Kjerringa mot straumen (Agronom in spe, del 2)

I Noreg eksploderer søknaden til landbruk- og gartnarnæringa i vaksenopplæringa. Dette tyder på at fleire og fleire vaksne etterkvart vel ein annan livsstil enn den rådande i olje- og gassnasjonen Noreg. Kanskje dette er starten på ei  endring av verdiane i vår unike og materielle hjørne av verda?

cropped-basthaugen-fremside-raud1.jpg

At eg skulle vera den som tok over familiegarden og i midten av 40-åra skulle hamna opp på agronomutdanning, hadde no i alle fall ikkje eg trudd då eg i min ungdom søkte det urbane og aller helst metropolar i det store utland. Eg kjenner berre at eg er utruleg takksam over at livet kunne ta ei slik vending og at familiegarden ikkje var selt før attpåklatten var moden og klar nok.

Eg skal på ingen måte påstå at korkje gubben eller eg er Guds gåve til landbruksnæringa då me mildt sagt har liten praksis. Men ingen skal seia noko på innsatsviljen,  engasjementet og viljen til å søkja kunnskap og få råd frå erfarne fjellfolk. Nitten sauer på sommarbeite er heller ikkje så mykje å skryta av, men for eit år sidan var det 0, null, etter at garden meir eller mindre har vore nede i nesten i eit halvt hundreår og pakta bort.

I fjor haust kom eg altså inn som nettagronom på Stend i lag med 14 andre vaksne søkjarar. Det var kring 50 søkjarar til 14 plassar.  Eg hadde ikkje store trua på meg sjølv og på at eg ville komma inn. Men berre etter tre dagar fekk eg klarsignal om at eg var teken opp. Etter første samlinga forstod eg verkeleg at eg hadde vunne i lotto etter å ha møtt medelevar, lærarar og fått ein introduksjon til pensum. Og du verda kor mykje relevant, nyttig  lærdom me har fått takka vera undervisning og nettverket på Stend.

IMG_6337

Livets gang og naturen kjem inn i liva vore på eit heilt anna vis enn tidlegare, og nye tankar kring livet, døden og kva som eigentleg er eit godt liv veks fram. No er det også berre slakteperioden som står att for oss, før me har vore gjennom heile årshjulet for første gong. Ja, kjerringa har vore nervøs og bekymra ein del gonger gjennom året, og ho var særleg frynsete i forkant av lemminga. Og gubben har endeleg funne si form for meditasjon: Gjerding.

Dette siste året har eg kjent ei stor glede og lukke gjennom å arbeida ute på bøane i lag med gubben. Det kan ha vore arbeid med sauene, gjerding eller rydding av løa, medan me har diskutert viktige tema som sauehald, beite, gjerding, gjødsling og andre emne eg ein gong i tida brydde meg katten om. Då me tidleg i mai fant eit av dei største vêrlamma plutseleg daud på austre bøen, gjekk me ut att  etter kveldsmaten og tok til med å laga ei ny innhegning som fekk oss vidare. Men seinare denne kvelden kunne eg likevel kjenna på ei god og varm kjensle veksa innanifrå og kjenna at dagen likevel vart ein dag eg vil kunna minnast med eit positivt forteikn trass i det flotte lammet me mista.
IMG_6263

Det var i siste liten for meg. Sjølvsagt skulle eg ha ønska at eg hadde vore yngre då eg oppdaga gledene ved husdyrhald og gardsdrift. Men me må ta utgangspunkt i kvar me er og få garden sakte men sikkert på fote att i takt med at kunnskapen vår om gardsdrift og husdyrhald veks. Eg har erfart kor vanskeleg det er å læra seg om landbruk og husdyrhald når ein er godt vaksen og  ikkje har praksis eller fått overlevert kunnskap i tidleg alder slik at han sit i ryggmargen. Men då er det bra at ein ikkje likar heilt å gå i flokk, eller som nokon hardnakka påstår, at ein er like sta og eigenrådig  som kjerringa mot straumen

jpg-farger-basthaugen-logo

 

 

 

Del gjerne innlegget med ditt nettverk! Takk!
Tweet about this on TwitterShare on FacebookEmail this to someoneShare on LinkedIn
Dette innlegget ble publisert i Gardsdrift. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *