«Tung tids tale» (Haldis Moren Vesaas)

Då eg i mai heldt 17. mai tale i Hordabøhallen, valde eg til slutt å la temaet for talen dreia seg kring det å vera flyktning då eg kjende at dette meinte eg faktisk noko om.  Eg fattar ikkje at eg våga det. Men då trøysta eg meg med at det verste som kunne skje denne kjerringa, var om talen vart tannlaus. I talen konkluderte eg med at oljenasjonen Noreg burde kunna vera i stand til å ta imot fleire flyktningar enn dei det var tale om på den tida. Eit halvt år seinare er desse tala låtteleg låge i høve til dei store tala me faktisk står overfor i dag, og me har ikkje oversikt i det heile enno.

Untitled-1

I den siste tida har det vore heftige diskusjonar, eller kanskje eigentleg kranglar. I media og i diverse sosiale media er det steile frontar mellom dei som meiner dei har fått merkelappen «rasist» og dei som meiner dei har fått merkelappen «landsvikar» i og med at verda har kome  til Noreg og Bygde-Noreg. Er det slik no at frendar og famile  vert fiendar… Eg meiner absolutt ikkje at den enorme auken i asylantar og flyktningar er uproblematisk. Som svært mange andre, har eg mange spørsmål  kring dette og tykkjer at det rett og slett er ei svært kompleks sak.

I tillegg arbeider eg med flyktningar og opplever flyktningstraumen med blikket som lærar og NAV-tilsett. Og det er nok slik at eg og dei andre norske som arbeider med denne gruppa, utgjer dei få norske samtalepartnarane flyktningane faktisk har. Og me er på jobb, og eg får sjølvsagt betaling for jobben slik at det no er sagt. Men eg trur eigentleg at me veit at det alltid er minst to sider av ei sak og at det ikkje er tale om noko svart-kvitt og quick-fix når det er tale om menneske, og i alle fall ikkje når det er tale om menneske på flukt.

Oppi alt kaoset som no har kome til oss, er det i alle fall for meg blitt viktig ikkje å setja meg sjølv i ein bås, men heller ikkje plassera andre i båsar. Eg tykkjer at det har blitt svært vanskeleg å ytra seg utan å bli plassert i bås. Etter mi meining er media og nett-trolla hovudårska til dette, ikkje meinigmann. Eg lengtar etter grundige og høvelege diskusjonar med relevante argument basert på fakta. Dette har det vore lite av. Det er heller klipp og lim utan kjeldekritikk som har fått dominera.

Visjonar og mål er viktige for alle menneske, trur eg. Og eg ønskjer å gå mot adventstida der tru, håp og kjærleik er rettesnor for korleis eg skal møta andre menneske på min veg uansett kven det måtte vera, på jobb eller privat. Eg kjem sjølvsagt ikkje å lukkast med dette, men det er ein visjon, ei rettesnor. Eg er absolutt ikkje eit prakteksemplar av rasen homo sapiens då eg har eit stort ego, er engsteleg og har redsler og lyster som lett kan føra meg på ville vegar i møte med folk om dei er strilar eller framandfolk.

For tida framover ønskjer eg meg mest av alt at alt det gode i meg skal sigra over det vonde. Bakgrunnen for at eg skreiv denne vesle teksten, er også at eg plutseleg kom på mange av verselinjene i diktet «Tung tids tale» av ein av favorittpoetane min, nemleg Haldis Moren Vesaas. Eg tenkjer at diktet ikkje kom heilt tilfeldig til meg. Eg trur diktet er ei påminning og ei trøyst til meg når eg skulle kjenna på at det som skjer rundt meg skulle virka for stort og for tungt.

 

Tung tids tale

 

Det heiter ikkje: eg – no lenger.

Heretter heiter det: vi.

Eig du lykka så er ho ikkje lenger

berre di.

Alt det som bror din kan ta imot

av lykka di, må du gi.

 

Alt du kan løfte av børa til bror din,

Må du ta på deg.

Det er mange ikring deg som frys,

ver du eit bål, strål varme ifrå deg!

 

Hender finn hender, herd stør herd,

barm slår varmt imot barm.

Det hjelper da litt, nokre få forfrosne

at du er varm!

 

 

jpg-farger-basthaugen-logo

 

 

Del gjerne innlegget med ditt nettverk! Takk!
Tweet about this on TwitterShare on FacebookEmail this to someoneShare on LinkedIn
Dette innlegget ble publisert i Kjerringliv. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *