Agronom in spe

Jord er ikkje lenger jord for meg. Etter den første samlinga i lag med dei andre såkalla nettagronomane på Stend i helga, kjem eg nok til å sjå på natur, dyr, plantar, jord og småbruket vårt  på eit anna vis. Læringskurva er bratt, og det er jo sjølvsagt rart å sitja på den andre sida av kateteret på ein vidaregåande skule.

leaf

Gardsprosjektet skaut eigentleg  først fart  då eg heldt på med Livsyogautdanninga i Stockholm for nokre år sidan, ei utdanning som ingen andre enn eg sjølv gjorde krav om.  Mannen og eg kjende verkeleg på at no var det på tide å gjera noko og komma i gang med mange av ideane og draumane våre i staden for berre å fantasera og prata. Dette har ført oss inni mangt og mykje, og no er det då slik at kjerringa på garden har vore så heldig å koma inn på agronomutdanning for vaksne på Stend.

sporer_stend

Ja, læringskurva kjem nok til å vera bratt lenge og lengre enn langt, men eg merkar at eg etter  berre éi helg har lært mykje, fått endå meir lyst til å lesa og ikkje minst gå ut på bruket for å setja ut i livet det eg lærer og har sjølvsagt tusen spørsmål. Den første oppgåva me har fått, er å bestemma naturtypane i  eit område. Eg kjem nok til å prøva å ta utgangspunkt i heile bruket vårt og skal i grove trekk leggja vekt på kjenneteikn og artar i tidlegare tider og i dag.

klyngetun_stend

Om eg greier å gjennomføra dette, vil eg jo også verta mykje betre kjend med garden. Dessutan kjem eg til å ha noko handfast å gå utifrå når me no skal finna ut korleis me skal ha det her hjå oss. Ikkje minst gler eg meg til å dra mann og born med meg ut for å verta kjend med garden vår på eit nytt vis slik at heile familien – håpar eg – får glede av den fylkeskommunale lottogevinsten eg har vunne.

steingrav

Men ein del barnelærdom må nok vekkjast til live att og ein god del førstehjelp må nok eg rekna med for å få til dømes  fotosyntesen og det periodiske system på plass att. I Husdyrlære har me starta med næringsstoffa og fordøying hjå drøvtyggjarar, og i Forvaltning og drift  er det altså grovinndeling av naturtypar før me tek til med økologi og biologisk mangfald. På septembersamlinga, i den månaden sauene kjem til gards,  er det faktisk sau på timeplanen i Husdyrlære – storveges planlegging  av Stend dette, seier no eg.

Skog

Tenk, eg er rett og slett  oppglødd over å ha forstått at jord ikkje er jord, men mold, torv og råhumus. Eg har smakt på jord som det var den  finaste vin mens gardstyraren garanterte at det var ei stund sidan dei hadde vore der med gyllevogna. Men, om eg må få lov til å seia det, var nok det aller kjekkaste å møta lærarane våre, få omvising og eit innblikk i alt kva Stend har å by på i dag og ikkje minst møta dei andre nettagronomane og  høyra om alle  dei spennande og ulike prosjekta og tankane deira. Eg ser fram til å verta meir kjend med resten av nettagronomgjengen, og eg er i alle fall overtydd om at dei har svært mykje å læra meg.

tuntre med gravemaskiner

«Tuntre med gyllevogn og heisekran»

havstrand_med_lærer og lilje

«Lærar med lilje i havstrandmiljø»

 Om du er interessert, kan du lesa meir om den toårige  agronomutdanninga for vaksne her:

http://stj.hfk.no/templates/SchoolSubsite.aspx?id=38622

leaf

Del gjerne innlegget med ditt nettverk! Takk!
Tweet about this on TwitterShare on FacebookEmail this to someoneShare on LinkedIn
Dette innlegget ble publisert i Gardsdrift, Kjerringliv. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *