Nina Simone ville bli klassisk pianist. Amy Beach kjende seg først og fremst som pianist, men ektemannen råda ho i frå det og vart komponist. Og kva med alle dei jentene og unge kvinnene som aldri fann ein utveg, ein omveg eller aldri fekk uttrykka seg slik dei eigentleg ville, hadde lyst til?
I dag vil eg minnast alle eposa, skodespela, romanane, dikta, filmane, musikken, måleria og all kunst som aldri fekk sjå dagens lys berre fordi ein ikkje trudde ei jente kunne ha talent, kapasitet og evner til å gjera slikt.
Lat framtida bli annleis, lysare, meir talentfull og meir mangfaldig enn før!
Gratulera med dagen til alle!
Takk til Anne Marie Midtbø
Biletet er teke på utstillinga Ikoner – en utställning om att få finnas på Fotografiska, Stockholm i april 2016