«Love is in the air» (versjonen til John Paul Young frå plata med same tittel, 1978)

Førre helg gifta den eldste nevøen min seg, og det var stor stas for store og små å få koma i bryllaup i Stavanger. Då me kom til Haugalandet, kom himmel og hav i mot oss der me suste gjennom det grøne landskapet med gråe steinmurar og sauer som beita på bøane. Denne gongen stoppa me ikkje på Utstein Kloster. Men me fekk derimot teke oss ein tur på Sola-stranda og ein kvil i stolane ved det gamle Strandhotellet før feiringa av brureparet sette i gang.

leaf

Eg har mange gode barndomsminner frå besøk hjå onkler og tanter på Hundvåg. Det er vel difor eg også i dag nærmar meg området med andakt. Det er sjeldan eg blir nostalgisk, men det vert eg når eg ser alle endringane i denne byen og på øyane som Bybrua no bind fast til Stavanger. Slik går det når ein  hugsar så godt den vesle ferjeturen mellom denne byen og Buøy.

Men før ein skal på fest, må ein jo pynta seg. Etter mange år i skapet av ein eller annan merkeleg grunn, tok eg fram bunaden min til feiring av Grunnlov og bryllaup. Men når du oppgraderer ein bunad frå eit anna fylke enn der du bur, er det ikkje alltid like lett å få alt på stell i tide.

Men eg kom meg gjennom 17. mai og full oppgradering skulle skje før bryllaupet. Og her kjem difor eit lite kvardagseventyr: Ettersom eg ikkje vart konfirmert i fjor, oppdaga eg at kjeda eg har til å snurra saman livet måtte forlengast bittelitt. Men den unge stavangerdama bak disken meinte at kjeda mi også var gått ut av produksjon. Den unge dama meinte at ho til og med ikkje høyrde til Rogalandsbunaden. Eg kjende meg ganske gamal og faktisk litt snurt på denne eleven i denne byen eg elskar så høgt. Men ho søkte hjelp hjå ein eldre kollega som kunne stadfesta at for leeenge sidan nytta ein denne vakre ertekjeda som no ikkje var å oppdriva lenger. Eg kunne kanskje få kjøpt ei ny kjede, men ho måtte til gullsmed då eg nok hadde behov for ei mykje lengre kjede enn standarden. Og då vart ikkje kjeda klar til bryllaupet. Eg treng vel ikkje seia at eg mildt sagt vart litt snurt – igjen.

Med slike dystre og dyre spådommar og berre timar att til bryllaupet, bestemte eg meg likevel for å traska rundt i Oljebyen for å finna sølvet mitt. Etter at eg hadde traska lenge og vel og fått dei same svara igjen og igjen, kom eg til den sjette gullsmeden som tipsa meg om den eldste gullsmeden rett over gata, nemleg Bernhard Hansen i Kirkegata (og her er det altså medviten produktplassering). Eg bukka og neia og gjekk til den sjuande gullsmeden, og der fant eg ei kjede. Men eventyret sluttar ikkje her.

To timar etterpå stod eg i bunaden i butikken og fekk på meg ei flott, lodda og forlenga ertekjede i butikken før ferda skulle gå vidare til Bondeheimen. Men i tillegg fekk eg så mange lovord og godord med meg på vegen av dei to damene i butikken at ei talefør kjerring på 40 + vart heilt mållaus. Tenk dei sa eg likna ei prinsesse! (Og her må eg berre få lov til å gå berserk med utropsteikn) Og så vart eg så glad og rørt! Ikkje dronning, men prinsesse! Det er vel ikkje rart at eg vil hugsa denne butikken for evig og alltid! Dermed vart ein hektisk og snurt føremiddag gløymt!

Brureparet var så flotte og lukkelege som berre unge brurepar kan vera! Og i dette bylandskapet, i nostalgiens brus og i rosens rus på brureferd til Sandnes kunne eg minnast korleis det var å vera ung og galen slik som Garborgs Haugtussa er i det «Elsk»:

 

Den galne Guten min Hug hev daara;

eg fanga sìt som ein Fugl i Snòra;

den galne Guten, han gjeng so baus;

han veit at Fuglen vil aldri laus.

 

Aa gjev du batt meg med Bast og Bende;

aa gjev du batt meg so Bandi brende!

Aa gjev du drog meg so fast til deg,

at heile Verdi kom burt for meg!

 

(Om du vil, kan du sjå og høyra ein eldre John Paul Young syngja «Love is in the air her: https://www.youtube.com/watch?v=wPMa5yc4Nk0)

 

IMG_2516

Del gjerne innlegget med ditt nettverk! Takk!
Tweet about this on TwitterShare on FacebookEmail this to someoneShare on LinkedIn
Dette innlegget ble publisert i Kjerringliv, Litteraturkjerringa. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *