Kategoriarkiv: Litteraturkjerringa

«Menneske kan drøyme store draumar på små puter” (frå romanen «Svar på brev frå Helga» av Bergsveinn Birgisson, 2010)

Det er utruleg kjekt å blogga når ein byrjar å få respons. Det er jo ikkje sjølvsagt at ei litteratur- gards- og yogakjerring på 40+ som bloggar om livet ho har i Bygde-Noreg på nynorsk, i det heile teke skal … Les videre

Publisert i Gardsdrift, Kjerringliv, Litteraturkjerringa, Uncategorized | 4 kommentarer

Innovasjon Norge støttar Basthaugen gard

Innovasjon Norge støttar no Basthaugen gard gjennom etablerartilskot. Tilskotet skal nyttast til å vidareutvikla forretningsidéen, produktuvikling og marknadsplan. Dette set me stor pris på og er allereie godt i gang med å vidareutvikla draumane våre, no altså med støtte frå … Les videre

Publisert i Gardsdrift, Litteraturkjerringa | Skriv en kommentar

“A happy man has no past, while an unhappy man has nothing else” (frå «The Narrow Road To The Deep North» av Richard Flanagan, 2014)

I haust har litteraturen eg har lest, vore faglitteratur hovudsakleg  knytt til agronomutdanninga på Stend. På nattbordet ligg det haugar med lærebøker om det eine og det andre som skal, bør og må lesast for å vera budd til samlingar … Les videre

Publisert i Litteraturkjerringa | Skriv en kommentar

«L’invitation au voyage» (Dikt frå «Fleurs du Mal» av Charles Baudelaire)

Det er nok mange som har hatt behov for ei furtebu og noko til å sløva ned sansar og kjensler med i sommar for å døyva all lukka og moroa som mange krev av ein i denne lukketida me no … Les videre

Publisert i Kjerring på tur, Kjerringliv, Litteraturkjerringa | Skriv en kommentar

«Eg er grana, mørk og stur» («Norsk Kjærleikssong» av Tor Jonsson)

Eit nytt, lite steg mot draumane våre: To tømmerhoggarar i skogen bak grindverksløa vår som feller den eine sitkagrana etter den andre. Og ei ny, barnsleg glede vart oppdaga: Ein indre jubel då granene for i bakken under den fotografiske … Les videre

Publisert i Gardsdrift, Litteraturkjerringa, Yogakjerringa | Skriv en kommentar

«Good fences make good neighbors.» (frå «Mending Wall», «North of Boston»  (1914) av Robert Frost)

Det er mangt og mykje ein må læra seg når ein vil rusta opp eit gamalt småbruk. Fram til no har det vore mykje skrive- og papirarbeid, lesing av dokument på dokument, tankearbeid, skriving av søknader, vurderingar og diskusjonar for … Les videre

Publisert i Gardsdrift, Litteraturkjerringa, Livsyoga | Skriv en kommentar

«Til fjells» av Olav Nygard

Eg elskar ord, men til tider strekk i alle fall ikkje orda mine til. Då er det betre å bruka andre sine ord, stikkord eller titlar og ikkje minst bilete om det er fotografi eller måleri.  Dermed vert det no … Les videre

Publisert i Kjerring på tur, Litteraturkjerringa | Skriv en kommentar

«London»

Eg sit i ein London-taxi midt på natta med koffertar og ungar tettpakka kring meg på veg frå Terminal 5 på Heathrow. Tre småjenter og to kvinner ser Londons monument gjennom dogg og regn, og vestlendingen opplever at regn er … Les videre

Publisert i Kjerring på tur, Kjerringliv, Litteraturkjerringa | Skriv en kommentar

«Love is in the air» (versjonen til John Paul Young frå plata med same tittel, 1978)

Førre helg gifta den eldste nevøen min seg, og det var stor stas for store og små å få koma i bryllaup i Stavanger. Då me kom til Haugalandet, kom himmel og hav i mot oss der me suste gjennom … Les videre

Publisert i Kjerringliv, Litteraturkjerringa | Skriv en kommentar

«Il faut cultiver notre jardin» (frå «Candide», Voltaire)

I dag tidleg vakna eg i eit nydleg nederlandsk hus attmed ein kanal i Rijswijk, Den Haag etter flotte dagar som turist i lag med radveringar og venner som no er Expats i Nederland. Me har fått opplevd nye stadar, … Les videre

Publisert i Litteraturkjerringa, Yogakjerringa | Skriv en kommentar