«L’invitation au voyage» (Dikt frå «Fleurs du Mal» av Charles Baudelaire)

Det er nok mange som har hatt behov for ei furtebu og noko til å sløva ned sansar og kjensler med i sommar for å døyva all lukka og moroa som mange krev av ein i denne lukketida me no lever i. Mange har vore på korte eller lengre reiser i for tronge bilar og hotellrom. Mange driv også med ekstremsport gjennom å stappa svigers, stemor og Fandens oldemor i eitt og same hus over lengre tid og krev samtidig at dette skal gå bra.  Ja, som ein ven sa i eit vennelag i helga: Det skal gode ekteskap til for å tola ein ferie. Og dette var ei grei oppsummering for oss som var til stades.

leaf

For vår del har reisene me har gjort i feriane våre hatt ulike siktemål, men eg skal ikkje leggja skjul på at flukta frå kvardagen har stått sentral. Alt anna ville ha vore ei stor løgn. Gong på gong har me brukt nokre veker av sommaren til å senda borna og oss sjølve ut av rutinane og laga oss nye og vore på jakt etter nye opplevingar og input som me meiner har gjort oss til rikare menneske.  I år våga me oss til og med ut av Frankrike. I dei siste ti åra har me nemleg  vore over alt i den franske heksagonen. Då borna var småe, besøkte me helst Bretagne. Etterkvar har me vore i Bordeaux, Normandie, Baskerland, Paris,  Champagne, Lorraine, Rivieraen og ikkje minst Alsace. Me har budd i gîtes, me har leigd hus, budd på hotell, og me har bytta hus. Men i år kjende me oss nesten litt galne når turen gjekk  til Spania. Tyr_motorveg Det er mogleg at frankofilien vår likevel har lurt oss litt i det første valet av destinasjon. Men me sette kursen først mot San Sebastian via Barcelona og dermed ei lang bilferd frå Middelhavet til Atlanterhavet. For enkelt skal det helst heller ikkje vera.  I San Sebastian eller Donostia kan ein lett stikka over grensa til Frankrike om abstinensane skulle verta for store, og det vart dei sjølvsagt for nokon. Etter roadmovien og skrekkfilmen på dei spanske vegane, parkerte me bilen i ein mørk garasje og hadde ei veke med strandliv i San Sebastian –  denne baskiske byen tettpakka med  Michelin-stjerner og verdskjend for tapas i ypparste klasse, men også i tittelen på ein Ambjørnsen-roman underteikna las for mange år sidan. Michelin-stjernene hadde vore viktig lokkemat for oss vaksne, men med ungar er det noko vanskeleg å tilpassa seg tapas-sjangeren i høgsesongen. Det er rett og slett nesten ingen sitjeplassar. Folk plukkar ut det dei vil eta og hiv dette inn ståande, gjerne utanfor restauranten med eit glas i handa og dei hadde sjølvsagt ikkje barnemenyar. Og dette krasja nok litt med dei franske vanane (snobberiet) me har blitt vande til, men på La Fabrica i gamlebyen fant me både stolar, linduk og spansk gourmetkjøkken. Men San Sebastian vart først og fremst vald for strendene og strandlivet – og det fekk me verkeleg nyta fullt ut. Og kvar gong me var på stranda, hadde me mengder av stranda på oss og med oss heim att. Eg finn spor etter dei baskiske strendene enno. Strand_San_SebastianSan_sebastian Så skulle Bilbao besøkast og deretter Rioja-land,  høgslettene i innlandet  og Zaragoza før me skulle setja kursen heim att etter dette vågale stuntet vårt til Spania. Andre del av turen gjekk eigentleg ganske fint om ein ser vekk frå at ho mor bomma totalt med ein aldri så liten sightseeing-tur til Rioja og sierraen som ho meinte skulle ta nokre timar. Han tok til slutt om lag 9 timar på smale, svingete fjellvegar.  Mann og barn tok dette eigentleg veldig fint og var ekstremt lette å bestikka.

Vegskilt_SpaniaSierra_vegfjellveglandeveg_rioja

I tillegg fekk me sjå ekte folk i ekte landskap. Og me vaksne fekk ein del fordommar brotne ned og sit att med ei svært god kjensle for folket i landet Spania som aller helst ikkje vil kalla seg for spanjolar, eller seia at dei snakkar spansk- for det gjer ein visst nok berre i Sør-Amerika. På eit eller anna merkeleg vis greidde dei å forstå vår blanding av latinske språk og engelsk og det var aldri sure miner.

Bilturen i ein tettpakka Golf gjekk relativt greitt. I skrivande stund er det likevel eit stort ønske frå oss vaksne at neste gong skal me ha ein leigebil i minimum Carvelle-storleik. Borna skal vera lengst mogeleg  bak slik at dei kan synga rumenske songar og ramsa opp alle Norwegianflya og registreringsummer eit stykke unna oss vaksne når bilturen varer meir enn 3 timar. Det er vel ingenting ein kan læra meir av enn å sjå seg sjølv i nye settingar og å vera på ei kontinuerleg reise. Ein elev skreiv ein gong om ei reise han hadde gjort og der han skreiv at han modnast «som ei rose i etylen» på denne viktige reisa. Og eg måtte spørja biologilæraren om litt hjelp til å forstå denne litterære samanlikninga, men eg fant ut at ho er både god og morosam. Reisemotivet ser ut til aldri slutta å fascinera oss menneske: I film, litteratur og religiøse tekstar handlar det om ulike menneske som tek seg ut i verda der dei prøver å finna seg sjølve eller meininga med livet. Mange kjem også tilbake som meir kloke og vidsynte enn før dei drog. Men det er ikkje alltid så enkelt, fordi reisa i seg sjølv  ikkje alltid  er det einaste saliggjerande. Ein kan velja å gå utanom og alltid vera på flukt, men likevel enda opp med å vera endå meir fast i ein indre kamp langt heimafrå enn dei som har funne fred med seg sjølve og andre der heime. Kva som er rett, veit ikkje eg. Eg prøver å finna mitt svar på reisa mi og endra det eg kan endra på og så putla på vidare så godt eg kan.   PS: Bil-leiga,  sjølv med remember-kort, kunne i seg sjølv lett bli eit langt blogginnlegg, men eg vel å vera raus og sjå stort på det. Det gjorde ikkje franskmannen attmed oss som på frangelsk og med store arm- og kroppsrørsler greidde å gjera tydeleg og høgt uttrykk for kva han meinte.

Bar_San_Sebastian

ekte_mannfolk_soria

marknad:Zaragoza

Guggenheim_bilbaoHaro_RiojaYuso/SusoSierra_landsbysoria_by_dayZaragoza_plassenZaragoza

Del gjerne innlegget med ditt nettverk! Takk!
Tweet about this on TwitterShare on FacebookEmail this to someoneShare on LinkedIn
Dette innlegget ble publisert i Kjerring på tur, Kjerringliv, Litteraturkjerringa. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *