«Stort og stygt» (Drama av Olaug Nilssen som for tida vert spelt på DNS)

Den siste laurdagen i januar 2017 vart teaterkveld for tenåringsdottera og meg. Me var publikum på DNS og såg oppsettinga til Alan Lucien Øyen av Olaugs Nilssens drama «Stort og Stygt» frå 2013. Stykket handlar om eit par som har ein funksjonshemma son og korleis naboane ser på dei, baksnakkar dei, dømer dei utan å kjenna dei, utan å vita, utan medkjensle, forståing og utan å rekkja fram ei hand. Slikt skjer også i sosialdemokratiske Noreg i dag der alle skal ha same rettar, verdiar og moglegheiter. Dette gjeld også for søsken og foreldre. Lite visste eg om kva for utfordringar og fordommar slike familiar står overfor. Dette krev si kvinne og sin mann, og difor er det så godt at me har forfattarar, dramatikarar og debattantar som Nilssen som set ord på livet for oss.

leaf JPG

Same laurdag skriv Andreas Wiese i BT eit debattinnlegg med tittelen «Mørket som varmer». Tittelen hans er også svært dekkjande for teateropplevinga vår av same drama. Me kjende også varmen frå «Stort og stygt» som på ingen måte var illusjon. I mørkret i Teaterkjellaren kunne me sjå ulike mørke sider ved oss menneske skildra med humor, ironi og sarkasme utan at det vart kaldt. Det i seg sjølv er eit stort kunststykke. Me lo ofte og mykje, men i låtten ligg også alvoret.

stortogstygt

Me har møtt mange englar opp gjennom åra som har gjort kvardagen vår god og nesten normal om det då skulle vera eit mål. Slike englar og mirakel finst, og dei er til enorm støtte med den konkrete hjelpa dei gir på ulikt vis og på ulike arenaer. På DNS laurdag var det likevel utruleg frigjerande å kunne le høgt av personar, formuleringar og opplevingar me har møtt og som fell inn under andre kategoriar enn englar og mirakel: Folk som vil belæra utan å lytta, utan å ha peiling eller medkjensle, ulike typar dårlege leiarar som tenkjer i kortsiktige perspektiv eller utan perspektiv og som berre vil ha ryggen klar og kryssa av i eit skjema, arbeidsgjevarar som korkje vil eller er i stand å leggja til rette og ja, lista er låtteleg lang.

IMG_0245

Likevel: Låtten, ironien, den svarte humoren og sarkasmen reinska oss. Og heilt mot slutten av Stort og stygt var det berre å gje seg ende over, opna alle sluser og halda fast i kvarandre heilt til skodespelarane forsvant og applausen var over og lyset sett på. Slik sat me, mor og dotter, i mørkret i lag med alle dei andre og kjende oss reinska i varmen frå Nilssens stykke og gjekk nylada ut or Teaterkjellaren, ut i den regntunge laurdagskvelden i Bergen. I bilen på veg heim kunne me snakka saman i mørkret om stykket, om livet, om døden, havet og kjærleiken. Me kjende oss frigjorde, men først og fremst takknemlege og heldige.

IMG_0240

Men Nilssens Stort og stygt kan ikkje reduserast til berre å vera for folk som har erfaring frå å leva med funksjonshemma. Nei, tematikken har ei mykje større rekkevidde enn som så og seier noko om kor lett det er å dømma og fordømma andre og andre sine liv. Wiese oppsummerer debattinnlegget sitt kring Stort og stygt med å trekkja fram einsemd  når ein hamnar i vanskelege situasjonar i livet og skriv:

Kanskje er ensomhet en av de sterkeste følelser man opplever når naturen har rammet med en blind, tilfeldig utfordring: Dette må noen leve med. Og noen ble deg. Da er det som det kan vokse opp en vegg mellom deg og alle de andre, de heldige. De som ikke er der du er. Da kan det være tungt når noen vil trøste eller muntre deg opp fra den andre siden av veggen, der hvor livet er annerledes.

Av og til er det masete når noen kommer inn og insisterer på å ville lyse opp. Av og til er alt vi trenger noen å dele mørket med. Noen vi vet vi kan stole på. Av og til finner vi det fellesskapet i teatersalens varme mørke.

Me som lever i dagens Noreg, der me går rundt og er så fulle av oss sjølve i jakta på lukka, det perfekte livet, smilet, kroppen og Gud veit kva, kan nok alle og ein kvar ha godt av å stikka innom Teaterkjellaren før Stort og stygt vert teke av plakaten i midten av mars.

Her kan du lesa portrettintervjuet av Nilssen i BT: Eg er ikkje ullukkeleg, eg er berre sliten.

IMG_0244

 

«Voggesong for ein bytting», Halldis Moren Vesaas

Bysse bytting stor og stygg

– sjå ikkje såleis på meg.

Eg skal ikkje slå deg, ver du trygg,

og ingen skal ta deg frå meg

Den andre kvarmanns gull der han er,

men du er hata av alle her,

så trengst det da visst at eg har deg kjær.

– No trur eg du endeleg sovnar…

IMG_0239

Bileta er tekne på utstillinga Ikoner – en utställning om att få finnasFotografiska, Stockholm i april 2016

Andre innlegg innan emnet:

Troll kan temmes

Prosasalmer

Et større vi

Refleksjonsnotat etter skrivekurs med Hanne Ørstavik

Sorgen og gleden

 

Del gjerne innlegget med ditt nettverk! Takk!
Tweet about this on TwitterShare on FacebookEmail this to someoneShare on LinkedIn
Dette innlegget ble publisert i Kjerringliv, Litteraturkjerringa. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *