Eit nytt, lite steg mot draumane våre: To tømmerhoggarar i skogen bak grindverksløa vår som feller den eine sitkagrana etter den andre. Og ei ny, barnsleg glede vart oppdaga: Ein indre jubel då granene for i bakken under den fotografiske dokumenteringa.
NORSK KJÆRLEIKSSONG av Tor Jonsson
Eg er grana, mørk og stur.
Du er bjørka. Du er brur
under fager himmel.
Båe er vi norsk natur.
Eg er molda, djup og svart.
Du er såkorn, blankt og bjart.
Du ber alle voner.
Båe er vi det vi vart.
Eg er berg og naken li.
Du er tjørn med himmel i.
Båe er vi landet .
Evig, evig er du mi.