«D’e langt sør til Betlehem» (frå «Nordnorsk julesalme», T. Hoff)

Adventstida er høgtid for julekonsertar, og kjendisartistar reiser land og strand rundt. Her på garden tykkjer me best om dei lokale julekonsertane og prøver å få med oss nokre av desse kvart år. I år blei det julekonsert først med Radøy Damekor, så i Hordabø kyrkje og i kveld er det Bachs Juleoratorium i Nordhordlandskatedralen med lokale krefter og talent i sentrum som står for tur.

 

dalmalning

(http://swedishdalapaintings.blogspot.no/2012/02/swedish-kurbits-paintings.html)

 

I Sverige har dei Dalmålning der målarane ofte henta motiva frå Bibelen, men kler figurane i klede og folkedrakter som høyrer heime i Dalarna. Nettopp den lokale koloritten, det kjende og kjære i det store, vert ekstra viktig for oss i jula. Det er flott at kjente artistar syng julesongar og salmar. Men når Juleevangeliet og det store i julebodskapen vert fortolka og formidla av lokale kor, korps, musikarar og songarar, kjem det på eit vis nærmare og verkar meir ekte og sterkare, tykkjer no me.

 

img_7417

 

I tillegg er nok dei lokale kyrkjene også viktige for opplevinga då me alle har opplevd både store gleder og sorger i dei same kyrkjeromma. Kanskje er konsertane og framføringane ikkje perfekte. Men kvifor er Bottcellis «Venus fødsel» blitt så populær? Kanskje er det på grunn av den skeive, venstre armen og skuldra og ikkje den elles så perfekte og mjølkekvite ungjentekroppen?

 

 

img_7540

 

Dermed er sjølvsagt Prøysens «Julekveldsvisa» og Sandes «Det lyser i stille grender» populære i heimen. Men det er ein som kjem tilbake år etter år, og det er ein julesong laga av Robbie Robertson frå The Band. For mange år sidan var kjerringa på garden på konsert med The Band i Haugesund og fekk trommestikkene til Levon Helm etter konserten og likar difor ekstra godt versjonen dottera hans, Amy Helm, har av Christmas must be tonight.

 

img_7598

 

Men i år siglar Trygve Hoffs «Nordnorsk julesalme» opp som ein solid favoritt. Etter ein fantastisk sommarferie i Nord-Noreg med Sandsøya utanfor Harstad som base for store naturopplevingar i alt frå Lofoten-området til Harstad og Tromsø, kjenner ein klumpen vekse i halsen når Nordnorsk julesalme vert spelt og tenkjer på den nordnorske gjesfridomen hjår Ragnhild og Torbjørn på vakre Sandsøya.

 

img_7585 img_7584 img_7564

 

 

Såleis ønskjer store og små på Basthaugen Gard dykk alle ei fredeleg og roleg jul!

 

img_7600

 

 

Nordnorsk Julesalme (Trygve Hoff)

Velsigna du dag over fjordan. Velsigna du lys over land. Velsigna de evige ordan om håp og ei utstrakt hand. Verg dette lille du gav oss den dagen du fløtta oss hit. Så vi kjenne du aldri vil la oss forkomme i armod og slit.

Vi levde med hua i handa men hadde så sterk ei tru. Og ett har vi visserlig sanna: Vi e hardhausa vi, som du. Nå har vi den hardaste ria, vi slit med å karre oss frem mot lyset og adventstida, d’e langt sør te Betlehem. Guds fred over fjellet og åsen. La det gro der vi bygge og bor.

Guds fred over dyran på båsen og ei frossen og karrig jord. Du ser oss i mørketids landet, du signe med evige ord. Husan og fjellet og vannet og folket som leve her nord.

green-orange

Del gjerne innlegget med ditt nettverk! Takk!
Tweet about this on TwitterShare on FacebookEmail this to someoneShare on LinkedIn
Dette innlegget ble publisert i Kjerringliv. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *