 1940-talet. Tømmer har også blitt aktuelt i heimen på grunn av sesong tre av Twin Peaks: The Return då me bingar sesong ein og to der eit større sagbruk, Douglasgrana og the Log Lady er sentrale i dette underfundige universet til David Lynch.

 

Log Lady:  I carry a log — yes. Is it funny to you? It is not to me. Behind all things are reasons. Reasons can even explain the absurd. Do we have the time to learn the reasons behind the human being’s varied behavior? I think not. Some take the time. Are they called detectives? Watch — and see what life teaches.

 

 

leaf JPG

Publisert i Gardsdrift | Skriv en kommentar

Det er ikkje håplaust, og vi gjev oss heller ikkje (Fritt etter Jan Erik Vold på Kvinnedagen 8. mars 2017)

Nina Simone ville bli klassisk pianist. Amy Beach kjende seg først og fremst som pianist, men ektemannen råda ho i frå det og vart komponist. Og kva med alle dei jentene og unge kvinnene som aldri fann ein utveg, ein omveg eller aldri fekk uttrykka seg slik dei eigentleg ville, hadde lyst til?

I dag vil eg minnast alle eposa, skodespela, romanane, dikta, filmane, musikken, måleria og all kunst som aldri fekk sjå dagens lys berre fordi ein ikkje trudde ei jente kunne ha talent, kapasitet og evner til å gjera slikt.

Lat framtida bli annleis, lysare, meir talentfull og meir mangfaldig enn før!

IMG_0244

 

 

Gratulera med dagen til alle!

       Takk til Anne Marie Midtbø

 

Biletet er teke på utstillinga Ikoner – en utställning om att få finnasFotografiska, Stockholm i april 2016

 

green-orange

Publisert i Kjerringliv, Litteraturkjerringa | Skriv en kommentar

«Stort og stygt» (Drama av Olaug Nilssen som for tida vert spelt på DNS)

Den siste laurdagen i januar 2017 vart teaterkveld for tenåringsdottera og meg. Me var publikum på DNS og såg oppsettinga til Alan Lucien Øyen av Olaugs Nilssens drama «Stort og Stygt» frå 2013. Stykket handlar om eit par som har ein funksjonshemma son og korleis naboane ser på dei, baksnakkar dei, dømer dei utan å kjenna dei, utan å vita, utan medkjensle, forståing og utan å rekkja fram ei hand. Slikt skjer også i sosialdemokratiske Noreg i dag der alle skal ha same rettar, verdiar og moglegheiter. Dette gjeld også for søsken og foreldre. Lite visste eg om kva for utfordringar og fordommar slike familiar står overfor. Dette krev si kvinne og sin mann, og difor er det så godt at me har forfattarar, dramatikarar og debattantar som Nilssen som set ord på livet for oss.

leaf JPG

Same laurdag skriv Andreas Wiese i BT eit debattinnlegg med tittelen «Mørket som varmer». Tittelen hans er også svært dekkjande for teateropplevinga vår av same drama. Me kjende også varmen frå «Stort og stygt» som på ingen måte var illusjon. I mørkret i Teaterkjellaren kunne me sjå ulike mørke sider ved oss menneske skildra med humor, ironi og sarkasme utan at det vart kaldt. Det i seg sjølv er eit stort kunststykke. Me lo ofte og mykje, men i låtten ligg også alvoret.

stortogstygt

Me har møtt mange englar opp gjennom åra som har gjort kvardagen vår god og nesten normal om det då skulle vera eit mål. Slike englar og mirakel finst, og dei er til enorm støtte med den konkrete hjelpa dei gir på ulikt vis og på ulike arenaer. På DNS laurdag var det likevel utruleg frigjerande å kunne le høgt av personar, formuleringar og opplevingar me har møtt og som fell inn under andre kategoriar enn englar og mirakel: Folk som vil belæra utan å lytta, utan å ha peiling eller medkjensle, ulike typar dårlege leiarar som tenkjer i kortsiktige perspektiv eller utan perspektiv og som berre vil ha ryggen klar og kryssa av i eit skjema, arbeidsgjevarar som korkje vil eller er i stand å leggja til rette og ja, lista er låtteleg lang.

IMG_0245

Likevel: Låtten, ironien, den svarte humoren og sarkasmen reinska oss. Og heilt mot slutten av Stort og stygt var det berre å gje seg ende over, opna alle sluser og halda fast i kvarandre heilt til skodespelarane forsvant og applausen var over og lyset sett på. Slik sat me, mor og dotter, i mørkret i lag med alle dei andre og kjende oss reinska i varmen frå Nilssens stykke og gjekk nylada ut or Teaterkjellaren, ut i den regntunge laurdagskvelden i Bergen. I bilen på veg heim kunne me snakka saman i mørkret om stykket, om livet, om døden, havet og kjærleiken. Me kjende oss frigjorde, men først og fremst takknemlege og heldige.

IMG_0240

Men Nilssens Stort og stygt kan ikkje reduserast til berre å vera for folk som har erfaring frå å leva med funksjonshemma. Nei, tematikken har ei mykje større rekkevidde enn som så og seier noko om kor lett det er å dømma og fordømma andre og andre sine liv. Wiese oppsummerer debattinnlegget sitt kring Stort og stygt med å trekkja fram einsemd  når ein hamnar i vanskelege situasjonar i livet og skriv:

Kanskje er ensomhet en av de sterkeste følelser man opplever når naturen har rammet med en blind, tilfeldig utfordring: Dette må noen leve med. Og noen ble deg. Da er det som det kan vokse opp en vegg mellom deg og alle de andre, de heldige. De som ikke er der du er. Da kan det være tungt når noen vil trøste eller muntre deg opp fra den andre siden av veggen, der hvor livet er annerledes.

Av og til er det masete når noen kommer inn og insisterer på å ville lyse opp. Av og til er alt vi trenger noen å dele mørket med. Noen vi vet vi kan stole på. Av og til finner vi det fellesskapet i teatersalens varme mørke.

Me som lever i dagens Noreg, der me går rundt og er så fulle av oss sjølve i jakta på lukka, det perfekte livet, smilet, kroppen og Gud veit kva, kan nok alle og ein kvar ha godt av å stikka innom Teaterkjellaren før Stort og stygt vert teke av plakaten i midten av mars.

Her kan du lesa portrettintervjuet av Nilssen i BT: Eg er ikkje ullukkeleg, eg er berre sliten.

IMG_0244

 

«Voggesong for ein bytting», Halldis Moren Vesaas

Bysse bytting stor og stygg

– sjå ikkje såleis på meg.

Eg skal ikkje slå deg, ver du trygg,

og ingen skal ta deg frå meg

Den andre kvarmanns gull der han er,

men du er hata av alle her,

så trengst det da visst at eg har deg kjær.

– No trur eg du endeleg sovnar…

IMG_0239

Bileta er tekne på utstillinga Ikoner – en utställning om att få finnasFotografiska, Stockholm i april 2016

Andre innlegg innan emnet:

Troll kan temmes

Prosasalmer

Et større vi

Refleksjonsnotat etter skrivekurs med Hanne Ørstavik

Sorgen og gleden

 

Publisert i Kjerringliv, Litteraturkjerringa | Skriv en kommentar

«D’e langt sør til Betlehem» (frå «Nordnorsk julesalme», T. Hoff)

Adventstida er høgtid for julekonsertar, og kjendisartistar reiser land og strand rundt. Her på garden tykkjer me best om dei lokale julekonsertane og prøver å få med oss nokre av desse kvart år. I år blei det julekonsert først med Radøy Damekor, så i Hordabø kyrkje og i kveld er det Bachs Juleoratorium i Nordhordlandskatedralen med lokale krefter og talent i sentrum som står for tur.

 

dalmalning

(http://swedishdalapaintings.blogspot.no/2012/02/swedish-kurbits-paintings.html)

 

I Sverige har dei Dalmålning der målarane ofte henta motiva frå Bibelen, men kler figurane i klede og folkedrakter som høyrer heime i Dalarna. Nettopp den lokale koloritten, det kjende og kjære i det store, vert ekstra viktig for oss i jula. Det er flott at kjente artistar syng julesongar og salmar. Men når Juleevangeliet og det store i julebodskapen vert fortolka og formidla av lokale kor, korps, musikarar og songarar, kjem det på eit vis nærmare og verkar meir ekte og sterkare, tykkjer no me.

 

img_7417

 

I tillegg er nok dei lokale kyrkjene også viktige for opplevinga då me alle har opplevd både store gleder og sorger i dei same kyrkjeromma. Kanskje er konsertane og framføringane ikkje perfekte. Men kvifor er Bottcellis «Venus fødsel» blitt så populær? Kanskje er det på grunn av den skeive, venstre armen og skuldra og ikkje den elles så perfekte og mjølkekvite ungjentekroppen?

 

 

img_7540

 

Dermed er sjølvsagt Prøysens «Julekveldsvisa» og Sandes «Det lyser i stille grender» populære i heimen. Men det er ein som kjem tilbake år etter år, og det er ein julesong laga av Robbie Robertson frå The Band. For mange år sidan var kjerringa på garden på konsert med The Band i Haugesund og fekk trommestikkene til Levon Helm etter konserten og likar difor ekstra godt versjonen dottera hans, Amy Helm, har av Christmas must be tonight.

 

img_7598

 

Men i år siglar Trygve Hoffs «Nordnorsk julesalme» opp som ein solid favoritt. Etter ein fantastisk sommarferie i Nord-Noreg med Sandsøya utanfor Harstad som base for store naturopplevingar i alt frå Lofoten-området til Harstad og Tromsø, kjenner ein klumpen vekse i halsen når Nordnorsk julesalme vert spelt og tenkjer på den nordnorske gjesfridomen hjår Ragnhild og Torbjørn på vakre Sandsøya.

 

img_7585 img_7584 img_7564

 

 

Såleis ønskjer store og små på Basthaugen Gard dykk alle ei fredeleg og roleg jul!

 

img_7600

 

 

Nordnorsk Julesalme (Trygve Hoff)

Velsigna du dag over fjordan. Velsigna du lys over land. Velsigna de evige ordan om håp og ei utstrakt hand. Verg dette lille du gav oss den dagen du fløtta oss hit. Så vi kjenne du aldri vil la oss forkomme i armod og slit.

Vi levde med hua i handa men hadde så sterk ei tru. Og ett har vi visserlig sanna: Vi e hardhausa vi, som du. Nå har vi den hardaste ria, vi slit med å karre oss frem mot lyset og adventstida, d’e langt sør te Betlehem. Guds fred over fjellet og åsen. La det gro der vi bygge og bor.

Guds fred over dyran på båsen og ei frossen og karrig jord. Du ser oss i mørketids landet, du signe med evige ord. Husan og fjellet og vannet og folket som leve her nord.

green-orange

Publisert i Kjerringliv | Skriv en kommentar

«Skal landet gro att? Korleis berge norsk landbruk?» Siri Helle, 2015

 

gubben_og_gamlaDet er no vel to år sidan svartfjesa kom til Basthaugen gard. Dei kom samstundes med at kjerringa på garden var i gang med agronomutdanning for vaksne på Stend. Det er godt med teori, men det er i praksis ein får brynt seg og kjent på kva det faktisk inneber å driva med jord og husdyr. Då er det godt at kjerringa har ein dreng, som gubben kallar seg for, å stø seg på.

leaf

Det er ikkje utan grunn at lemminga vert kalla for vårens vakraste eventyr og me gler oss allereie! For kva er vel vakrare enn desse lamma som er så fulle av sprett og glede på dei lysegrøne bøane om våren? Og svartfjesmødrene greier dette på eiga hand og takk og lov for det!

img_7179

Me har ikkje hatt ambisjonar om stort sauefjøs, silo, Fendt og fancy maskiner. For oss handlar det om å ta tilbake litt av det som har vore her i hundrevis av år. Redda det me kan av kulturlandskapet med hjelp av utegangarane og motorsag, redda det me kan av gamal kunnskap om gardsdrifta på garden, redda det me kan av den gamle grindverksløa og korleis ho vart brukt. Fleire gonger har det slått oss kor fort taus kunnskap går i gløymeboka og kulturlandskap gror att.

img_7135

Det vert sagt at born i metropolar ikkje veit kva markblomar er for noko. Det er me glade for at våre born veit og at dei også får med seg litt om husdyr og kjøtproduksjon. Og med husdyr på garden kjem me også tettare inn på livet og døden, glede og sorg.

Ikkje alle i heimen tykte det var fornuft i denne tanken då me vaksne forklarte at det var lamma me no serverte til middag. Og me vaksne har lært oss å verdsetja produksjonsprosessen frå påsett til lemming, sommarbeite og slakting om hausten. Både gubben og gamla et no i alle høve kjøtet med større respekt enn tidlegare og tenkjer annleis om natur, jordbruk og menneske enn kva me tenkte tidlegare.

IMG_6337

I skrivande stund er to sesongar over. Av alle ting har kjerringa også blitt agronom, men ho er framleis grådig god på å analysera sauens psykologi i følgje einskilde andre på garden. Sauens kjensler og psykologi var ikkje pensum på Stend. I staden stod mellom anna karbonkretslaup, husdyrhald, avl, økologisk landbruk, økonomi, kulturminne, traktor og maskiner på timeplanen på helgesamlingane over to år. Oppgåver vart leverte inn og så var det berre å kasta seg over eksamenane i motorsag, veding, husdyrhald, dekningsbidrag og ammekyr, økologisk sauehald og fôrplan og finna avlsoksar utfirå ei ekstern bedømming av ei tildelt kyr i fjøset på Stend. Og til slutt kom vitnemålet på at studiet er gjennomført og bestått. Du verda så stolt kjerringa er, men så full av respekt for alt ho veit ho ikkje kan. Det var no ho skulle ha byrja.vitnemal_agronom

Slikt påfyll og slike vegval fører til at ein prioriterer annleis, også i val av litteratur. På nattbordet mitt ligg det no ei bok som har vore i vinden i det siste: James Rebanks Sauebondens liv. Fortellinger fra den engelske landsbygden. Sjølv om boka  ikkje er like dampande og heit som den islandske Svar på brev frå Helga, er boka likevel interessant i høve til kunnskap, makt og sosial klasse.

For oss er det inspirerande å lesa bøker med tankar me sjølve går rundt med. Det einaste er at me skulle ha oppdaga dette livet nokre tiår tidlegare, men det er faktisk aldri for seint.

hesjing_hilda_edelogingvard

Planlegg du for eit år, plantar du korn.

Planlegg du for eit liv, plantar du eit tre.

Planlegg du for æva, lærer du folk å dyrke.

Kinesisk ordtak og føreord i boka til Siri Helle

 

green-orange

 

 

 

 

Publisert i Gardsdrift, Kjerringliv, Litteraturkjerringa | Skriv en kommentar

«Brutale overgrep – mot hvem?»- Sarkastisk svar til Helga Bruns artikkel i Morgenbladet, oktober 2016

Psykolog og mor til eit barn med autisme, Helga Brun, har svart på den sterke artikkelen Elin Ørjasæter nyleg hadde Morgenbladet om korleis det kan vera å ha søsken med ein autsmediagnose. Dette er sterk kost. Men denne stemma er likevel viktig, som mellom anna forfattar, debattant og mor til eit barn med autisme, Olaug Nilssen, også peikar på når ho mellom anna kommenterer dette på fjesboksida si. Me kjenner også eit sterkt behov for ytra oss no, så her kjem det:

green-orange

Søsken til born med funksjonshemmingar kjem naturleg nok i skuggen. Foreldre nyttar av heilt opplagte årsaker meir tid på den funksjonshemma enn på den såkalla normale. Mykje av tida foreldre kunne ha nytta på konstruktivt vis, nyttar også mange dessverre til unødvendig og, for oss, uforståeleg byråkrati. Og kva med dei som ikkje kan eller orkar å få til dialog og fremja rettar dei meiner borna deira har?

Då er det så godt at me har Helga Brun og at Helga Brun tek pennen fatt! Før me går vidare vil me, med omlag 14 års erfaring frå eit slikt liv, likevel understreka at det faktisk er flott at det er mogeleg at det finst ein familie med slik bakgrunn som berre har ei gladhistorie å formidla. Det er bra! Det er flott! Det er fantastisk! Dette innber at ikkje berre alt i familien Brun fungerer perfekt, men også alt rundt dei fungerer optimalt og perfekt som til dømes alle etatar i kommunen, skulen, fylkeskommunen og lokalsamfunnet familien Brun bur i. Dette er verkeleg ei gladhistorie og fortener å komma som innslag i Lørdagsrevyen, God morgon, Noreg eller som helgekos i eit av magasinbilaga til dei større avisene. Gjerne ein kjendisfamile med slik erfaring og helst stilla ut barnet sitt i beste sendetid slik Lars Amund Vaage fekk tilbod om. Då han takka nei, fekk han ikkje koma i rampelyset. 

Mannen min og eg har aldri høyrt ei slik, ja unnskyld oss, glansa historie som Helga Brun fortel. Tvert imot. Det er alltid utfordringar som kan ta ekstra på den eine og den andre, og det er ikkje alltid at det er forståing å få. I tillegg skal ein jo leva eit liv, gå på jobb, ha fritid, og ja, alt det kvardag og fest inneber. Me trur ikkje at Helga Brun og andre er onde eller slemme, men det manglar rett og slett på kunnskap, forståing og innsikt for den andre og dei andre. Og det som fungerer for nokon, fungerer faktisk ikkje for andre, fordi ingen er like, heller ikkje autistar og behova til familiane deira.

Ein gong i tida hadde ikkje me heller denne livserfaringa og skjønar at ikkje alle kan skjøna korleis eit slikt liv kan vera. Men det verste er når folk som ikkje har slik livserfaring, men har studert og lese ei og anna bok om emnet, møtt eit slikt menneske ei stund eller i ein periode, trur at dei veit korleis det eigentleg er. Ingenting er nesten verre enn desse, spør du oss. Om du skulle lura, ta heller kontakt, lytt og legg til rette for dialog og individuell tilpassing. Difor er det så uforståeleg, at Helga Brun, med den erfaringa ho har, ikkje forstår at ingen er like og at ein ikkje lever i eit vakuum.

Me er takknemlege for dei borna me har, all lærdom og glede me har fått og veit at me vil få i framtida.  Det vil me faktisk ikkje vera forutan. Men ein skal ikkje kimsa av dei ekstra utfordringane desse borna, søsken og familiane møter i møte med samfunnet. Ein skal sanneleg vera frisk, oppgåande og konstant opplada for å ha funkjsonshemma born, gitt.

Men etter å ha lese Bruns artikkel tenkjer me at me kanskje berre bur på feil stad? Kanskje me rett og slett ikkje er gode nok foreldre til nokon av borna våre? Eller kanskje me berre bur på feil klode? Men alt må prøvast: Då, Helga Brun, ringjer me kommunen vår måndag om BPA og så ordnar nok alt seg!

Om ikkje, skal me nok svara Helga Brun som sit på fasiten.

 

Her kan du lesa Bruns artikkel. Men den er faktisk sterkare kost enn Ørajasæters som du finn her.

Færøvatnet

Færøvatnet

Publisert i Kjerringliv | 2 kommentarer

«Et større vi» av Geir Lippestad, 2016 (I høve TV-aksjonen 2016)

Lat Tybring-Gjedde vera Tybring-Gjedde! TV-askjonen skal redda liv og gi omfattande helsehjelp til nokon av dei mest sårbare i verda. I dag har me alle eit høve til å sjå oss sjølve og vårt i eit litt større perspektiv.

green-orange

Det gjer også me her på Basthaugen Gard. Me har lært utruleg mykje av Halvor som har mykje å gi til andre nettopp fordi han fell utanfor normalen. I førebuingane har han vore grundig og sett seg inn i kva som skjer ute i den store verda. Han oppdaterer oss på stoda i Mosul, Aleppo og Bagdad. I ettermiddag er han bøssebørar på Mjøs og Nordanger i høve TV-saksjonen 2016 og er med på å gjera ein skilnad.

I mange land har ikkje funksjonshemma rettar, pliktar og moglegheiter slik som dei i prinsippet har her i Noreg. I kvardagen kan me oppleva at det sjølv i dag kan vera mange fordommar, at normalomgrepet stadig vert snevrare og at byråkrati og tenester kan vera prinsipporienterte i staden for brukarorienterte. Men dei funskjonshemma og familiane deira har likevel eit vern i lover og reglar dersom dei orkar og har krefter til å halda ut slike prosessar som garantert dukkar opp med slike born og unge.

I boka «Et større vi. Til forsvar for livet» reflekterer Geir Lippestad over menneskeverdet i dagens Noreg, rasehygienetankane og -teoriane og kva for praktiske konsekvensar bioteknologilova har og kan få i framtida med tanke på utvelging og utsjalting av menneske. Forfedranene hans var med å etablera Emma Hjorts Hjem i Bærum,  og han skriv dette: «Mine forfedre lot altså de mest hjelpetrengende barna bo på en av hovestadens praktgårder. Ikke fordi det var synd på dem, men fordi barna var viktige i seg selv. Ved at livet deres ble gitt verdige rammer, fikk de samme verdighet som alle andre menneseker.»

Nokon av dei mest sårbare i verda er kvinner, barn og funskjsonshemma på flukt. Uansett kor vanskeleg me kan oppleva kvardagen, er det ingenting mot kva desse sårbare gruppenen på flukt opplever kvardagen og livet. Gjer ein skilnad, og gjer Noreg til rausare land!

 

IMG_2516

 

Publisert i Kjerringliv | Skriv en kommentar

LIVSYOGAKURS HAUSTEN 2016

livsyoga logo

 

Yogakjerringa ønskjer både nye nye og gamle deltakarar hjarteleg velkomne til livsyogakurs!

Hovudfokus vil vera på rygg, pust og meditasjon. Om du har tid og lyst, kan du lesa om min veg inn i yogaens verd her.

Bindande påmelding til yogakjerringa@gmail.com, melding på fjesbok eller  995 37 852 innan 13. oktober

 

kriasat

Kursstad: Nordanger Grendahus 

Tidspunkt: 1900 til 2100 (2 timar)

Torsdag 20.10

Torsdag 27.10

Torsdag 03.11

Torsdag 17.11

Torsdag 24.11

Torsdag 01.12

Pris: 1200 (6 x 2 timar)

Avspenning

Informasjon om kursrekkja:

Du kan komma og ha ei stille stund i frå ein halv time før kursstart. Etter kursslutt er det alltid tid for deling og spørsmål for dei som har tid og lyst til å dela opplevingar og erfaringar. Du kan også få servert te. Kursleiar deler også ut kursmateriale som til dømes yogapass, meditasjonar, mentale teknikkar, musikk, forslag til kroppslege og mentale øvingar og liknande med kursdeltakaren eller andre ønskjer du har. Kursleiar kan også gje deg individuell rettleiing, råd og oppfølging om du ønskjer det. Ta med liggjeunderlag, teppe og vassflaske!

 

Kva er Livsyoga?

Livsyoga har røtene sine i kundaliniyoga som er ei dynamisk og kraftfull grein på det store yogatreet. Gründaren av Livsyoga, Tomas Frankell, koplar yogapassa og meditasjonan i kundaliniyoga med vestlege og nordiske mentale teknikkar som er tilpassa våre liv .

Kven kan utøva livsyoga?

Dette er ei yogaform for dei aller fleste uansett alder, kjønn og fysisk form.  Ein kan alltid tilpassa yogaøvingane i Livsyoga etter behova dine og dagsforma di. Det er også lov å sitja på stol!

Om Livsyogalæraren:

Mona Steiner Brekkan (45) er sertifisert som Internasjonal Livsyogalærar i Stockholm  (2011-2012).  Livsyogautdanninga i Stockholm er i regi av innføraren av kundaliniyoga og gründaren av Livsyoga i Sverige og Skandinavia, Tomas Frankell.

 

bw

Publisert i Kurs, Livsyoga, Ukategorisert | Skriv en kommentar