«Sorgen og gleden de vandrer til hope» (frå «Aandelige Siunge-koor» av Thomas Kingo, 1681)

Hugsar du far til treåringen Milla? Nyleg vart det nok for han. Han hadde høyrt på favorittprogrammet sitt, «Radioresepsjonen», der humoren gjekk over i noko anna.

h_b_hund

«Shit happens», det eine ordet tok det andre og så gjekk det rett og slett gale. Og «Radioresepsjonen» la seg flate, men dei ville heller ikkje ha pressa på slep då dei skulle gå kanossagang. Far til Milla er utruleg modig og sterk. Han risikerte å verta kalla humørlaus gubbe då han i ein travel kvardag  snakka «Radioresepsjonen» midt imot på vegner av seg sjølv, dottera og dei andre i den vesle familien,fordi, som han sjølv skriv:

«For hvem fører downsbarn sin sak? Jo, mor og far. De er så slitne, lei og har nok med å sørge for at barnet får den oppfølging i barnehage, skole, fritid, helsevesen og venneflokken som de har krav på. Det er min datter dere kødder med, det er min kjære dere kødder med, det er min sønn på seks år dere kødder med. Det er meg dere kødder med, og nå er det nok.»

Denne faren og denne familien fekk mykje merksemd i sosiale media og i beste sendetid på TV. Han inspirerte også meg til å halda fram med  å setja ord på erfaringar då eg har mange års røynsle med eit familieliv og ein unge som ikkje er såkalla A4. Men no skal eg også våga å dela tankane, erfaringane og kjenslene med andre.

snøsky

I vinter las eg ein artikkel om ei aleinemor til to små gutar med autisme i Aftenposten. Ho hadde rett og slett ikkje tid og krefter til å arbeida på grunn av dei store omsorgsoppgåvene, møta, dei ulike instansane, paragrafane, vedtak… Dette har eg ingen problem med å forstå, og utfordringane hennar hadde nok vore ei veldig stor oppgåve uansett familiestruktur. Eg kjenner meg att i kampen, livet og kvardagen hennar når det bles som verst. Men eg har ein mann eg er glad i og som eg kan dela gledene og sorgene med, ein eg kan møta utfordringar i lag med og ikkje minst dela gledene med. For kven i all verda hadde greidd ein slik kvardag åleine? Superwoman?

Denne nye kvardagen med opp- og nedturar kom i gang eigentleg utan at me hadde tid til å tenkja noko vidare over det eller ta det inn over oss.  Slik var det berre. Som i alle småbarnsfamiliar var det heller ikkje for oss store rom for metarefleksjon og djupe samtalar når ein er bleieskiftarbeidar. For familiar som Millas og vår kan det vera illustrerande å seia at småbarnslivet på eit vis aldri tek slutt. Og jo eldre dei blir, jo meir skil dei seg ut frå jamaldringar og liva dei har. Jo eldre dei blir, jo meir forstår søsken at dei ikkje er som andre…

Det kan vera mykje arbeid og utfordringar når ein har eit barn som fell utanfor normalen. Sjølv har eg innsett at det er utruleg mykje eg ikkje har hatt forståing for tidlegare, at kvardagen min eigentleg var rimeleg sorglaus før. Når eg høyrer andre foreldre snakka om problem og utfordringar borna deira har, må eg innrømma at eg til tider har tenkt at dette kan då ikkje vera noko problem, eller rettare eit luksusproblem i eit luksusland. Men, som det også står i salmen: «Alle har sitt,/ stort eller litt.» Det eg no ønskjer for borna mine, er at begge skal få utvikla seg, verta stimulerte slik at dei skal kunna få utvikla seg og veksa opp slik at dei er best mogeleg rusta til å møta medgang og motgang i livet meir enn at dei skal ha fine utdanningar og statusyrke.

Til tider har eg vore, for å seia det mildt, så lei meg, så frustrert og så uendeleg trøytt. I periodar får ein også ekstra utfordringar av ulike grunnar og må bruka ekstra krefter og dyrebar tid på nye møte, nye telefonar, purringar, nye vedtak og då er det viktig at batteriet ikkje er på raudt… Når kvardagen allereie er tungt belagt av møte med ulike etatar og ein skal finna ut av alle moglege og umoglege søknadspapir og skjema, skal ein vera utruleg ressurssterk, oppegåande og ha mykje energi heile tida- som ein Duracell-kanin om du hugsar han – for å halda det gåande, vera positiv, konstruktiv i tillegg til å leva eit liv. For dei andre som er på møta, er det ein jobb, ei sak, men for oss er det på ramme alvor, det er kvardagen vår, livet vårt. Og den største feilen me har gjort, er at me har vore for flinke til å vera flinke, ressurssterke og alt for lite flinke til å be om hjelp og fortelja korleis me eigentleg har det. Men der ha me gjort store framsteg.

Sjølv om det har vore og er mange utfordringar, har me lært så utruleg mykje om livet dei siste 12 åra og ville ikkje ha vore dette forutan: Livet er blitt rikare og det er godt å sjå verda med nye briller og laga nye rammer for liva våre. Takka vera borna våre, ser me no også ressursane og verdiane på garden vår på eit heilt anna vis. Difor var det også så godt å lesa innlegget til faren til Milla som hadde mot og krefter til å gå i strupen på gutta i Radioresepsjonen, vera alvorleg i høve til alvorlege emne og ikkje lata alt flyta ut i ironi under overskrifta Humor.

No før jul og eit nytt år ønskjer me vaksne i familien oss ei generell større forståing for, aksept for og inkludering av slike born som sonen vår i samfunnet generelt. Me ønskjer for det første at samfunnet ser på dei som ein ressurs og menneske som har mykje å læra og gi oss såkalla normale menneske, at ein prøver å sjå og forstå verda sett med augo deira. Eg er blitt overtydd om at samfunnet har eit ekstra stort ansvar for å ta best mogeleg vare på ressursane desse borna har og gje desse ekstra mykje stimuli og fokus uansett kvar i verda dei måtte vera. For mange år sidan hugsar eg Kåre Willoch, tidlegare statsminister og bestefar til ein gut med Downs syndrom, sa at dei psykisk utviklingshemma også skulle ha hatt sitt eige ombod. Mange år seinare har han framleis rett i dette for så vidt eg veit, har ikkje denne viktige ressursgruppa noko ombod…

IMG_0305

Det var første søndag i advent, og eg sette meg litt ned framom TV-skjermen, zappa og hamna innom salmemaratonen på NRK. Ut frå fjernsynet tona følgjande verseliner og trefte meg rett i sjela og hjarta over 330 år etter at salmen vart laga av den danske salme- og barokkdiktaren, Thomas Kingo:

Sorgen og gleden de vandrer til hope,/ lykke og ulykke de kommer på rad./ Medgang så ofte på motgang vil rope,/ solskinn og skyer de følges òg ad./ Jorderiks guld/er prektig i muld./ Himlen er ene av salighet full./ Alle ting har en foranderlig lykke/ alle kan finne en sorg i sin barm./ Ofte er bryst under dyrebart smykke/ tynget av sorger og hemmelig harm./Alle har sitt,/stort eller litt,/ himlen alene for sorgen er kvitt.

Og det er underleg, men også godt at eg, eit såkalla moderne menneske i eit såkalla sekularisert samfunn så langt frå Kingos tid og samfunn, kan finna trøyst i salmeorda frå 1681.

 

GOD JUL frå alle oss på Basthaugen gard!

 

leaf

 

 

 

Del gjerne innlegget med ditt nettverk! Takk!
Tweet about this on TwitterShare on FacebookEmail this to someoneShare on LinkedIn
Dette innlegget ble publisert i Kjerringliv. Bokmerk permalenken.

2 kommentarer til «Sorgen og gleden de vandrer til hope» (frå «Aandelige Siunge-koor» av Thomas Kingo, 1681)

  1. Hei, Yogakjerring! Takk for dagar på kurs i lag. No måtte eg inn her og lese meir om ‘sorgen og gleden’ som ‘vandrer til hope’. Lykke til vidare, og måtte våre vegar krysse kvarandre att snart :-)

    • Yogakjerringa sier:

      Takk og likeein, Hege! Eg trur nok at det vil koma eit høve, og eg skal no følgja med deg også;-)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *