«Eg trur eg sakna småruta glas» («So som so», Hellbillies)

I desse dagar er det store protestar mot landbrukspolitikken til den noverande regjeringa, og eg må verkeleg seia at dette er eit emne som engasjerer meg meir og meir. Alt byrja med at mannen min og eg tok over heimegarden min for om lag tolv år sidan, fordi me ville byggja reir på landet og ha «…ei gamal stugu/med rutaglas og timravegg» eller rett og slett eit hus med sjel i. I tolv år har me jobba med å få vekk alt buskaset på innmarka vår som hadde fått lov til å veksa opp i dei siste 40 åra. Og løetaket, ja det er eit kapittel for seg… Men det er jo betre å vakna til seint enn aldri!

leaf

Tidleg på 2000-talet var me på biltur i Sverige og vart svært overraska over kor tilgrodd og forlatt den svenske landsbygda var.  I tillegg var mange gardsbygg i dårleg stand. Berre eit tiår etter er me her i Noreg i full fart med å nå søta bror att. Og snart er me vel betre enn dei på dette området også.

Då me overtok garden, hadde det ikkje vore drift sidan besteforeldra mine dreiv han. Og heldigvis gjorde me ikkje som mannen i Hellbillies-songen «So som so» og bygde nytt hus. Det var rett og slett ikkje snakk om! Me var fast bestemte på å restaurera Gamlahuset, det gamle våningshuset frå 1912, og hadde som mål å halda mest mogeleg på utsjånaden og stilen. Det er ikkje noko hemmlegheit at reint økonomisk ville det ha vore smartare å riva det ned å byggja nytt, men «Du kan fan ‘kji få kjøpt for peng/ei stugu slik som den, der minna heng/i timrestokka, golvplank og seng.» Slik er det også med prosjektet vårt kring å få sau til gards: Å halda kulturlandskapet ved like og vøla løa vil nærmast verta eit idealistisk prosjekt slik landbrukspolitikken ser ut til å bli no.

Attgroinga av eldgamle kulturlandskap går svært fort  i område med småbruk i Noreg  – og dei områda er det jo mange av i dette landet nettopp fordi store delar av naturen vår ikkje tillèt stordrift. I Dag og Tid las eg nyleg om den sitjande høgreregjeringa i Austerrike som rett og slett gjev stønad  til slike bruk også fordi dei er like viktige og verdifulle som dei store . Dermed er landbrukspolitkken til høgre-politikarane meir hetrogen med eit større mangfald av gardsbruk , og dei tek såleis også vare på dei mindre og tungdrivne gardsbruka i til dømes i Alpane. I tillegg får dei visstnok også støtte frå EU! Kva i all verda er det som gjer at høgrepolitikken i våre to land som er så like, likevel er så ulike?

Den vesle Vestlandsgarden vår ser ut til ikkje å falla innunder landbruk av den noverande, norske landbruksministeren. Og mangfald av gardsbruk er ikkje på agendaen. Å ta vare på verdiar som ikkje gjev utteljing i BNP, ser heller ikkje ut til å vera interessant. Me kjenner no uansett eit ansvar for garden vår og vil bruka tid, energi og pengar på å prøva å få dette vesle gardsbruket opp å gå. Me vil  at garden skal vera i drift slik som han har vore  i hundrevis av år og at me kan læra oss gamle tradisjonar og levera desse vidare. Men eg må jo innrømma at eg så gjerne skulle ha sendt Listhaug på ei studiereise til kollegaene og partifellene hennar i Austerrike!

Det er jo dumt om  Listhaug og Co skal få gjera som mannen i den tidlegare siterte Hellbillies-songen: Han sel sjela si til bykaren og «i tillegg fekk’n hjarta i pant». Men kor lenge var Adam i Paradis? I Nyahuset angrar mannen, og skal tru om ikkje Listhaug også  ein dag kjem til «å sakna småruta glas.»

 

Mona

Basthaugen gard

Basthaugen gard

Del gjerne innlegget med ditt nettverk! Takk!
Tweet about this on TwitterShare on FacebookEmail this to someoneShare on LinkedIn
Dette innlegget ble publisert i Gardsdrift. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *