Agronom in spe del 4: «eg står og ser på dei to hjortane» (frå «Det mørknar» av Jon Fosse)

Ei av dei mange oppgåvene me fekk i  siste termin på agronomstudiet på Stend, var å setja oss inn i føreskrifta om «Forvaltning av hjortevilt» og særskilt  §§ 1-19 om hjort. Deretter skulle me skriva litt om korleis hjorten vert forvalta på heimstaden vår (undersøk evt. med kommunen) med bakgrunn  i føreskrifta. Eg fekk svært god hjelp av Radøy kommune og ikkje minst valdansvarleg i Nordangervågen vald, Martin Soltveit, til å løysa oppgåva. All kunnskapen og tankane Soltveit hadde om forvaltinga av hjort gjorde at emnet var veldig interessant og ikkje minst smitta engasjementet. Så ein særleg takk til Martin!

bru

Det mørknar

eg står og ser på dei to hjortane
og dei to hjortane står og ser på meg
lenge står vi slik
eg står urørleg
hjortane står urørlege
 
ikkje noko kan høyrast
ikkje ein vind i lauvet
 
det mørknar

(Jon Fosse frå «Stein til stein»)

NORDANGERVÅGEN  VALD, RADØY KOMMUNE

Jaktfelt Mjøs er ein del av Nordangervågen vald, etter § 10.  I tillegg er jaktfelta Nordanger, Straume og Soltveit med. Dette er eit av totalt 22 vald på Radøy. Mynde til viltforvaltning ligg i Radøy kommune hos Hovudutvalet (politisk organ), men er delegert til rådmann og til ein rådgjevar i administrasjonen. Hovudutvalet har og sett ned eit rådgjevande organ, Underutvalet for vilt og innlandsfiske, som gjev råd i viltsaker. For tida er rådgjevar Kristine Born skrivar og følgjande organisasjonar er representerte: Bondelaget, Sau og Geit, Bonde og småbrukarlaget og Nordhordland Jakt og vilt. I tillegg er det ein politisk vald representant, og for tida er det ein representant frå Senterpartiet.  Utvalet har møter 4-5 gonger i året og lufter saker før saker vert avgjort administrativt eller politisk. Hjortetildeling til valda er ein del av tildelingsvedtaket frå kommunen med spesifikk aldersbestemt tildeling til alle vald utan bestandsplan.[1]

Nordangervågen vald har for tida ingen bestandsplan og fekk i 2015 tildelt 30 dyr. Dermed får valdet ei årleg tildeling av dyr etter § 18 i lova:

For vald uten godkjent bestandsplan beregnes antall fellingstillatelser ved å dividere valdets tellende areal med gjeldende minsteareal. Fellingstillatelse skal fordeles på følgende kategorier

a) elg: kalv (½ år), voksne hunndyr (1½ år og eldre), voksne hanndyr (1½ år og eldre),
b) hjort: kalv (½ år), voksne hunndyr (1½ år og eldre), spissbukk (bukk med ugreina gevir),

og voksne hanndyr (1½ år og eldre).

For begge artene kan ein fella kalv i staden for voksne dyr.

Eg har snakka med Martin Soltveit, valdansvarleg i Nordangervågen vald. Soltveit fortel at minstearealet (§ 6) ein må ha for å skyta ein hjort er 1000 mål. Nord i kommunen er det fastsett 500 mål og sør i kommunen er det 750 mål for å skyta ein hjort. For fem år sidan var det 250 mål her i nord med ei tildeling på 64 dyr. Her nyttar såleis kommunen § 7 Fravik frå minstearealet som seier at «Kommunen kan ved tildeling av fellingstillatelser fravike minstearealet for elg, hjort og rådyr med inntil 50% […] på bakgrunn av ulikheter i artens levevilkår i kommunen, bestandens størrelse og utvikling, den skade viltet volder eller andre ekstraordinære forhold». Dette har då Radøy kommune teke omsyn til i tildeling av fellingsløyve som me skal sjå under.

Tradisjonelt har ein nytta vårteljinga som grunnlag for tal på fellingsløyve. Det vil seia at observasjonar av hjort på stiar og tråkk i skog og utmark med hjelp av til dømes kamera syner at det no er mindre hjort enn før. Dette har ført til at ein har redusert avskytinga og dette har vore likt praktisert i heile kommunen. No vert også sett hjort nytta under jakt som grunnlag for tal på fellingsløyve i følgje Soltveit.

Soltveit fortel at valdet har hatt bestandplan (§ 15), men valdet har valt å ikkje halda fram med det. Soltveit understrekar at det er ikkje slik at om ein har ein bestandsplan, står ein fritt til å gjera kva ein vil. Med bestandsplan får valdet derimot ei tildeling på avskyting over tre år. [2] I praksis tyder dette at ein til dømes får tildelt 30 kalvar på tre år og kan fordela dette friare over dei tre åra alt etter bestanden. Han fortel vidare at det kan vera eit avvik på 10 %.

Soltveit meiner at det beste hadde vore om ein hadde bestandsplanar som var regionale og ikkje så lokale som til dømes Nordangervågen vald. Dette valdet gjekk vekk frå å ha bestandsplan då dei meina at dette ikkje var fagleg forsvarleg og for mykje byråkrati. Valdet opplevde at ein så lokal bestandsplan ikkje hadde noko tyding for forvaltinga av hjorten og ikkje passa eigenarten til hjorten: Hjorten flyttar seg over større område og er ein god symjar. Dersom ein skal få oversikt over bestanden som er grunnlaget for forvaltninga, må ein, i følgje Soltveit, kartleggja bestanden i eit mykje større område som til dømes heile Nordhordland. I fjor vart ein hjort merka på Askøy skutt i valdet vårt, og Soltveit meiner difor at bestandsplan for dette vesle valdet ikkje er fagleg forsvarleg i høve til arbeidsmengda. Samstundes trekkjer han fram at det er vanskeleg å få til slike regionale planar då det til dømes er mange grunneigarar som må verta samde og at dette kan vera vanskeleg å koordinera. Soltveit meiner at eit alternativ kan vera at Radøy kommune lagar ein felles bestandsplan for kommunen som plan B. Lova  «Forvaltning av hjortevilt» opnar også opp for ei slik regional forvaltning i § 4 om Interkommunalt samarbeid.

Statistikk for Hjorteviltregisteret[3] for Nordangervågen vald:  Tildelt hjort

År 2012 2013 2014 2015
Med/uten bestandsplan 1/0 0/1 0/1 0/1
Kalv 0 16 12 7
Spissbukk 0 12 9 6
Hunndyr 0 11 17 11
Hanndyr 0 26 8 6
Frie dyr 65 0 0 0
I alt 65 65 46 30

Kommentar til statistikken: Soltveit fortel at han opplever at Radøy kommune har hatt ei god hjorteforvalting som har vore svært demokratisk der alle har fått sagt sitt, fått påverka og blitt lytta til. For ein del år tilbake var det eit fellesmøte med dei tilsette i kommunen der temaet var kva ein skulle gjera for å få hjortebestanden ned då han var så høg at ein rett og slett måtte gjera større grep enn tidlegare. Dette førte til at valda i kommunen fekk tildelt mykje hjort i åra etterpå. Men det ein ikkje visste, var at det kom to dårlege vintrar slik at hjorten fekk det ekstra tøft med harde vintrar og høg avskyting. Dermed har talet på tildeling gått ned frå og med 2014 og i fjor fekk valdet vårt tildelt berre 30 dyr. Soltveit meiner at bestanden i dag kanskje kunne ha vore litt større.

 

Mål for forvaltninga i kommunen:

Før tenkte ein at ein skulle ha ein bestand slik han var kring 1990 i Radøy kommune då det vart skutt 100 dyr i året i Radøy kommune.  På den tida fekk dei fire jaktlaga berre tildelt 3 dyr kvar. I dag er målet, § 3,  med hjorteforvaltninga av ein annan karakter då kommunen, i følgje Soltveit, har som må at skade på eng og skog skal vera på eit akseptabelt nivå. Dette vil jo innebera skjønn. Hjorten elskar nyskog, nysådde attlegg både det første og det andre året og er ikkje så glad i gamal eng. Når det då er fleire bruk som vert lagde ned, jo meir skade gjer hjorten på dei bruka som vert slått og attgroinga er positivt for hjorten då han får gøyma seg. Soltveit trekkjer fram at sjølv om det er mange bruk som vert lagde ned, er det likevel enno slik at bøane ofte likevel vert slått og at ein då held skadane på ei akseptabelt nivå. Men dersom ein sluttar å slå bøar på bruk som vert nedlagde, vil hjorten gå på dei bruka som vert slått og dermed gjera større skade. Om dette skjer, så må ein då også endra forvaltninga av hjorten slik måla for forvaltning no er i kommunen vår.

I Radøy kommune er det ikkje nokon som driv jaktturisme (§ 1), men det er ein gard i sør som har leigd ut løyvet sitt og som har laga og selt hjortepølse. I kommunen elles har grunneigarane vist stor interesse for å gå på jakt sjølve og ha kjøtet til eige bruk.

 

 

[1] Informasjon frå rådgjevar Kristine Born i Radøy kommune

[2] Martin Soltveit meiner det er tale om 3 år i Radøy kommune, men det kunne vera at det er 5.

[3] http://hjortevilt.no/hjorteviltregisteret/#.VtF4oX3hDIU

green-orange

 

Del gjerne innlegget med ditt nettverk! Takk!
Tweet about this on TwitterShare on FacebookEmail this to someoneShare on LinkedIn
Dette innlegget ble publisert i Gardsdrift. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *