«Aldri så galt at det ikkje er godt for noko»

Eg er vel det ein kan kalla for distré. Setelbok, nøklar, briller og mobil forsvinn ofte og på uforklarleg vis. Det fører til at eg og svært tolmodige familiemedlemmar garantert leiter etter minst ein av desse tinga dagleg. Verst er det jo når eg ikkje finn brillene mine om morgonen for då er eg sett heilt ut av spel. Så kan jo du seia at eg rett og slett må skjerpa meg. Det har eg fått høyra titt og ofte, og det har eg også prøvd! Finn ein fast plass! Ha alt i ein kjetting rundt livet døgnet rundt! Og ha det kjedeleg…

leaf

 

Først og fremst har det å vera distré ført til mange morosame historier. Ein gong eg skulle på julebord med overnatting, stod eg nydusja på hotellrommet og innsåg at eg berre hadde fleire ulike par skor å gå med på dette julebordet. Kjolen hang att heime. Det var ikkje mange minutta til julebordet skulle ta til, og det var berre å ta på seg kvardagskleda og gå ut i byen for å shoppa på dei 20 minutta eg hadde før butikkane stengde. Heldigvis er me i ein by, tenkte eg. Mannen min var svært pedagogisk og roste meg for den rolege og kalde måten eg takla utfordringa på. Det var lett for han å seia som stod der i dressen som eg hadde pakka i lag med alle skopara mine. Og ja, me rakk julebordet, med klede på begge to.

Når det gjeld nøklar, setelbok og mobil, er det så mange historier at eg veit ikkje heilt kva eg skal velja mellom. Nokre av historiene er rett og slett så pinlege at eg trur eg vil spara på dei. Men setelbokhistoria frå det eine Nordplus-opphaldet mitt i København, er ei fin lita historie: Det var søndag og eg skulle sykla frå Sydhavn, sør i København, til museet for samtidskunst, Louisana, i Humlebæk litt nord for København. I og med at det er eit lite stykke å sykla, måtte eg ha ein pølserast på ein benk i ein av Københavns bydelar. Då pølsene var etne, sykla eg berre vidare og oppdaga ikkje tapet før eg skulle betala meg inn på museet. Men setelboka var allereie funnen då eg melde ho tapt. Nokre timar seinare henta eg setelboka mi på Politistasjonen. Det høyrer også med til historia at ingenting var teke, og eg betalte finnarløn med stor, stor glede.

Så er det flyhistoriene. I ein periode flaug eg ofte mellom Bergen og Stockholm og pleidde å reisa med fredagsflyet klokka 10.45 frå Flesland. Så var det ein varm og flott maifredag. Eg hadde komt meg til Flesland som vanleg, skreiv inn referansnummeret mitt på check in-automaten og  det vart ikkje godteke. Gong på gong  trudde eg at eg skreiv inn feil nummer, men til slutt forstod eg at eg måtte krypa til korset og be om hjelp. I skranken sat det ein litt eldre mann med hestehale, og han kunne fortelja meg at referansenummeret faktisk var korrekt. Derimot var det feil dag. Eg skulle ha vore på flyet eit døgn tidlegare. Eg pusta djupt inn og djupt ut og sa som sant var eitt eller anna om at det kunne vera mogeleg å vera så dum …. Mastercardet mitt var på veg ut av setelboka, og eg  var heilt innstilt på å kjøpa ei  mykje dyrare og ny reise til Arlanda enn ho dagen før. For til Stockholm skulle eg. Den venlege og rolege SAS-mannen gir meg så eit boardingkort på 10.45-flyet utan å gjera noko stort nummer ut or det heile og ønskjer meg god reise. Eg forstod ikkje heilt med ein gong kva som hadde skjedd meg. Etter kvart seig det innover meg, og eg visste ikkje kva eg skulle seia eller gjera. Eg vart mållaus over at slikt kan ein også få oppleva i handelsverda. Til slutt greidde eg å opna munnen for å takka, bukka og greidde til og med å formulera noko om kor glad eg var over den svært så gode sørvisen. Mannen smilte  og jobba vidare med sitt.

Men så er det også  slik at eg også har fått  vener fordi eg er så distré. Då eg kom som fersk student til Universitet i Bergen, var det mangt og mykje ein bondestudent måtte finna ut or. Rett nok hadde eg over eitt år i utlandet, men no var det akademia som venta og framandordboka vart ein viktig reiskap i kvardagen. Då eg skulle på det første møtet til kollokviegruppa eg var plassert i , gjekk det litt i surr igjen. Men det gjekk det ei god stund før eg oppdaga takka vera ein annan surrebukk. I kollokvierommet eg hadde funne fram til,  hadde nemleg ei anna ung dame også stranda. Eg hugsar ikkje kva me snakka om, men eg kan tenka meg at det dreidde seg om litteratur. Uansett så fann me tonen fort og tida gjekk med snakk og latter. Til slutt lurte me på kor det vart av resten av gruppa og rista på hovudet av desse tullingane som ikkje kunne møta presist. Og ikkje for å snakka om kollokvieleiaren… Så gjekk me til kjeldene og innsåg at me var tullingane. Me hadde begge gått feil og dermed kan eg no konkludera med at surr også kan føra til viktige og langevarige venskap.

Sjølv om alle i heimen har resignert og heller innser at leiting er ein del av kvardagen og livet i Øvre Mjøs 11,  har eg no likevel noko å slå i bordet med om dei skulle bli vrange ein dag. Og som du ser, er det aldri så galt at det ikkje er godt for noko.

 

IMG_2212

Del gjerne innlegget med ditt nettverk! Takk!
Tweet about this on TwitterShare on FacebookEmail this to someoneShare on LinkedIn
Dette innlegget ble publisert i Kjerringliv. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *