«En god samvittighet» (Alexander Kielland) Del 2 andre helga i Advent 2015.

Forspel: 

Teksten under er publisert 19. mai 2014 då landbruksminister Listhaug hadde brusa med fjæra, rasla med sablane og bøndene reiste til Oslo. Men teksten er dessverre like relevant etter at Listhaug no har applaudert priskrigen til kjedebutikkane. I ei av avisene eg las, argumenterte ministeren med at dette jo var bra for dei fattige og sånn: Priskrigen fører jo til billeg julemat. Trøyste og bære, skreik no eg ut!  Og trudde eg las feil. Sidan eg las dette, har eg håpa på at Listhaug plutseleg vaknar opp og orsakar seg overfor heile Noreg, men særleg overfor dei fattige, med at dette var uttala i skikkeleg bakrus etter julebordet til FrP.  Dessverre trur eg dette var sagt i fullt alvor, pengane skal styra absolutt alt og er det ein set høgst av alt.  Slik vert Noreg no styrt av Frp i lag med eit tafatt og svært så mørkeblått Høgre. Kvar er sjuande far i Huset? Kvar er Kåre? Og kvar er Gro?

Det er ikkje berre du og eg som skal jobba for å ha godt samvit. Det skal også samfunnet streba etter og ikkje minst politikarane som me har valt. Eg trur faktisk mange med meg gler seg til neste Stortingsval og som ikkje kan venta med å spurta til urnene. Sjølv om FrP rasar fram på meiningsmålingane no når framandfrykta er på det største , er eg likevel  overtydd om at det faktisk er andre verdiar enn rein valuta som er viktige  for framtida til deg, meg og borna våre. Folk flest veit faktisk at lukka eigentleg handlar om gode relasjonar mellom menneske, korkje meir eller mindre. Men her kjem blogginnlegget som hadde følgjande tittel 19. mai 2014:

«Eg trur eg sakna småruta glas» («So som so», Hellbillies)

I desse dagar er det store protestar mot landbrukspolitikken til den noverande regjeringa, og eg må verkeleg seia at dette er eit emne som engasjerer meg meir og meir. Alt byrja med at mannen min og eg tok over heimegarden min for om lag tolv år sidan, fordi me ville byggja reir på landet og ha «…ei gamal stugu/med rutaglas og timravegg» eller rett og slett eit hus med sjel i. I tolv år har me jobba med å få vekk alt buskaset på innmarka vår som hadde fått lov til å veksa opp i dei siste 40 åra. Og løetaket, ja det er eit kapittel for seg… Men det er jo betre å vakna til seint enn aldri!

cropped-fremside-test-21.jpg

Tidleg på 2000-talet var me på biltur i Sverige og vart svært overraska over kor tilgrodd og forlatt den svenske landsbygda var.  I tillegg var mange gardsbygg i dårleg stand. Berre eit tiår etter er me her i Noreg i full fart med å nå søta bror att. Og snart er me vel betre enn dei på dette området også.

Då me overtok garden, hadde det ikkje vore drift sidan besteforeldra mine dreiv han. Og heldigvis gjorde me ikkje som mannen i Hellbillies-songen «So som so» og bygde nytt hus. Det var rett og slett ikkje snakk om. Me var fast bestemte på å restaurera Gamlahuset, det gamle våningshuset frå 1912, og hadde som mål å halda mest mogeleg på utsjånaden og stilen. Det er ikkje noko hemmlegheit at reint økonomisk ville det ha vore smartare å riva det ned å byggja nytt, men «Du kan fan ‘kji få kjøpt for peng/ei stugu slik som den, der minna heng/i timrestokka, golvplank og seng.» Slik er det også med prosjektet vårt kring å få sau til gards: Å halda kulturlandskapet ved like og vøla løa vil nærmast verta eit idealistisk prosjekt slik landbrukspolitikken ser ut til å bli no.

Attgroinga av eldgamle kulturlandskap går svært fort  i område med småbruk i Noreg  – og dei områda er det jo mange av i dette landet nettopp fordi store delar av naturen vår ikkje tillèt stordrift. I Dag og Tid las eg nyleg om den sitjande høgreregjeringa i Austerrike som rett og slett gjev stønad  til slike bruk også fordi dei er like viktige og verdifulle som dei store . Dermed er landbrukspolitkken til høgre-politikarane meir hetrogen med eit større mangfald av gardsbruk , og dei tek såleis også vare på dei mindre og tungdrivne gardsbruka i til dømes i Alpane. I tillegg får dei visstnok også støtte frå EU! Kva i all verda er det som gjer at høgrepolitikken i våre to land som er så like, likevel er så ulike?

Den vesle Vestlandsgarden vår ser ut til ikkje å falla innunder landbruk av den noverande, norske landbruksministeren. Og mangfald av gardsbruk er ikkje på agendaen. Å ta vare på verdiar som ikkje gjev utteljing i BNP, ser heller ikkje ut til å vera interessant. Me kjenner no uansett eit ansvar for garden vår og vil bruka tid, energi og pengar på å prøva å få dette vesle gardsbruket opp å gå. Me vil  at garden skal vera i drift slik som han har vore  i hundrevis av år og at me kan læra oss gamle tradisjonar og levera desse vidare. Men eg må jo innrømma at eg så gjerne skulle ha sendt Listhaug på ei studiereise til kollegaene og partifellene hennar i Austerrike!

Det er jo dumt om  Listhaug og Co skal få gjera som mannen i den tidlegare siterte Hellbillies-songen: Han sel sjela si til bykaren og «i tillegg fekk’n hjarta i pant». Men kor lenge var Adam i Paradis? I Nyahuset angrar mannen, og skal tru om ikkje Listhaug også  ein dag kjem til «å sakna småruta glas.»

 

jpg-farger-basthaugen-logo

 

Del gjerne innlegget med ditt nettverk! Takk!
Tweet about this on TwitterShare on FacebookEmail this to someoneShare on LinkedIn
Dette innlegget ble publisert i Gardsdrift, Kjerringliv. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *