«La vita è bella» (film av Roberto Benigni, 1997)

IMG_6687

Eg elskar kvardagen og trivst aller best der. Men av og til er det også godt å få kvardagen og rutinane på avstand. Då er me så privilegerte at me faktisk kan prioritera det å stikka av ei stund, dra av garde for å oppleva livet ein annan stad og forhåpentlegvis få utvida horisonten litt, læra noko nytt om oss sjølve og andre, sjå og oppleva nye stader, smaka på nye rettar og møta nye menneske. Og endeleg fekk eg oppleva Napoli, byen eg eigentleg ville gifta meg i. Det var ikkje så enkelt å få til akkurat på det nøyaktige tidspunktet me hadde sett oss ut. Då var det ekstra stas å reisa med både gubben og ungane til Napoli nesten 14 år etter på Påsketur. Og alle forventningane mine om kaos og kontrastar vart oppfylte, og eg elska det.

 IMG_6668

IMG_6666

 

Det er eit herleg kaos i Napoli. Gatene er tronge og stappfulle av bilar, scooterar og folk som lagar mykje bråk. Å gå i gatene eller gå over fotgjengarfelta får adrenalinet opp i meg og eg kjenner latinoen i meg vaknar: Strategien er å heva hovudet, opp og fram med brystet, ta ein unge i neven og gå bestemt over som ei matrone. Det fungerer. Ein gong suser det ein scooter i full fart og tutande forbi oss. Oppå scooteren sit det to små gutar, sjølvsagt utan hjelm, som i full fart køyrer etter ein politibil, medan ei patruljerande politidame ignorer dei fullstendig, Me står no der med hakeslepp, alle fire.

IMG_6716

 

I det verdslege Napoli, utanfor kyrkjene og på offentlege plassar, er det mellom alle folk, turistar og skuleklassar fullt av fattige tiggarar som gjer alt for å få merksemda mi. Me går gate opp og ned, handlar litt, set oss ned for å ta ein brus, italiensk is og kaffi, og me et Parma-skinke, napolitansk pizza, pasta og drikk vin på gjestfrie og koselege restaurantar der me kjenner oss så velkomne av dei tilsette. Og eg kjenner veldig på kor tilfeldig livet er. Korleis er det at eg kan promenera her med mannen i mitt liv og borna våre på ferie i andre enden av Europa, medan på torg og gater i Napoli går det unge, tannlause mødrer og fedrar med born som må synga og tigga i staden for å vera på skule og gjera narrestrekar?

 

IMG_6678 IMG_6769

IMG_6808

 

Eg kjenner meg til tider flau, bortskjemd, arrogant og til og med slem når eg ikkje gir noko til alle som tiggar og ber om pengar. Etter kvart vert eg også vant med det, brukar teknikkar og kjenner på at eg går inni eit spel med tiggaren, gateseljaren som tilbyr meg ein elefant eg på ingen måte vil ha, eller gatemusikantane som køyrer klarinetten, trekkspelet eller tamburinen heilt opp i ansiktet mitt. Til slutt veit eg ikkje kva som er verst, å ta inn over meg elendet eller vera den rike og slemme som overser den gode og fattige tiggaren. Musikken dei spelar, vert også ei pest og ei plage for meg. Og kven vert eg då når eg tenkjer slik?

 

IMG_6816 IMG_6830

IMG_6832

 

Det sakrale og katolske Napoli har visst nok fleire kyrkjer, domar og katedralar enn Roma, og dei bognar av store rikdommar. Her vert napolitanaren stille, ho veiver ikkje lenger heftig med nevane. Derimot går ho stille og roleg rundt, set seg forsiktig ned eller kneler på skammelen framom kyrkjebenken. Ho viser vyrdnad overfor rommet ho er i. Eg har vore i mange sakrale bygg i ulike land, men eg har aldri sett slike køar av synderinner som i Napoli. For kyrkjeromma er nemleg dominerte av kvinner, kvinner som meg, midt i livet og eldre. Alle kvinnene i Napolis kyrkjer står i stor kontrast til dominansen av menn i Påskemessa i Peters-kyrkja i Roma som NRK sende Påskeaftan. Innimellom alle kvinnene i Napoli kan eg til tider skimta ein  verdsleg mann, ellers er det berre skriftefedrar.

 

IMG_6758 IMG_6759

 

Kvinnene står også i kø for å skrifta. Det er lange køar fram til skriftefaren som sit i skriftestolen der napolitanarane sannar syndene sine. Og det slo meg at kanskje det ikkje er så dumt likevel det å skrifta? Kanskje alle skulle skrifta jamleg i staden for å gå eit heilt halvt liv med hat, skam, sorger eller kva det no måtte vera som kan klistra seg skikkeleg fast i både kroppen og sjela vår? Kanskje får ein mindre arr på sjela om ein opnar hjarta sitt litt oftare og deler tunge tankar og opplevingar i livet med ein skriftefar eller kanskje til og med ei skriftemor?

 

IMG_0107 IMG_0128

 

Napoli for meg vart ein by som gir meg eit ærleg bilete av livet og oss menneske. For meg minner barokke Napoli meg om noko kanskje heilt sjølvsagt og enkelt: At livet er full av kontrastar, at livet er kaos som me prøver å finna system, orden og meining i. Napoli minner meg om alle fasettane livet og menneska har, alle kontrastane i liva våre. I Napoli vert ikkje det kaotiske og alle kontrastane dekte til, men dei ligg der ope til  skode i dagen om det er tale om rik eller fattig, kjærleik eller hat og kvinnene skjemmest heller ikkje over å sanna syndene sine.

 

IMG_6757

 

green-orange

Del gjerne innlegget med ditt nettverk! Takk!
Tweet about this on TwitterShare on FacebookEmail this to someoneShare on LinkedIn
Dette innlegget ble publisert i Kjerring på tur. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *