«Good fences make good neighbors.» (frå «Mending Wall», «North of Boston»  (1914) av Robert Frost)

Det er mangt og mykje ein må læra seg når ein vil rusta opp eit gamalt småbruk. Fram til no har det vore mykje skrive- og papirarbeid, lesing av dokument på dokument, tankearbeid, skriving av søknader, vurderingar og diskusjonar for å prøva å finna vår måte å driva garden på. Men til slutt må ein berre hoppa i det.

leaf

For vår del har det vore myriadar av gjerde og merkesteiner å komma seg over. For oss som er vande med papirarbeid, er det likevel overraskande kor mykje byråkrati, reglar og papirarbeid det likevel er når ein vil starta opp eit lite småbruk – overraskande mykje. Me hadde nok forventa at det skulle vera mykje enklare og at mykje meir tid kunne etlast til praktisk arbeid i startfasen.

Me set jo pris på skriftleg informasjon, lenkjer til nettstader, vedlegg og brosjyrar. Likevel opplever me at informasjonen, reglar, lovverk og forvaltning er så kompakt, stort og lite pedagogisk og lite tilrettelagt at det kan ikkje vera lett for folk innanfor landbruket heller å ha alt dette på harddisken eller i ryggrada. Me hadde gitt opp for lenge sidan, hadde det ikkje vore for at me verkeleg vil og ønskjer oss eit levande og lite småbruk drivne av oss.

Vårt råd til likesinna er at du fortast mogeleg får eit organisjsonsnummer på garden og eit produksjonsnummer om det er dyr involvert. Det er også lurt å knyta til seg  personar og nettverk, private, næringsdrivande og/eller offentlege,  som er positive til prosessen din og som du føler du  kan støtta deg på vidare og som kan vera sparringspartnar. Men først og fremst må du villa og så må du rett og slett hiva deg ut i det og våga å prøva og feila på vegen.

I starten har gjerding vore viktig for oss. Gjerding er ein vitskap i seg sjølv og eit kontinuerleg arbeid. Me har erfart at sauer som har beita hjå oss, gong på gong har stukke av og mellom anna ete opp blomane til naboane våre. Kanskje bagatellar i det store biletet, men det er ikkje hyggeleg å få naboane etter seg når det er noko me faktisk kan gjera noko med og har ei plikt til å gjera noko med. Når me no tek hand om garden sjølv, har difor gjerding fått  svært høg prioritet.  Så uansett kva Robert Frost måtte meina metaforisk om gjerde og gjerdeplikt i diktet «Mending wall» , ser me absolutt poenget med gjerdeplikta og lærer oss difor no denne vitskapen. Så får me også håpa på at flokkinstinktet er godt utvikla hjå Svarfjesa som kjem til oss og at desse ikkje er for stae, eigenrådige og individualistiske som kjerringa på garden.

Det er likevel vanskeleg for meg å leggja litteraturkjerringa heilt til sides. Eg greier ikkje å la vera å ta høgde for metaforikken kring «gjerde» og dermed også dei negative sidene ved gjerding og inngjerding – å gjerda seg inne og dermed stenga verda ute. Då eg var lita på 70-talet, vart « Skigardsvisa» med Stanley Jacobsen med musikk av Finn Ludt ofte spelt på den einaste radiokanalen  i Noreg. Forutan at denne songen er ei god elevøving i metafor- og biletbruk i lyrikkundervisninga, les eg, som yogakjerring, dei tre siste strofene med ekstra interesse i dag. Skigarden  og skigardane i sinnet mitt, er sett opp av meg sjølv og kan difor rivast ned av meg sjølv – om eg vil, om eg kan og om eg og livet mitt er klare for å møta det som måtte komma og sjå meg sjølv, andre og livet i fleire dimensjonar og versjonar enn berre i svart og kvitt.

Basthaugen gard

Basthaugen gard

Del gjerne innlegget med ditt nettverk! Takk!
Tweet about this on TwitterShare on FacebookEmail this to someoneShare on LinkedIn
Dette innlegget ble publisert i Gardsdrift, Litteraturkjerringa, Livsyoga. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *