«Ho skal kallast kjerring, for ho er teki av ein kar» (frå Bibelen, 1. Mosebok 2,23)

«Kjerring» kjem av det norrøne «kerling» og tyder eigentleg «liten mann». Ordet har endra utsjånad opp gjennom språkhistoria ettersom alle levande språk alltid endrar seg i samspel med folka og samfunnet språket eksisterer i. Opphavleg har ein her på Vestlandet og nordover i Noreg nytta «kjerring» utan at det har hatt negative konnotasjonar. Kjerring har altså blitt nytta som eit synonym til «kone» eller «gift kvinne». Etter kvart som austlandskulturen og annan utanlandsk kultur har fått breia om seg og fått ein høgare status, har den negative konnotasjonen teke over slik at denne får dominera tydinga utanfor kjerneområdet.

leaf

Mange kvinner som meiner noko og som stikk hovudet fram, får i dag utruleg lett kjerringnamnet slengt etter seg  – om dei uttrykkjer seg munnleg eller skriftleg offentleg. Mange unge kvinner, men også eldre – sluttar visst nok med dette tullet når kommentarfelta vert fylte av kjerringordet kopla til diverse kvinnelege kjønnsorgan som visst nok ofte er krydra med trugsmål om valdtekt. Eg forstår veldig godt at små så vel som store kjerringemne rett og slett vel å halda kjeft. Mange har jo  også born og familie, og det vert enklare å gje avkall på ytringsfridomen i staden for å bli sjikanert for meiningane sine.

Det er store og små hendingar som gjer at eg er motivert for å reisa kjerringa. Dei to kastelause jentene som vart gjengvaldtekne av vaksne menn og deretter drepne, er så grovt og rett og slett så jævlig at det talar for seg sjølv. Nyleg las eg også om ei amerikansk pornostjerne på 19 år som regelrett vart kasta vegg i mellom av den mykje eldre og rike mannen som eigde ho. Den 19-årige pornostjerna var tøff i trynet og saksøkte den gamle, steinrike halliken etterpå. Men for denne gamle kallen er ho er kjøpt og betalt – nett som ei madrass eller ein ting ein kan velja å ha eller å kasta – ja, nettopp vegg i mellom. I ein radiodokumentar høyrde eg også om ei ung, norsk kvinne som har våga å gå den enorme pornoindustrien på nettet etter i saumane. Det ho fortalte, er ikkje til å gje att og eg makta rett og slett ikkje å høyra alt! Og dette ligg eit lite tastetrykk frå poden din – om det så er gut eller jente.

I dagleglivet høyrer eg ofte at ordet «kjerring» vert nytta, og eg registrerer at det ikkje nødvendigvis vert nytta positivt. Om du er kvinne og seier noko nokon ikkje likar, er einig i eller liknande-  ja, så blir du veldig lett og fort kjerring om ikkje nokon likar det du seier eller måten du seier det på. Og dersom du seier at du til dømes ikkje synst det er greitt med språkbruk der kvinnelige kjønnsorgan ofte vert brukt og bilete av puppedamer-  ja, då har du skrive under på at du nettopp er – møkkakjerring. Formelt sett er jo sjølvsagt alle einige i at dette ikkje skal skje, men me veit jo alle at du vert verdas kjipaste kjerring om du bryr deg om slikt. Ja, det kan absolutt vera lettare å oversjå slikt og bita tennene saman og ikkje bry seg. Men det greier ikkje eg lenger. Kall meg kva du vil, men eg  vil i alle fall la machokulturens bimbosyn få møta motstand og refleksjon i oppveksten til borna mine. Eg vil ikkje at sonen og dottera mi skal bli indoktrinerte til å  tru at ein kan setja likskapsteikn mellom bimbo- og kvinnesyn.

I media er det ein del vellukka bimboar,  og eg trur heller ikkje at dei er nokre dumme mehe. Nei, tvert i mot trur eg dei er svært så intelligente, men eg må seia meg djupt ueinige med det bimboane står for og representerer. Ja, dei er nok smarte og tilpassingsdyktige og veit korleis dei skal få pengar i kassa. Men eg vil at sonen og dottera mi skal  møta eit kvinnesyn der andre verdiar vert sett i høgsetet. Difor er det blitt så viktig for meg å framsnakka kjerringa slik Gro  framsnakka nabokjerringa i si tid.

Eg kjenner altså eit stor behov for reisa kjerringa. «Kjerring» er eit ord me alle, kvinner og menn, må ta tilbake om me ønskjer oss at kvinner kan vera meir enn ein stereotyp – meir enn berre hore, madonna eller kjerring. Og det er eg jo overtydd om at det store fleirtalet vil om ein får tenkt seg om. Eg ønskjer at neste gong du skal til å bruka kjerringordet negativt, så stoppar du opp og tenkjer gjennom kvifor du gjer det og om du kan stå for det det representerer i eit større perspektiv. Me må heller finna kjerringa i oss og dermed reisa kjerring att i språket og kulturen.

 leaf

 

cropped-hvitveis1.jpg

Del gjerne innlegget med ditt nettverk! Takk!
Tweet about this on TwitterShare on FacebookEmail this to someoneShare on LinkedIn
Dette innlegget ble publisert i Kjerringliv, Yogakjerringa. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *