«London»

Eg sit i ein London-taxi midt på natta med koffertar og ungar tettpakka kring meg på veg frå Terminal 5 på Heathrow. Tre småjenter og to kvinner ser Londons monument gjennom dogg og regn, og vestlendingen opplever at regn er eksotisk etter den tørraste vinteren i hennar levetid.

leaf

London et seg inn i meg og  vert Urbyen, som Hege kallar han på klappsetet ved sidan av meg. Taxisjåføren som plukka oss opp på Hammersmith, spør ikkje kvar me kjem i frå, han er meir eksotisk enn oss. Alle jentene er sovna når me nærmar oss Docklands. Byen spreier seg inni meg i det me nærmar oss Holiday Inn Extreme der reisa sluttar med chips på senga og upussa tenner klokka 3 om natta.

Seinare går me i blodspora til Anne Boleyn, og eg ser ho frysa og skjelva i svart framom skafottet. Ho er kvit i andletet før det skal skiljast frå kroppen. Og Hege fortel om små born i Wales som vart sendt ned åleine i den svarte gruva utan mat for at rottene ikkje skulle forstyrra jobben. Då desse borna kom til St. Peter, slepte han dei rett inn i Himmelen då dei allereie hadde vor i Helvete.

I Tower of London vert to kvinner og tre jenter til ein pelagisk straum i kapitalismens teneste i det me passerer kronjuvelane på rulleband og overivrige servitørarar vil ha oss fortast mogeleg ut av kafeen på motsett side av White Tower. Tower Bridge og Tower Shop vert terminus på dette rullebandet lasta med frykt, kapitalisme, skafott og kronjuveler før meir reiser oppover elva i sludd og regn og når foten av Big Ben og skimtar Westminster Abbey. Ein engelsk pub med engelsk meny talar til oss i nærleiken av Strand der den lange reisa kryp inn i oss og me avlyser London Eye til applaus av tårer og tenners gnissel. Reisa heim går i såkalla ekstremvèr som stoppar tuben frå å gå direkte heim til Canning Town.

«Pust inn og rett ut! Pust inn og rett ut!», seier Hege. Og slik fant Hellen Mirren ut korleis ho skulle spela dronninga i møtet med eit folk som sørgjer over Lady Di som får gravferda si i Westminster. To kvinner og tre jenter tek undergrunnen frå Docklands til Camden Town og går i kulda til London Zoo som ein gong var den største turistattraksjonen i metropolen. Vèrmeldinga seier kulda kjem med vinden frå Sibir via Skandinavia og ned til London, mens me ser løver, reptilar, tigrar, fiskar og skjelpadder i London-kulda ein vårdag 2013.

 

«Barly Field» av Olav H. Hauge.

Omsett av Robert Bly

 

An old woodcut of the London Bridge

and a colored lithograph of a barley field.
There are no other pictures on Ward D.

The London Bridge lifts sooty towers above the river.
But it’s the barley field I see.
A golden ocean of barley.

It’s not like the other grain-fields.
Maybe it’s those inward-looking eyes
gone into it so it becomes heaven?

 

A fall-colored sky, mild,
with no harvesters and no scythes.

 

Henta frå følgjande lenkje:  http://jpicforum.info/threads/barley-field-by-olav-h-hauge.7634/

IMG_1605

 

 

 

 

Del gjerne innlegget med ditt nettverk! Takk!
Tweet about this on TwitterShare on FacebookEmail this to someoneShare on LinkedIn
Dette innlegget ble publisert i Kjerring på tur, Kjerringliv, Litteraturkjerringa. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *