Endeleg er sauene på plass på Basthaugen Gard!

Undrande_svarfjes_feil_klode_mindre

«Er eg komen til feil klode», spør visst denne om….

leaf

Då er sauene endeleg komne til gards på bruk 16/4 i Radøy etter fleire tiår utan eigne dyr på bøane. Jan Gunnar og Kåre leverte dei ti damene ein tung og regnfull haustkveld, men det vart likevel mykje lått og løye under regnet med mange gode historier. Så me er ikkje lenger redde for at me er heilt åleine i saueverda.  Dei ti svartfjesene går no på den vestre bøen vår og me held no på med å verta kjende med dei. No i starten er me vel nøgde med desse ti. Me får heller auka flokken etterkvart då «den som har tusen sauer, må kjempa mot femti ulvar».

 

Omgrepa eg brukar og tilnærminga mi til sauene ber nok preg av at eg ikkje nett har fått sauehald inn med morsmjølka. Det er nok store sjansar for at at eg kjem til å snubla og ha eit noko utradisjonelt blikk på dei. Men me gler oss til å verta kjende med damene og, som med hundar og kattar, reknar me med at sauer også har ein personlegdom og håpar på at «Sauer er ålreite dyr». «Villsauboka» av Hilde Buer og «Saueboka» er også i hus. På agronomutdanninga for vaksne står faktisk sauehald på timeplanen no i oktober. Men me er utruleg takknemlege for alle råd og tips me kan få.

titt_tei_svartfjes_mindre…. og denne seier berre «Titt-tei», medan andre…

Sauer_kø_kodlhaugen

 

...rett og slett står i kø på Kodlhaugen av ein eller annan grunn

 

 

 

 

svartfjesklynge_mindre

«Landskap med svarfjes»

 

Havresekken_svartfjes_mindre

 Ei bøtte med kraftfôr gjer susen i denne bli-kjend-fasen

 

Alt det formelle og papirarbeidet i høve til mattilsyn og  liknande er altså i boks. Men du verda for eit skjemavelde og ei mengd med spørmål det er å ta stilling til i denne prosessen. Eg er rett og slett øvegøven. Sauevillaen (les losji for sauene) på den vestre bøen har gubben min og faren min vore arkitektane bak og også byggherrer. Så får me berre håpa at sauene godtek byggverket som no er innflyttingsklart. Det neste på agendaen vår er å festa  dei nye øyredobbene deira som seier at dei er våre sauer...

To be continued… leaf

 

 

 

 

Del gjerne innlegget med ditt nettverk! Takk!
Tweet about this on TwitterShare on FacebookEmail this to someoneShare on LinkedIn
Dette innlegget ble publisert i Gardsdrift. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *