«Brutale overgrep – mot hvem?»- Sarkastisk svar til Helga Bruns artikkel i Morgenbladet, oktober 2016

Psykolog og mor til eit barn med autisme, Helga Brun, har svart på den sterke artikkelen Elin Ørjasæter nyleg hadde Morgenbladet om korleis det kan vera å ha søsken med ein autsmediagnose. Dette er sterk kost. Men denne stemma er likevel viktig, som mellom anna forfattar, debattant og mor til eit barn med autisme, Olaug Nilssen, også peikar på når ho mellom anna kommenterer dette på fjesboksida si. Me kjenner også eit sterkt behov for ytra oss no, så her kjem det:

green-orange

Søsken til born med funksjonshemmingar kjem naturleg nok i skuggen. Foreldre nyttar av heilt opplagte årsaker meir tid på den funksjonshemma enn på den såkalla normale. Mykje av tida foreldre kunne ha nytta på konstruktivt vis, nyttar også mange dessverre til unødvendig og, for oss, uforståeleg byråkrati. Og kva med dei som ikkje kan eller orkar å få til dialog og fremja rettar dei meiner borna deira har?

Då er det så godt at me har Helga Brun og at Helga Brun tek pennen fatt! Før me går vidare vil me, med omlag 14 års erfaring frå eit slikt liv, likevel understreka at det faktisk er flott at det er mogeleg at det finst ein familie med slik bakgrunn som berre har ei gladhistorie å formidla. Det er bra! Det er flott! Det er fantastisk! Dette innber at ikkje berre alt i familien Brun fungerer perfekt, men også alt rundt dei fungerer optimalt og perfekt som til dømes alle etatar i kommunen, skulen, fylkeskommunen og lokalsamfunnet familien Brun bur i. Dette er verkeleg ei gladhistorie og fortener å komma som innslag i Lørdagsrevyen, God morgon, Noreg eller som helgekos i eit av magasinbilaga til dei større avisene. Gjerne ein kjendisfamile med slik erfaring og helst stilla ut barnet sitt i beste sendetid slik Lars Amund Vaage fekk tilbod om. Då han takka nei, fekk han ikkje koma i rampelyset. 

Mannen min og eg har aldri høyrt ei slik, ja unnskyld oss, glansa historie som Helga Brun fortel. Tvert imot. Det er alltid utfordringar som kan ta ekstra på den eine og den andre, og det er ikkje alltid at det er forståing å få. I tillegg skal ein jo leva eit liv, gå på jobb, ha fritid, og ja, alt det kvardag og fest inneber. Me trur ikkje at Helga Brun og andre er onde eller slemme, men det manglar rett og slett på kunnskap, forståing og innsikt for den andre og dei andre. Og det som fungerer for nokon, fungerer faktisk ikkje for andre, fordi ingen er like, heller ikkje autistar og behova til familiane deira.

Ein gong i tida hadde ikkje me heller denne livserfaringa og skjønar at ikkje alle kan skjøna korleis eit slikt liv kan vera. Men det verste er når folk som ikkje har slik livserfaring, men har studert og lese ei og anna bok om emnet, møtt eit slikt menneske ei stund eller i ein periode, trur at dei veit korleis det eigentleg er. Ingenting er nesten verre enn desse, spør du oss. Om du skulle lura, ta heller kontakt, lytt og legg til rette for dialog og individuell tilpassing. Difor er det så uforståeleg, at Helga Brun, med den erfaringa ho har, ikkje forstår at ingen er like og at ein ikkje lever i eit vakuum.

Me er takknemlege for dei borna me har, all lærdom og glede me har fått og veit at me vil få i framtida.  Det vil me faktisk ikkje vera forutan. Men ein skal ikkje kimsa av dei ekstra utfordringane desse borna, søsken og familiane møter i møte med samfunnet. Ein skal sanneleg vera frisk, oppgåande og konstant opplada for å ha funkjsonshemma born, gitt.

Men etter å ha lese Bruns artikkel tenkjer me at me kanskje berre bur på feil stad? Kanskje me rett og slett ikkje er gode nok foreldre til nokon av borna våre? Eller kanskje me berre bur på feil klode? Men alt må prøvast: Då, Helga Brun, ringjer me kommunen vår måndag om BPA og så ordnar nok alt seg!

Om ikkje, skal me nok svara Helga Brun som sit på fasiten.

 

Her kan du lesa Bruns artikkel. Men den er faktisk sterkare kost enn Ørajasæters som du finn her.

Færøvatnet

Færøvatnet

Del gjerne innlegget med ditt nettverk! Takk!
Tweet about this on TwitterShare on FacebookEmail this to someoneShare on LinkedIn
Dette innlegget ble publisert i Kjerringliv. Bokmerk permalenken.

2 kommentarer til «Brutale overgrep – mot hvem?»- Sarkastisk svar til Helga Bruns artikkel i Morgenbladet, oktober 2016

  1. Brita sier:

    Så fint, eg tenkte at du skulle koma til å skrive noko om den debatten. Eg trur det er viktig å reisa og diskutere dei vanskelege tinga slik som Ørjasæter gjer; ho står jo fram så «hjerterå» men det var jo situasjonen hennar og.

    • Brekkan sier:

      Hei Brita!

      Tusen takk for tilbakemelding! Livet har så mange sider og fasettar, sorger og gleder slik eit liv skal ha. Det synst eg me lett gløymer når samfunnet legg så stor vekt på nettopp det koselege, det ytlege og hausar opp bagatellar som me no nylegsåg i den såkalla Johaug-saka. Tenk om media kunne ha vore litt meir kritiske og ikkje berre skulda på at det er dette folk flest vil ha! Av og til må ei vanleg middelaldrande kjerring likevel ut av komfortsona og snakka litt frå både hjarta og levra? Uansett, så var det godt å få det skrive -igjen. Dessverre er det nok ikkje siste gong.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *