«En god samvittighet» (Alexander Kielland) Del 3, tredje helga i advent 2015.

Å ha godt samvit handlar for meg også om å stella så godt med kropp og sjel som eg kan. Og for meg er det å gå på tur i den flotte naturen me har her på Radøy å slå to floger i ein smekk. Det er ikkje alltid det er like lett å komma seg over dørstokkmila for meg heller. Då hjelper det å ha to hundar som ikkje bryr som om kva for vêr det er, som er glade for tur uansett og som pushar meg med kjærleik ut døra.

cropped-IMG_1626-001.jpg

Før i tida gjekk eg medan eg lytta til musikk. Dette fekk ein brå slutt etter at eg i skumringa ein kveld for mange år sidan gjekk med iPod på full guffe. Farten var høg. Medan eg trykker på iPoden, krasjar eg i støypekanten, stupar over han, gjer salto i lufta og så ligg eg no på ein mosedott nokre centimer frå steinura i vasskanten. Då eg noko lettare sjokka reiste meg opp og lurte på kva som eigentleg hadde skjedd, såg eg ikkje mykje fordi brillene fauk av i svevet. Den nye iPoden til gubben var heller ikkje å sjå då eg er svært nærsynt. Då var det å gå i skodda heim att, bita i det sure eplet og fortelja kva som hadde hendt og få hjelp til å finna att både briller og iPod. Då me kom til åstaden, fekk faktisk gubben medkjensle med meg. Han kunne ikkje fatta og begripa at det einaste som hadde gått gale, var at briller og Ipod mangla. Men snart var desse også funne og alt var såre vel.

Som du sikkert forstår, vart det ein brå slutt med musikk på turane mine i skog og mark på Radøy. Det er eg faktisk veldig takknemleg for. For no får eg i staden ein god dose med stille tid som berre vert krydra med lydar frå naturen sjølv, og eg kjenner kor godt dette er for kvar einaste celle i kroppen min. Men denne rutina braut eg i går. Etter nokre veker med skikkeleg ruskevêr skein det opp. Eg lot førjulslaurdag vera førjulslaurdag og la turen til Nøttveitveten denne føremiddagen. Då hundane og eg kom til topps, fekk eg det føre meg at eg skulle sitja meg beint ned på benken og lytta til Ingebjørg Bratlands «På avstand».

Medan eg lytta til tekst og musikk der på benken ved varden, såg eg utover Manger og Radøy. Og det var så vakkert måleri som låg framom meg: Over Kvistefjellet låg det ei vakker kvit tåke som bølga seg kring fjellet, lufta var så rein og klar, sola skein på hav, på fjell og på bøane. Og alle husa på Manger var blitt til diamantar. Så sat eg no der og skua over Radøy og lytta til Ingebjørg Bratlands song. Pusten min var roleg, og eg kjende meg til stades i både kropp og sjel, retta opp ryggen og senka skuldrene.

Eit moderne menneske sat der på benken og kunne berre få vera til og var den einaste tilskodaren til det levande målarstykket ho heilt plutseleg hadde fått i gåve, og ho kjende tårer av glede sprengja seg ut og nedover kinna og kjende på kor godt det er å leva, å vera til.

 

 jpg-farger-basthaugen-logo

 

Del gjerne innlegget med ditt nettverk! Takk!
Tweet about this on TwitterShare on FacebookEmail this to someoneShare on LinkedIn
Dette innlegget ble publisert i Kjerring på tur. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *