Namnet skjemmer ingen, og Udlevèr var mitt namn

«Udlevèr» kalla dei meg då eg var lita , og eg tråkka mine barneskor mellom  bakkar og berg utmed havet i Øygarden.  Kallenamnet kom av ein hårmanke som kan minna om han til ein Storvêr vel og merke utan horn.
 hilde_innhegning_redusert_crop
Vanlegvis veks jo hår i lengda, men håret mitt veks hovudsakleg i breidda. Og det gjorde det dengongen då også. Sauereferansane var meir naturlege for ungane i Øygarden enn fagspråket innan olje og gass dengongen då, før alle bruene og dei flotte vegane kom. Klengenamnet Udlevèr bar eg på ingen måte med ære og det var ikkje noko eg var stolt av. Tvert imot grein eg meg til frisørtime og fekk det klipt godt ned og inn til rota slik at alle trudde eg var gut. Det var lettare å bera! Nesten 40 år seinare, på eit sauekurs med villsauguruen Hilde Buer, har eg derimot lært meg at ein slik manke er gull verdt i sauebransjen og kan faktisk vera ein grunn til at vèrlam ikkje vert raderte ut…
Takka vera dette kurset i regi av Glade Bønder og Liv Hopland, har eg no fått ein skikkeleg «flying start» og kjenner meg ikkje mindre enn nyfrelst på sau. Samstundes kjenner eg på alt eg ikkje kan og alt som kan skje, rett og slett alt som kan gå gale: Dagar med sau som er sjuk, har vanskar i lemming og kva for fôr, mineral og proteinar han til ei kvar tid må ha, Storvèr som vert steril av flått… Men slike tankar kjem det sjeldan noko godt ut av, og eg vel heller å følgja rådet til Buer: Lær deg å kjenna sauene dine, og du får ein heilt annan kvardag. Eg kunne ha skrive ei lang avhandling om kva eg lærte i helga om verdshistoria til sauen, om vegen frå vilt dyr til husdyr, om alle typane, kor tilpassingsdyktige, kor fromme og kloke dei er, kva gjera i lemmingstida og paringstida, kva fôr til ei kvar tid, gode ytre kjenneteikn…Men dette gjer Buer mykje betre sjølv anten om du les «Villsauboka» eller du melder deg på eit av kursa hennar.

kvitsau_flokk_redusert_crop

Kurset avslutta villsauguruen med ei historie om ein eldre bonde ho møtte ein dag. Han fortalde henne at han mange gonger hadde vore så arg på kyrne då han hadde vore yngre. Han hadde slåst mot dei og det hadde rett og slett vore ein kamp. Buer lurte på kven som hadde vunne. Då svara mannen:  «Eg let kydna få bestemma og no går alt så bra!» Eldre sauebønder på kurset nikka til dette og sa at dette skulle dei ha visst om og forstått for lenge sidan. Då hadde dei spart både seg sjølve og sauen for mykje springing og stress.
Den største jobben og utfordringa no er då å verta kjende med Svartfjesdamene våre, å verta hyrdinna  og hyrden deira. Søya Johanne er allereie blitt vår Judas. Buer kallar nemleg den sauen som kjem til oss lettast og den som får resten av gjengen med seg, for Judas. Ei slik søye er gull verdt og Johanne vert då heller ikkje sendt til slakt med det første. Me har altså ein plan og Johanne er sentral i denne planen. Mannen min er noko mindre optimistisk enn meg, men me skal prøva ut triksa til Buer og vera tolmodige.
Eg trøystar meg med at natta før me skulle få hundane våre i hus, vakna eg av eit mareritt og med udla mi til alle kantar. Udlevèren ringde kennelen for å avlysa kjøpet, avlysa alt. Heldigvis greidde ho å overtala meg gjennom å peika på at eg tross alt var mor til to og kunne vel då ta meg av to hundar også…

leaf

Del gjerne innlegget med ditt nettverk! Takk!
Tweet about this on TwitterShare on FacebookEmail this to someoneShare on LinkedIn
Dette innlegget ble publisert i Gardsdrift. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *