«En god samvittighet» (Alexander Kielland) Del 1, første helga i advent 2015.

Simba er det nye firbeinte medlemmet i familien. Han kom til oss seint i august då kjerringa meinte me lika godt kunne adoptera ein vaksen katt i staden for ein nusseleg liten kattunge. Såleis kunne ho jo også få litt betre samvit. Naboane hadde jo fiksa dette og teke til seg ikkje mindre enn to vaksne kattar frå Dyrebeskyttelesen. Nei, dette måtte jo kunna gå knirkefritt for oss også! Tenk, så feil ein kan ta!

simba

Simba kom ein torsdagskveld til gards. Men før me visste ordet av det, hadde han gøymt seg lengst inne i kjellaren der me har stua ting frå golv til tak og som sjølvsagt skal tømmast og ryddast til våren. Etter mykje om og men fekk me no til slutt tak i han. Kjerringa lovprisa katten for kor grei han var: Han korkje klorte eller beit då ho fanga han trass i at han var livredd.

Familierådet gjorde eit hastevedtak og sende han i asyl på søre lemmen eller soverommet til dei vaksne i huset. Me bar han opp og sette inn mat, vatn og ein liten kattedo. Lite ana me kor lenge soverommet vårt skulle verta okkupert av hankatten Simba og verta omgjort til akuttmotak. Men meir viktig enn dette er kva som skjer grytidleg morgonen etter.

Og her er måleriet: Ho mor ligg enno  i senga med katten, og gubben er gått i dusjen. Simba ligg der ved sidan av ho og mel og stryk seg. Men ein annan rutine om morgonane er at hundane vert slepte  inn til kjerringa for litt kos før eg står opp. Trass i åtvaringar om skilnaden på hund og katt og særleg skilnaden på hund og vettskremt hannkatt, greidde likevel den eine Mittelspitzen å komma seg gjennom alle murar, inn på rommet og opp i senga. Så står hunden der, blid og nøgd, med tunga ute og glisar slik som hunden i teikneserien Pusur. Idyllen vert på ein tiendelssekund gjort om til eit lite helvete på jord:

Simba vert så sjokka at han brukar brystet til kjerringa som klorematte og tommel, peikefinger og venstrearm som bitering før han spinn over det venstre låret med absolutt alle klørne ute før han heng etter klørne i vindaugskarmen høgt oppe og langt frå hunden som står svært forvirra att på same stad i senga. Kjerringa går i svima ned frå lemmen, får ringt legevakt, skremmer ungar og endar opp på legevakta i Knarvik med stivkrampesrpøyte og ein antibiotikakur, får full pakke før klokka er 0830.

Du trur kanskje at forteljinga er over. Men nei du, fredagskvelden ei veke seinare, har kjerringa vore så lur å teke katten ut av asylmottaket på søre lemmen og ned i stova. Då me skal leggja oss, ber ho Simba opp att. Men så skvett han til –  igjen –  då ei gamal, knirkande dør plutseleg fyk opp med bulder og brak. Igjen vert kjerringa klorematte og bitering for det som no vert til &#§ katten og ho drit loddrett i det gode samvitet.

Men det var berre til å kle på seg att, ta med ungar og køyra til legevakta atter ein gong. Noko pinleg tykte no kjerringa. Legen ga kjerringa ein endå kraftigare antibiotikakur denne gongen, men ho slapp heldigvis unna ein ny omgang med stivkrampesprøyte. Til slutt avsluttar legen med nokre alvorsord og seier at kanskje katten heime nok er den som har mest trong for hjelp og ikkje minst ei tilvising til psykiater og ein runde med psykoterapi.

Kjerringa har halde god avstand sidan. Men ho trur legen har rett. Då ho kjøpte eit nytt lodden teppe, fekk Simba eit spesielt tilhøve til teppet: Han legg øyrene bakover, bit i teppet medan han både freser og mel på same tid…

jpg-farger-basthaugen-logo

Del gjerne innlegget med ditt nettverk! Takk!
Tweet about this on TwitterShare on FacebookEmail this to someoneShare on LinkedIn
Dette innlegget ble publisert i Kjerringliv. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *