«Old McDonald Had A Farm» – ein takketale til NH Næringshage

Yogakjerring er ein ting – men at eg også skulle verta gardskjerring, hadde i alle fall ikkje eg trudd og garantert fleire med meg. Det er mogeleg  dette har ein samanheng med at eg også likar å pynta meg og gå på høge hælar i lag med ein del andre urbane og feminine særtrekk, men det kan vel vera at gardskjerringar finst i ulike format og storleikar?

leaf

Når ein først har innsett kva ein har og kva for verdiar og ressursar som  faktisk er viktigast, skulle ein tru at det var strake vegen til himmels. Men slik er det som kjent ikkje og i alle fall ikkje for to akademikarar som vil gjera gardsfolk av seg.  Me innser utan problem at me har vore naive og, i mange sine augo, også dumme med planane våre som stadig endrar seg mens me går. Likevel vil me gjera alt for å halda på denne naive livsholdninga vår, fordi me ser at ei slik holdning dreg til oss menneske som hjelper og støttar oss der me er til ei kvar tid i prosessen.

For snart nøyaktig eitt år sidan kom eit viktig vendepunkt i gardsutviklinga vår ved at me verkeleg sette oss ned for å staka ut kursen vidare.  Me gjorde mange nye og store grep i kvardagen som på ingen måte var smarte økonomiske, men du verda så takknemlege me no er for at me våga å stoppa opp og stilla oss sjølve nokre heilt fundamentale spørsmål. Det er utruleg mange erfaringar me har gjort oss og desse vil me etter kvart dela med alle som måtte vera interesserte.  I tillegg til å våga å gå ut av den vande kvardagen med alle dei trygge rutinane, gjorde me også eit anna smart trekk som har vore heilt avgjerande for oss på så mange måtar: Me valde nemleg å verta målbedrift i Nordhordland Næringshage (http://www.nh-nh.no/) frå og med september i 2013, og her vil me rett og slett takka for medlemskapen og støtta og prøva å seia litt om kvifor.

For oss humanistar som har mykje å læra i høve til kremmardelen i næringsutvikling, har denne medlemskapen altså  vore heilt avgjerande for kvar me er no i dag. I tillegg til næringsutvikling, har me også fått rettleiing og støtte i høve til landbruk.  Om dette ikkje tradisjonelt sett har vore spesialområdet til Næringshagen, har det ikkje mangla på vilje til å hjelpa og rettleia oss likevel og finna fram til personar og nettverk som kan hjelpa oss vidare. Me har også lært at røynde nærings- og landbruksfolk  også kan gå seg vill i regelverk, forvaltningsdokument og alt ein faktisk må finna ut av når du skal starta ei gardsverksemd frå nullpunktet. Og  dette kan  jo ei trøyst når du leiter febrilsk etter  etter «Gardsutvikling for Dummies» i bibliotekhyllene.

For det er  mangt og mykje å passa på om ein kjem heilt utanifrå og inn i landbruksverda, og dermed vert fallgropene også djupare når ein  verken kan eller forstår kodane. I verste fall fornærmar du nokon også med til dømes  for teite utsegn og for teite spørsmål. Dette har ikkje me gjort med viten og vilje, men det er heller eit resultat av at me høyrer til ein veksande  og ny type gardsfolk som treng ein annan ABC for landbruket enn dei tradisjonelle bøndene.

Dette har Nordhordland Næringshage forstått, og me vil såleis takka dei for all hjelpa me har fått dette året gjennom medlemskapen. Når me no ser tilbake, er det utruleg kva me har fått gjort og kor tilpassa og god rettleiinga har vore – det har rett og slett vore tilpassa opplæring og høgt nivå på pedagogikk og dermed også sørvis. Særleg vil me takka  dagleg leiar i Nordhordland Næringshage, Solveig Lerøy, men også næringsutviklar og siviløkonom Kate Bentzen. Me takkar spesielt for at dei aldri synest me stiller dumme spørsmål og at dei ser det opplagde når me ikkje ser skogen for berre tre.

 

Stor takk frå Gardskjerringa og Gardsgubben på Basthaugen Gard

Revebjeller

 

Del gjerne innlegget med ditt nettverk! Takk!
Tweet about this on TwitterShare on FacebookEmail this to someoneShare on LinkedIn
Dette innlegget ble publisert i Gardsdrift. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *