«En god samvittighet» (Alexander Kielland) Del 4, fjerde helga i advent 2015.

Då eg var lita og det berre var ein TV- og radiokanal, var det fast tradisjon at Per Aabel las den uendeleg triste forteljinga «Piken med Svovelstikkene» kvar julaftan, trur eg det var. Eg hugsar godt første gongen eg høyrte han framføra denne mot slutten av 1970-talet, men  innhaldet i forteljinga og måten han framførte teksten gjorde inntrykk.

cropped-IMG_0334.jpg

Seinare gjekk det no slik at eg skulle verta svært så interessert i litteratur, så interessert at det vart faget mitt. Me har alle våre favorittar når det gjeld tekstar, songar og salmar me meiner skildrar vår oppleving av julebodskapen best. Og dette endrar jo seg med åra, i alle fall har det gjort det for min del. Eg hugsar godt då eg hadde kjærleikssorg for første gong og fann trøyst i  Whams «Last Christmas». Seinare har det kome andre tekstar i alle sjangrar inn i Julesamlinga mi, og ei av dei er Alexander Kiellands novelle «En god samvittighet».

Eg skulle ønska at komposisjonen til novella var omvendt. I byrjinga av novella avgjer den rike borgarfrua Emilie Warden at ho ikkje skal få sydd ny silkekjole hjå Madam Labiche. Ho seier til veninna si «Ja – jeg skal si deg» – svarte fru Warden, «jeg synes ikke at vi med god samvittighet kan gi så mange penger ut til unødig stas, når vi vet at i byens utkanter – i selve den by hvor vi bor, lever det folk i hundrevis, som lider nød – bokstavelig talt: nød!» Kven kan ikkje seia seg einig i dette?

I staden reiser ho til Fattighuset. Men den harde røyndommen kjem fort rett i fleisen på henne når ho stig inn over dørstokken der. Når ei ny verd kjem veltande innover Fru Warden, vert det for mykje for henne, og ho set opp eit skjold kring seg. Dei ho i byrjinga ville hjelpa, vert plutseleg til skitne og vonde menneske med skiten moral. Opplevinga vert av forteljarstemma forklart slik: «Men da den fattige alltid kjenner den rike så meget bedre enn den rike kjenner den fattige, så har denne siste tilegnet seg et eget sprog – en egen tone, som erfaring har lært ham å bruke, når det gjelder å bli forstått; – det vil si forstått således at den rike får lyst til å være velgjørende. Nærmere hinannen kunne de aldri komme.»

Ho gir opp. Ho opplever ei avmakt, at det ei kløft ho ikkje kan byggja bru over. Etter ei debriefing i lag med ei anna borgarfrue sluttar novella med at Fru Warden seier «Nu kan jeg dog gudskjelov med god samvittighet bestille min silkekjole.» Eg skulle ha ønskt at eg ikkje kjende meg att i fru Warden, men det gjer eg. Den store verda og røyndommar frå andre kantar av verda har kome veldig tett innpå ei middelaldrande kvinne på strilelandet, som også til tider kan kjenna på avmakt, at dette er for stort og vanskeleg.

IMG_2584

Parallelt med at eg har tenkt mykje på denne novella, har eg tenkt mykje på eit ektepar eg møtte då eg tok Livsyogautdanning i Stockholm. Eg hugsar ein av dei sa at dei med yogautdanninga  kunne byrja å skapa fred med seg sjølve, så kunne ein byrja å skapa fred rundt seg. Kanskje ein ide for både Fru Warden og meg? Enkelt og naivt, seier ei kritisk stemme inni meg… Men kanskje må ein byrja med å akseptera stort og smått i liva våre, byggja stein på stein i dei nære ting og endra først og fremst på seg sjølv og dei relasjonane ein kan gjera noko med? Kanskje godt samvit handlar om å blik kjend med sitt eige samvit og ikkje lytta til kva alle andre måtte meina om det er den gode moral eller kva folk flest måtte meina om vala ein gjer og livet ein lever?

Eg trur i alle fall at det gode samvitet og lukka er nærmare enn det eg trudde då eg var ung og avsluttar adventstankane anno 2015 med sluttstrofa frå ein slagertekst frå då foreldra mine var unge:

Den lykke du søker bak blånende fjell,

-kan hende du alltid har eiet den selv.

Du skal ikke jage i hvileløs ring,

Men lære deg å elske de nære ting.

jpg-farger-basthaugen-logo

 

Her kan du lesa En god samvittighet

 

 

 

 

 

Del gjerne innlegget med ditt nettverk! Takk!
Tweet about this on TwitterShare on FacebookEmail this to someoneShare on LinkedIn
Dette innlegget ble publisert i Kjerringliv, Litteraturkjerringa, Livsyoga. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *