Nature morte I

Det er snart midtsommar og det skal bli den varmaste juni på 44 år. Dottera mi og eg sit i bilen. Det er kveld, sol og vind i håret.

leaf

Me småkranglar om kanalval på radioen og eg vinn. Ei kvinne les opp i Dagsnytt-sendinga, og eg angrar fort på sigeren. Dottera mi spør om eg kan forklara ein del ord ho ikkje forstod. Eg vrir meg i setet medan leksikalske forklaringar av «valdtekt» og «gjengvaldtekt» rasar gjennom hovudet. I tillegg tenkjer eg at eg også må seia noko om det asymetriske forholdet mellom dei fem mennene, der to er politimenn,  som valdtok dei kastelause og mindreårige jentene. Etterpå gjengvaldtektene hang dei jentene opp i eit tre medan dei enno er i live til skrekk og åtvaring for andre jenter og kvinner.

Dagen før hadde eg sett eit bilete på nettsidene til NRK av ein grønn sari hengande frå eit tre.  Eg kjenner kvalmen stige opp inni meg og mot halsen min.

Eg teier. Ho som vanlegvis ikkje gir seg før ho får eit skikkeleg svar, teier også.

 

Turen er snart over.  Eg kjenner at eg må svara henne før det er for seint,  grip fatt i kjenslene mine og deler desse på ein relativ nøytral måte. Jenta mi svarar «Mamma, eg vart også forbanna. Veldig. »

Skulptur, den Haag

Del gjerne innlegget med ditt nettverk! Takk!
Tweet about this on TwitterShare on FacebookEmail this to someoneShare on LinkedIn
Dette innlegget ble publisert i Kjerringliv. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *