«Nora, Nora, du est en kvinde» (Frå Ibsens Et dukkehjem, 1879)

Kvardagen og rettane til kvinner og born har blitt sett under debatt i dei siste hundreåra her i vår del av verda. Menn har også nytt godt av desse revolusjonane moderniteten har ført til som starta med opplysningstida. Fedrar har mellom anna fått rett til å vera til stades i livet til den nyfødde sonen eller dottera, noko som det til dømes ikkje vert lagt til rette for lenger sørover på kontinentet vårt.

IMG_2522 IMG_2520

 

Om eg løftar blikket mitt frå min eigen navle og ser på stoda til kvinner, mødrer og born internasjonalt og kvinner med fleirkulturell bakgrunn i Noreg, kan nordiske og norske utfordringar skildrast som luksusproblem: Dottera vår ville ikkje hatt rett på skulegang berre fordi ho er jente. Ho kunne også ha blitt sett på som ei salsvare. Sonen vår, som har ein autismediagnose, ville i mange kulturar ikkje bli sett på som ein rikdom i livet og ikkje hatt dei rettane og pliktene me har her hjå oss.

Det er mange fleirkulturelle kvinner i Noreg i dag som lever med normer og reglar som norske kvinner hadde på 1800-talet. Tematikken i den sjølvbiografiske forteljinga frå samtida vår, «Min drøm om frihet» av somaliske Amal Aden, har klare parallellar til dei problema som til dømes Ibsen, Kielland, Collett, Skram og Krogh sette under debatt på slutten av 1800-talet i Noreg:

«Å være annerledes er ikke lett for en somalisk kvinne. Å bli selvstendig er ikke lett for en somalisk kvinne. Å si hva man egentlig mener, er ikke lett for en somalisk kvinne. Her i Norge er det ytringsfrihet, og den har jeg etter beste evne tenkt å benytte meg av. Her i Norge er kvinner og menn like mye verdt, og her har jeg sjansen til å bli respektert for den jeg er»

Mange fleirkulturelle kvinner i Noreg møter heilt andre ideal, krav og plikter her enn i eigen kultur.  Eg trur dette gjer integreringa ekstra vanskeleg, utfordrande og til og med kanskje farleg for dei. Å ta ytringsfridomen på alvor og fortelja kva ein eigentleg meiner, har ført til at Aden og andre fleirkulturelle kvinner har blitt truga på livet på nett og i det verkelege livet. For ikkje så lenge sidan vart kvinner som Aden også kritiserte for at dei tørka vekk frå media og TV-skjermen. Det tykkjer eg vart litt i overkant kritisk overfor desse svært så modige kvinnene. Det var mange andre vegar ein kunne ha sparka, til dømes oppover og til dømes retta kritiske spørsmål til menn og fedrar i det fleirkulturelle miljøet.

Men kva kan me gjera? Eg har definitivt ikkje alle svara. Eg trur me må vera modige og våga å setja problem under debatt, å kalla ein spade for ein spade, både i litteratur, media  og samfunnsdebatt og ta stoda til fleirkulturelle kvinner i Noreg på alvor og i alle fall ikkje bagatellisera. På Furuset i Oslo er det ei kvinne som har teke saka i eigne hender, nemleg gründaren av organisasjonen Likestilling, inkludering og nettverk (Linorg – sjå under), Bibi Musavi, i denne drabantbyen dominert av innvandrarar.

Det veksande fleirkulturelle miljøet er i utganspunktet svært positivt og berikande for Noreg. Men me må gjera alt for at me i framtida slepp å lesa sjølvbiografiske forteljingar om ei fleirkulturell Nora, Fru Alving eller Hedda Gabler anno 2016 i Noreg og heller løfta fram kvinner som Bibi Musavi.

 

jpg-farger-basthaugen-logo

 

Om Linorg og Bibi Musavi

Musavi snakkar flytande norsk og har lang erfaring frå norsk arbeidsliv. Som sakshandsamar i Oslo kommune kom ho i kontakt med mange fleirkulturelle kvinner. Ho fekk ein særskild status og kvinnene opna seg lettare for henne og fortalte henne om behova dei hadde. Ho fekk stor tillit. Etter kvart lurte Musavi på korleis ho kunne hjelpa dei. Då ho spurte, fant ho ut at kvinnene først og fremst ville ha hjelp til å hjelpa borna med lekser. I tillegg til språk, måtte dei då også ha grunnleggjande opplæring i data for å kunna følgja opp borna på den digitale læringsplattforma. Og så var Musavi i gang. Religion og kvar ein kjem frå spelar ikkje noko rolle for Linorg, dei har til dømes også hatt eldre norske kvinner på datakursa.

Denne kvinna har gjennom knallhard jobbing fått mykje til sidan ho grunnla organisasjonen i 2011. I dag er det 6 tilsette på fulltid og to datalærarar som dei leiger inn. Totalt har dei om lag 20 000 undervisningstimar i året. For tida er det 350 på ventelista på kursa dei har og dei driv 11 prosjekt som gjer at dei kan ha tilbod om kurs i følgjande emne:  norsk språk, grunnleggjande data, samfunnskunnskap, yoga, leksehjelp, arbeidsretta kurs, symjekurs, tabu og skam og helse-program. Men dei lever på prosjektmidlar frå år til år og mykje tid går til skriving av søknader om prosjektmidlar.

Du kan lesa meir om Linorg her

Del gjerne innlegget med ditt nettverk! Takk!
Tweet about this on TwitterShare on FacebookEmail this to someoneShare on LinkedIn
Dette innlegget ble publisert i Kjerringliv. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *