Agronom in spe, del 3

At jord ikkje er jord, fant eg ut allereie etter den første nettagronomsamlinga på vg2 på Stend i fjor haust. Men det stoppar ikkje her, skal du vita. Nei, no har humanisten lært at bær sjølvsagt eigentlig ikkje er bær heller… 

IMG_6449

På den aller første samlinga vår leia læraren oss i flokk kring heile Stend slik at me fekk eit svært godt inntrykk av eigedomane til og produksjonen på Stend vidaregåande skule. Me fekk også eit grundig innblikk i kor komplisert og viktig jord og jordsmonn er. Og sjølvsagt må jord stå heilt sentralt på timeplanen då jord utgjer grunnlaget for det faget eg no skulle til å læra om. Men etterkvart vart eg svolten, og eg såg ein av dei andre agronomane ty til surblad i smug. Me var alt for blyge på denne aller første samlinga til å spørja om pausar og slikt, og me fekk difor ikkje vitja kantina og toaletta på Stend denne dagen. Til slutt fekk me no noko innabords likevel, men ikkje heilt det me kunne ha tenkt oss. Heile gjengen var så svoltne at me gladeleg smaka på jorda då læraren entusiastisk spadde opp ein særleg type jord og bad oss smaka på ho. (Dette kan du lesa meir grundig om i innlegge «Agronom in spe, del 1» om du har tid og lyst til slikt)

Vg3 har heldigvis starta med noko som det er meir smak på og som er meir eteleg: nemleg bær og økologiske grønsaker. Og vart eg og medelevar svoltne på ekskursjonane, var det berre å forsyna seg av markens grøde. Men no er me blitt så husvarme at me ikkje lenger kvir oss for å spørja om pausar og liknande. Eg må innrømma at eg likar bær og grønsaker betre enn jord. Men ting vert ikkje mindre komplisert: For bær er heller ikkje bær, og ei heller jordbæra og jordbæra frå Tellevikflaten gard på Ask som me vitja ein kald og fuktig oktoberdag.

IMG_6452

Nei, bær er ikkje bær. I følgje læreboka er jordbær (Fragaria X ananassa) botanisk ein oppsvulma blomebotn som høyrer til rosefamilien der planta er fleirårig og urteaktig. I Store Norske Leksikon står det at «Bær er frukter som ofte har mange frø og hvor frøene oftest er inne i fruktkjøttet.» Store Norske hevdar at i botanikken snakkar ein om bær som ein av fire typar frukt: Bær, nøtter, belgfrukt og steinfrukt der bær nesten alltid har mange frø. I dagleg tale, nyttar me «bær» om fleire frukter som ikkje er bær slik botanikken ser det: Til dømes er bringe- og bjørnebær steinfrukt og jordbær vert kalla for uekte frukt, fordi frukta vert danna av noko anna enn fruktknuten. Agropub peikar på at den eigentlege frukta til jordbæra er frøa.

Nei, lett skal det ikkje vera. Men det er jo bra at ein lærer så lenge ein lever!

 

green-orange

 

Del gjerne innlegget med ditt nettverk! Takk!
Tweet about this on TwitterShare on FacebookEmail this to someoneShare on LinkedIn
Dette innlegget ble publisert i Gardsdrift. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *