«Il faut cultiver notre jardin» (frå «Candide», Voltaire)

I dag tidleg vakna eg i eit nydleg nederlandsk hus attmed ein kanal i Rijswijk, Den Haag etter flotte dagar som turist i lag med radveringar og venner som no er Expats i Nederland. Me har fått opplevd nye stadar, mat og kultur, men også gode samtalar med folk ein set pris på. I skrivande stund har det blitt kveld, og eg har allereie vore heime i mange timar. Då eg var ung, skulle eg aldri flytta heim att, skulle ikkje bu i Noreg ein gong! Og her sit eg no, i Gamlahuset på heimegarden på Mjøs, med full pakke. Eg måtte, som mange andre, ut i verda før eg kunne sjå alt det vakre som er rett framom meg.  Likevel må eg av og til berre ut i verda og då aller helst til pulserande storbyar og meir tettbygde strok enn kva Noreg kan tilby. Og etter ei langhelg i Nederland har eg absolutt fått nye inntrykk og opplevingar. Ein god bivirkning er at kvardagens små og store problem heime i Noreg kjem på avstand for ei lita stund og eg ser større på ting.

leaf

Det siste året har eg vore oppteken av nettopp reisa, eller rettare mi reise i livet. Som filolog er eg godt kjend med reisemotivet i så vel profan som religiøs litteratur og film. For meg er litteratur og film blitt så viktige nettopp fordi desse utforskar sjølve livet, og eg vert lett riven med og lever meg inn i det skrivne ordet. Då eg var yngre, var det andre motiv og grunnar for val av litteratur enn dei eg no i dag  gjer. Men på 43-årsdagen  og som som kvinne 40 +, eller rettare som ei litteraturkjerring som nærmar seg 50,  tek eg også til med å skriva blogg og lanserer nettstad. Å skriva har eg også alltid likt, men eg har hatt høg terskel for å våga å ta steget heilt ut og ikkje bry meg med frykta mi for kva andre måtte meina og seia.

Det siste året har eg stadig  gått ut av komfortsona mi og gjort ting eg normalt ikkje har gjort før og gått nye vegar. Det var utruleg skummelt – særleg i starten – for eg måtte skapa om kvardagen min, sjå meg utanifrå og innanifrå og eg visste ikkje korleis dagane mine ville sjå ut og gamle og kjende rutiner forsvant. Det har vore utfordrande på mange vis, og eg har lurt mange gonger på om eg vil finna ut kva eg eigentleg vil.  Vil eg finna balansen eg må ha i livet mitt?  Kva må eg rydda plass til for å kunna stå rak i kvardagens opp- og nedturar? Men du verda så lærerikt det har vore og så mange nye menneske og nye relasjonar eg har fått i tillegg til dei gamle! Ny input gir også nye perspektiv og nytt mot. Difor set eg no også i gang med blogging også.

Eg har ingen klar plan på blogginga anna enn at det rett og slett vil handla om livet mitt som Yoga-, Litteratur- og Gardskjerring på Radøy i Nordhordland. Men vil du vera med meg på denne reisa, er du hjarteleg velkommen!

Mona

PS: Ein spesiell takk til Jannike, Bjørnar og Bjørn og samtalane me har hatt den siste veka og som gjorde det svært lett for meg å skriva det aller første skikkelege blogginnlegget mitt. Også ein spesiell takk til Solveig Lerøy som peikte på det opplagte og Brita Flatved Nielsen som har designa logo og nettstad, men også fordi ho  ba meg om å hoppa ut i det! TAKK!

 

Nederlandsk vindmølle, Schiphol

 

Gammal mølle

Del gjerne innlegget med ditt nettverk! Takk!
Tweet about this on TwitterShare on FacebookEmail this to someoneShare on LinkedIn
Dette innlegget ble publisert i Litteraturkjerringa, Yogakjerringa. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *