«Skal landet gro att? Korleis berge norsk landbruk?» Siri Helle, 2015

 

gubben_og_gamlaDet er no vel to år sidan svartfjesa kom til Basthaugen gard. Dei kom samstundes med at kjerringa på garden var i gang med agronomutdanning for vaksne på Stend. Det er godt med teori, men det er i praksis ein får brynt seg og kjent på kva det faktisk inneber å driva med jord og husdyr. Då er det godt at kjerringa har ein dreng, som gubben kallar seg for, å stø seg på.

leaf

Det er ikkje utan grunn at lemminga vert kalla for vårens vakraste eventyr og me gler oss allereie! For kva er vel vakrare enn desse lamma som er så fulle av sprett og glede på dei lysegrøne bøane om våren? Og svartfjesmødrene greier dette på eiga hand og takk og lov for det!

img_7179

Me har ikkje hatt ambisjonar om stort sauefjøs, silo, Fendt og fancy maskiner. For oss handlar det om å ta tilbake litt av det som har vore her i hundrevis av år. Redda det me kan av kulturlandskapet med hjelp av utegangarane og motorsag, redda det me kan av gamal kunnskap om gardsdrifta på garden, redda det me kan av den gamle grindverksløa og korleis ho vart brukt. Fleire gonger har det slått oss kor fort taus kunnskap går i gløymeboka og kulturlandskap gror att.

img_7135

Det vert sagt at born i metropolar ikkje veit kva markblomar er for noko. Det er me glade for at våre born veit og at dei også får med seg litt om husdyr og kjøtproduksjon. Og med husdyr på garden kjem me også tettare inn på livet og døden, glede og sorg.

Ikkje alle i heimen tykte det var fornuft i denne tanken då me vaksne forklarte at det var lamma me no serverte til middag. Og me vaksne har lært oss å verdsetja produksjonsprosessen frå påsett til lemming, sommarbeite og slakting om hausten. Både gubben og gamla et no i alle høve kjøtet med større respekt enn tidlegare og tenkjer annleis om natur, jordbruk og menneske enn kva me tenkte tidlegare.

IMG_6337

I skrivande stund er to sesongar over. Av alle ting har kjerringa også blitt agronom, men ho er framleis grådig god på å analysera sauens psykologi i følgje einskilde andre på garden. Sauens kjensler og psykologi var ikkje pensum på Stend. I staden stod mellom anna karbonkretslaup, husdyrhald, avl, økologisk landbruk, økonomi, kulturminne, traktor og maskiner på timeplanen på helgesamlingane over to år. Oppgåver vart leverte inn og så var det berre å kasta seg over eksamenane i motorsag, veding, husdyrhald, dekningsbidrag og ammekyr, økologisk sauehald og fôrplan og finna avlsoksar utfirå ei ekstern bedømming av ei tildelt kyr i fjøset på Stend. Og til slutt kom vitnemålet på at studiet er gjennomført og bestått. Du verda så stolt kjerringa er, men så full av respekt for alt ho veit ho ikkje kan. Det var no ho skulle ha byrja.vitnemal_agronom

Slikt påfyll og slike vegval fører til at ein prioriterer annleis, også i val av litteratur. På nattbordet mitt ligg det no ei bok som har vore i vinden i det siste: James Rebanks Sauebondens liv. Fortellinger fra den engelske landsbygden. Sjølv om boka  ikkje er like dampande og heit som den islandske Svar på brev frå Helga, er boka likevel interessant i høve til kunnskap, makt og sosial klasse.

For oss er det inspirerande å lesa bøker med tankar me sjølve går rundt med. Det einaste er at me skulle ha oppdaga dette livet nokre tiår tidlegare, men det er faktisk aldri for seint.

hesjing_hilda_edelogingvard

Planlegg du for eit år, plantar du korn.

Planlegg du for eit liv, plantar du eit tre.

Planlegg du for æva, lærer du folk å dyrke.

Kinesisk ordtak og føreord i boka til Siri Helle

 

green-orange

 

 

 

 

Del gjerne innlegget med ditt nettverk! Takk!
Tweet about this on TwitterShare on FacebookEmail this to someoneShare on LinkedIn
Dette innlegget ble publisert i Gardsdrift, Kjerringliv, Litteraturkjerringa. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *