«Mit Hjærte blir som/en Fabelhave/» (frå «Skjærgårdsø» av Hamsun)

Eg høyrde på radioen at ein innvandrar frå Sør-Amerika opplevde at det ikkje var smalahove, lutefisk og andre meir eller mindre kuriøse kulturskilnader som var det største sjokket med å busetja seg i Noreg – heller ikkje den norske helgefylla. Nei, det var den enorme velstanden vår- alle tinga me brukar enorme summar  på og at me nordmenn verkeleg sit på ei svært gylden, materiell og økonomisk grein, som sjokkerte! Det er så lett å ta desse gunstige livsvilkåra for gitt. I alle fall har eg gjort det. Likevel greier eg i dag i mykje større grad enn før å sjå dei norske kvardagsproblema i eitt større perspektiv. Ein viktig grunn til dette er at eg tek meg tid til meg sjølv gjennom yoga og klisjeen turar i skog og mark. Særleg har Yoga og meditasjon hjelpt meg til å oppnå større grad av medvit og nøytralitet i kvardagen og eg lyttar difor meir og meir innover enn å vera ein mottakar av alle «måtter», «burder», «skuller» og annan støy utanfrå. Og eg har heller ikkje med meg iPod lenger når eg er ute i Guds frie natur.

leaf

Men me skal jo heller ikkje kimsa av denne kvardagen vår her nord i verda: Forutan eit hardt klima med mørke vintrar er krav om effektivitet, jamstilling på alle område,  å fylla alle forventningane til rollene ein har i kvardag og fest, å ha den perfekte helga, veka, dagen, heimen, kjolen og ikkje minst mellom anna Dagbladets evige mas om det perfekte livet og sexlivet. Ein fin, flott og dyr fasade kan for mange, og inkludert meg sjølv, kanskje bli viktigare enn innhaldet. Eit slikt enormt ytre trykk og fokus på den materielle yta av ting og menneske der ein heile tida plasserer seg og andre på verdistigar, krev si kvinne. For meg er  yoga – livsyoga – blitt ein måte å ta ein pause frå kvardagen og bokstavleg tala pusta ut og inn med djupe pust som gir kropp, hjerne og sjel større mengder med oksygen og kraft.

I januar 2008 vart eg ganske tilfeldig med på det første livsyogakurset mitt. Meir eller mindre frivillig stilte eg opp utan heilt å vita kva det var eg gjekk til. Eg visste jo at det handla om å sitja på golvet med beina i kors og at det  ikkje berre handla om kropp – men også noko ein visst nok kallar sjel. Kva no dette med sjel hadde med meg å gjera, må eg innrømma at eg ikkje brydde meg så veldig mykje om, men eg tenkte no at eg kunne no vera så pass behjelpeleg med å få litt elevar på dette kurset.

Eg hadde då fått med meg at mange hippiar og popstjerner har latt seg inspirera av indisk musikk- og livsstil på 60- og 70-talet og at fleire av desse fekk seg guruar som dei også importerte til Vesten. Det var altså eit samansurium av frie assosiasjonar – eller fordommar-  der prototypen for ein yogini for meg var ei godt vaksen og livsfjern vegetaretande hippie-kvinne, gjerne kunstnar, med ein indiskinspirert garderobe og turban som gjerne røykte eitt eller anna og målet var Nirvana. Korleis i all verda skulle eg leva opp til dette? Ei akademisk kvinne i slutten av 30-åra med stor skepsis til alle typar guruar, med ungar, mann, jobb og med ein kvardag på strilelandet heilt vest i Noreg – ja, om lag så langt frå India som ein kan komma! Og sjela – kva er no det når ein kjenner tidsklemma stramma seg til …

I tillegg meinte eg at når ein skal trena, skal det sveittast og  ein skal i alle fall ikkje sitja i ro på eit liggjeunderlat på golvet og kjenna etter pusten! Seinare har eg jo også fått merka kor utruleg fysisk tunge einskilde yogapass kan vera,  og eg har fått trent indre muskulatur eg ikkje visste eksisterte utifrå gangsperra etterpå. Men verre var det om eg byrja å fnisa under seansen, og endå verre le når det var heilt stille rundt meg! Altså var eg ikkje nett det beste yogaemnet å smi ei yogakjerring av, trudde eg.

Det var heller ikkje kjærleik ved første blikk. I starten var det avslappinga som var den viktigaste effekten for meg på yogakurset. Så henta tidsklemma meg inn att, og eg meinte eg ikkje hadde tid til å yogera. Men då eg ei tid seinare fekk ryggproblem og daglege smerter, heiv eg meg atter over yogakursa og byrja til og med å gjera yoga heime med god hjelp og rettleiing av livsyogalæraren min, Lippa. Eg tilpassa øvingane og tida etter forma og smertene, og all anna kraftfull trening låg eg på hylla. No var det livsyoga og tur for alle pengane. Etter om lag eit halvår med denne cocktailblandinga forsvann ryggproblema og smertene gradvis til dei plutseleg ein dag tidleg på sommaren var heilt borte. For meg var dette rett og slett eit mirakel, ei gåve eg også kunne takka meg sjølv for!

Som med all anna kjærleik er det opp- og nedturar- ein må som kjent jobba hardt for å halda på viktige relasjonar i livet – så også med yoga. For meg er det blitt slik at eg «berre må ha det», fordi eg veit kor godt denne pustepausen gjer meg. Eg sit ikkje alltid på golvet lukkeleg med ei kjensle av ro og fred med meg sjølv og andre. Det har vore gonger, særleg når eg har gjort rolege, meditative yogapass og ikkje minst meditasjon, der eg verkeleg har kjent på andre kjensler og tankar. Gje meg heller eit knallhard magepass der sveitten silar og magemusklane skrik!

Dette har i korte trekk vore min veg, og det er på ingen måte nokon fasit for deg – men du kan jo ta til med å testa ut … For at mitt hjarte skal bli «…som/en Fabelahve», må eg kjenna etter i både  kropp, hovud og sjel og ikkje så lett bøya meg for mine og andre sine verdistiger, krav og ytre ferniss. Eg trur heller ikkje eg er åleine om å tenkja at det i vårt samfunn og kvardag er ei utfordring å ta seg tid til å skapa eller stikka innom dei stille romma både konkret og metaforisk.  Det er jo også slik at ein trur at graset alltid er grønare på den andre sida eller at Nirvana, Paradis eller kall det kva du vil, er alle andre stadar enn faktisk hjå deg sjølv og i nettopp det livet og den kvardagen du lever i.

 

02-yogaimodalen

 

Foto: Eli Lea

Del gjerne innlegget med ditt nettverk! Takk!
Tweet about this on TwitterShare on FacebookEmail this to someoneShare on LinkedIn
Dette innlegget ble publisert i Kjerringliv, Kurs, Livsyoga, Yogakjerringa. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *