«Somme kjerringer er gode – eit hundeeventyr» (ekstremt fritt etter «Somme kjerringer er slike»)

Det var ein gong ei nabokjerring Sørpågarden som hadde mange hundar og eit stort hjarte.

jannike_neo_blogg

 

Nordpågarden budde det ein liten gut og ei lita jenta, Halvor og Sunniva. Sunniva elska hundar over alt på jord, men Halvor var så redd så redd for desse dyra som likna troll og riser. Då alle og einkvar på garden hadde hund, var det ikkje lett å komma seg ut i verda for å vinna prinsessa og halve kongeriket.

 

xelia_blogg

 

Men så kom denne tyske Prinsesse Xelia am Jungfernbach inn i liva til Halvor og Sunniva. Ho var og er verdas snillaste og coolaste hund. Ho kavar seg ikkje opp og tek livet som den mest trente yogini. Lenge gjekk Halvor langt framom eller bakom på turane i skog og mark i kongeriket vårt.

 

Xelia_sunniva_sommar_blogg

 

Sunniva koste og klappa prinsesse Xelia ofte og mykje, medan Halvor såg på – på god avstand.

 

Xelia_halvor_blogg

 

Og sakte men sikkert gjekk det framover og til slutt kunne Halvor sjølv halda prinsessebandet då me gjekk på tur.

 

Xelia_halvor_klapparførstegong_blogg

 

Og ein vakker dag klappa Halvor prinsesse Xelia, og han vart forvandla til den stoltaste guten i heile verda. Frå den dagen av har Halvor også gått lengre enn langt med Xelia…

 

Xelia_jojo_halvor_blogg

 

… og kost i haugevis. Men eventyret sluttar ikkje her…

 

bitteliten_jojo_augoatt_blogg

 

…fordi den godhjarta nabokjerringa Sørpågarden hadde ein god og vakker plan: Halvor og Sunniva skulle verta fôrforeldre til både den tyske prinsesse Xelia og ei lita prinsesse frå innlandsriket, nemleg JoJo Girl av Ronbalt.

 

Jojo_bitteliten_isnø_blogg

jojo_isnøen_til_sida

 

Den vesle, vakre innlandsprinsessa kom til kystriket vårt ein kald desemberdag i 2012.

 

så_liten_så_stor_verden_blogg

 

Ho var ei lita prinsesse i ei stor verd. Men Halvor, Sunniva og prinsesse Xelia gav ho mykje kjærleik, leik og varme.

 

jojo_xelia_sunniva_isen_blogg

bjørn_jojo_sunniva_isen_blogg

 

Og den skal også tidleg krøkast som god krok skal bli, og ut på tur måtte ho uansett kor lita og skjønn ho var.

 

xelia_jojo_skaråsen_gran_blogg

jojo_xelia_skogen_blogg

 

 

Prinsesse JoJo elskar å gå på tur og elskar å springa i fjæra, i kystlyngheiene, i skogen, på bøane og ikkje minst elskar ho Skaråsen og Saltvika. Dei går tur uansett vêr…

 

 

xelia_jojo_pipa_blogg

 

 

… og vind. Om det er …

 

 

Jojo_i_øyane_blogg

 

…sommar eller…

 

jojo_poserer_haust_blogg

vinter.

 

JOJO_travpark_pris

(Foto: Hege Solberg)

 

Prinsesse  JoJo byrja å vinna fine sløyfer takka vera ein fantastisk gjeng frå kongeriket Mittelspitz som inkluderer og deler kunnskap, hygge, felleskap og varme.

 

Jojo_nybada_blogg

 

Prinsesse JoJo er svært glad for alt dette, men den største lidenskapen hennar er å bada uansett årstid. Om du skulle lura, så har heller ikkje den vakre prinsesse JoJo funne nokon prins enno. I følgje den meir erfarne prinsesse Xelia er visst dette ikkje så farleg: Dei fleste prinsar er visst nok eigentleg froskar og hjelper aldri til med kvalpefødslar og er ubrukelege i kvalpetida…

 

jojo_poserer_isola_blogg

 

Dei fleste eventyr har ein slutt, men dette eventyret lever vidare hjå den vesle familien Nordpågarden. Då me skulle ta familiebilete, var det sjølvsagt at prinsessene våre skulle vera med. Dei var også veldig glade i farmor og hoppa alltid oppi fanget hennar då ho besøkte oss.

 

Brekkan_blogg

(Foto: Jannike Steindal Nordanger)

 

 

 

leaf

Del gjerne innlegget med ditt nettverk! Takk!
Tweet about this on TwitterShare on FacebookEmail this to someoneShare on LinkedIn
Dette innlegget ble publisert i Kjerringliv. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *