«Bur du attmed ein foss, høyrer du han ikkje.» (Olav H. Hauge)

INNLEIING – fakta, struktur og problemstilling

I denne oppgåva har eg valt å ta utgangspunkt i garden vår, bruk 16/4 i Radøy kommune . Eg skal laga ei grovskildring av naturtypane gjennom å leggja vekt på kjenneteikn og artar slik læreboka skriv om emnet i kapitlet «Natur og næring». Vidare skal eg skriva litt om kva dei ulike naturtypane har blitt brukt til i tidlegare tider og om korleis dei vert brukte i dag. Eg skal  også svara på om det er nokre uheldige konsekvensar av bruken for menneska i lokalmiljøet, for dyre- og plantelivet eller miljøet.

jojo_mona_mjøsmarka_haust2013

 

I dokumentet Landskapskartlegging Radøy kommune med landskapsanalyse for Marås (2012) står det følgjande om landskapet generelt på Radøy:

 Landskapet på Radøy er kjenneteikna ved parallelle åsar, dalar, myrar og landsstrakte vatn og vågar. Dette landskapet er forma av den geologiske formasjonen Bergensbogane som er orientert nordvest- søraust på Radøy.[…] Landskapstypane kystmyrane, åslandskapet og vågsvatn er skildra, medan landskapstypane i kystsona berre er omtala på oversiktsnivå. Det meste av Radøy ligg i landskapsregion Kystbygdene, lengst sør kjem vi inn i landskapsregion Ytre fjordbygder. Det er 33 landskapsområde i Radøy fordelt på 10 landskapstypar. Den vanlegaste landskapstypen en Våg- og smalsundlandskap, i innlandet er det Kystmyrane som er mest talrik med seks landskapsområde. Radøy har nesten halvparten av landskapsområda av landskapstypen Kystmyrane i Hordaland.  (s. 4) (mine uthevingar)

Mjøs-Villanger vert i dette dokumentet plassert som kystmyrområde.

villangervågen

 

FAKTA OG KORT SKILDRING: Garden ligg i bygda Øvre Mjøs (Øvre Mjøs 11) nord i Radøy kommune og ligg om lag 2 km frå Fosnstraumen der ein har gjort arkeologiske funn frå eldre steinalder (Indrelid 1996:46-51). Eigedomen er på 266, 3 da (gardskart.no) og er fordelt på to hovudteigar: Den eine teigen går i ei snorrett linje frå austre bøen der våningshuset ligg over kommunevegen til vestre bøen, Sekkene, Stølen og noverande fylkesvegg 409. Vest for fylkesvegen held denne snorbeine linja fram som eit slags beite eller skog som vert skilt frå den Søre skogen av ei myr med utgangspunkt i Småkloppa. Den Søre skogen endar opp i myra og bekken ved Storkloppa vest i skogen. Men me har også ein teig lenger nord i utmarka som grensar til myra og bekken som er ei samansmelting av Små- og Storkloppa. Dette området har me kalla for den Nore Skogen og hadde også nemniga Stølen då besteforeldra mine dreiv garden. I sørvest av eigedomen vår ligg det ei mast og skogsvegen til bygdene Risnes og Villanger markerer grensa i nordvest. I nordaust går grensa mot det me i dag kallar for Mjøsvatnet (Storavatnet). Her kan du sjå teigane og følgja desse også visuelt under lesinga: http://gardskart.skogoglandskap.no/map.html?komm=1260&gnr=16&bnr=4

Grindverksløa med sitkagran

KORT HISTORIKK: Gardsbruk 16/4 på Mjøs (Møs), eller «garden i midten», er i alle fall frå den første kristne tida (ut på 1000-talet). Ein veit at Svartedauden ikkje la Mjøs aude, og dette inneber at det har vore kontinuerleg busetnad på garden samanhengande i meir enn 1000 år. I bygdeboka legg ein vekt på denne kontinuerlege busetnaden og dermed skjøtselen som det har vore tradisjon for på heile garden i over 1000 år. (Haugland 2006:170-181)

Folketeljinga frå 1865 fortel oss at nesten alle bøndene på Mjøs no eig si eiga jord. Den sterke oppdelinga fører til omfattande teigblanding slik at gardsdrifta vert vanskeleg . Dermed er det eit behov for ei ny utskifting som kjem i 1883. Alle bruka får då kvar sin samanhengande teig avgrensa mot grannebruket med snorbeine grenselinjer som enno er gjeldande. Dei aller fleste må flytta husa sine over til den nye teigen, men på bruket vårt, bruk 4, slepp ein dette då storparten av husa ligg i gamletunet. Husa må flyttast innan Jonsok 1889. Seinare kjem utskiftinga av utmarka som er ferdig i november i unionsåret 1905.

Jordbruksteljinga viser at det i 1939 var 21 bruk i dagleg drift på Mjøs, og det står om bruk 4 at «Dei hadde to mål havre og like mykje poteter og fødde ein hest, fem kyr, tre ungbeist, sju vaksne sauer og nokre høns». (Haugland 2006:193) Gjennomsnittsstorleiken i 1939 er 3,5 kyr. Etter utskiftinga i 1889 og i 1905 består garden vår av 2 mål fulldyrka jord, 23 mål overflatedyrka jord, 29 mål gjødsla beite, 93 målproduktiv skog og 121 mål med anna areal.

Skriftlege kjelder viser såleis at denne delen av bruket vårt har vore eit produksjonslandskap i lang tid. Foreldre og andre fortel om korleis dei drifta garden med hest og kjerre og nytta jorda også til matproduksjon i tillegg til at mennene om vinteren drog på sildefiske som ei viktig attåtnæring.

Basthaugen gard

Basthaugen gard

TEORI: I kapitlet «Natur og næring» i læreboka Forvalting og drift deler ein naturtypane inni 6 hovudtypar: Fjell, skog, kulturlandskap, ferskvatn, myr og havstrand. For bruket vårt som ligg i eit vestlandsk kyst- og lynglandskap, kan me altså allereie i innleiinga sjå bort i frå fjell og havstrand då eigendommen vår ikkje fell inn under definisjonane læreboka har av desse. Derimot er dei fem andre naturtypane relevante i ein diskusjon av naturtypane på garden vår, nemleg den tidlegare omtala kulturlandskapet, men også skog, ferskvatn, og myr.

NSkogen_myr_med_øy_sør_mast

PROBLEMSTILLING: Hypotesen min er om det er mogeleg å plassera bruk 16/4 i den store sekken «kulturlandskap»? Eg vel likevel å dela eigendommen inn etter kulturlandskap, skog, myr og ferskvatn slik læreboka gjer det utifrå utsjånad i dag.  Eg kjem tilbake til denne hypotesen i avslutninga. «Kulturlandskap»  vert i læreboka definert som «eit landskap påverka av menneskeleg arbeid og drift gjennom tidene. Normalt vil dette seia jordbruks- og husdyrlandskapet, medan skogen vert halden utanom.» (Finstad m.fl 2012: 115) I læreboka vert kystlyngheiane spesielt trekte fram, men også dyrka mark. I tillegg vert det understreka at naturtypar i kystlandsskap, som der eigedommen vår ligg,  kan sjå urørte ut, men dei «er som regel vortne til gjennom fleire år  med skjøtsel». Dessutan omfattar kulturlandskapet også «alle gamle spor etter bygg, gravskikkar, vegsystem og andre teikn på menneskeleg aktivitet utanom sjølve drifta». I følgje læreboka femnar altså kulturlandskap om meir enn dyrka mark.

NSkogen_murrest_nordaus2

OPPBYGGING: Eg nyttar gardskartet frå http://gardskart.skogoglandskap.no/ for bruk 16/4 som struktur i oppgåva, men også til hjelp for å bestemma naturtypane. Eg byrjar med den snorbeine teigen som går frå våningshuset frå 1912 til myra ved Storkloppa i den Søre skogen. Hovuddelen er tredelt der den første delen tek for seg stykket frå våningshuset til og med Stølen/skogen som grensar til myra ved Småkloppa. I den andre dele slår eg saman områda i den Nore og den Søre skogen og i den tredje delen tek eg opp ytre truslar. Eg nyttar hovudsakleg mine eigne bilete og erfaringar frå turane eg no har teke over heile eigedomen i forkant av å svara på denne oppgåva. Men eg har også nytta ulike skriftlege og munnlege kjelder som eg gjer greie for i litteraturlista. Til slutt er det også eit vedlegg, eit kartutsnitt.

Basthaugen gard: hovedhus

DEL 1.1 Naturtypane på  den austre og vestre bøen , Sekkene, Stølen/skogen

Sekkene og den austre og vestre bøen, som me kallar for innmarksbeite, består hovudsakleg av fulldyrka jord og overflatedyrka jord og myr. Myra på den vestre bøen vert kalla for Sekkene og der er det ein kanal (bekk) som går gjennom alle bruka på Mjøs og som renn ut i Mjøsvatnet, i ein nord-sørakse. I den austre delen av sekkene på det vestre beitet er det også litt fulldyrka jord, men det er den austre bøen (ved våningshuset) som utgjer det største arealet fulldyrka jord. I tillegg ligg den gamle grindverksløa tett opp mot kommunevegen på jorddekt fastmark der det er to haugar med skrinn fastmark. Det har vore arkeologar som opp gjennom tidene har hatt interesse for desse.

Austre bøen (frå Basthaugen)

På den vestre og austre bøen er det hovudsakleg gras. Men på den austre bøen er det også ein god del meir lyssiv og tistlar i graset, særleg på innmarksbeitet. Heilt nedst på den vestre bøen ligg altså Sekkene med kanalen. Her tek myra stadig over for den fulldyrka jorda då det trengs grøfting og reinsking i kanalen, og då ikkje berre på vår eigedom, men også vidare nordover. I tillegg til at myra veks innover mot den fulldyrka jorda, er det mykje tistlar og bjørneklo i graset og ein god del tuer. Det er også ei bakkemyr på den vestre myra.

cropped-IMG_50282.jpg

Det er også spor etter gamle gards- og bygdevegar på den austre og vestre bøen. Me finn mellom anna spor etter gamle kjerrevegar som går ned mot Sekkene, over kanalen og opp mot utmarksbeitet eller Stølen.

Grindverksløa er for det første spesiell, fordi ho er relativ stor for området med store steinveggar i sør og vest: Ei sekstavs grindverksløe som er om lag 19x8m. Løa er svært sentral på bruket og i bygd fordi ho står på den originale plassen ho hadde før utskiftinga i 1883. Ho er det einaste bygget som ikkje vart flytta under denne store utskiftinga. Me har også funne ein stein i vestveggen på løa der årstalet 1808 er hogd inn, men i følgje Museumssenteret i Salhus og fylkesarkitekten er nok alderen ein god del høgare (1700-talet). Historia til løa speglar difor både kultur- arkitektur-, og landbrukshistorie på Vestlandet og det kan sjå ut til at denne løa er eit viktig kulturminne i regionen. (Haugland 2006:170-181)

IMG_0329

På den austre bøen ligg våningshuset frå 1912 og i nord på grensa til neste gard, Storemyra, går det ein gamal bygdeveg mellom Nedre og Øvre Mjøs.

Denne delen av eigedommen kan på grunn av skjøtselen og gamle spor etter bygg- og vegsystem ganske sikkert verta skildra som kulturlandskap etter definisjonen i læreboka.

HPIM4611

KORLEIS HAR DEI ULIKE NATURTYPEN BLITT BRUKTE I TIDLEGARE TIDER OG I DAG?

Frå slutten av 1960-talet vert jorda leigd bort, og graset vert slått to gonger om året. Tidvis er det også dyr på bøane, men dette er ikkje systematisk før me tek over i 2002. Frå og med 2003 har det også vore sauer som har beita først og fremst på den vestre bøen fram til hausten 2012. Frå og med hausten 2012 har bøane berre blitt slått før me no i haust altså får eigne sauer til gards. Då me overtok, byrja me også med å ta tak i attgroinga på først og fremst dei to bøane. Me har sagd ned mykje tre (gran, kratt, or, bjørk) på dei åra me har budd her for å få fram att det typiske kulturlandskapet for området og hindra attgroinga. Me har også fått SMIL-midlar i høve til dette arbeidet.

Revebjeller

Då besteforeldra mine overtok garden, var ikkje Stølen inngjerda. Dyr frå fleire eigedommar beita då mellom anna på Stølsområdet i utmarka vest for Sekkene og ned mot Småkloppmyra. På innmarksbeita gjekk berre dyra på garden og bygde/gardsvegen vart nytta av folk. Besteforeldra mine nytta løa til dyra og til  høyløe. Eg har ikkje faktakunnskap og/eller kjelder frå drifta i tidlegare tider anna enn at bygdeboka skriv at det har vore skjøtsel i området i over 1000 år.

UHELDIGE KONSEKVENSAR AV BRUKEN

Sidan besteforeldra mine vart gamle og døydde tidleg på 1970-talet, byrja altså attgroinga sjølv om det vart regelmessig slått. Med åra skyt likevel attgroinga fart og kulturlandskapet vert endra slik at store delar av bøane vart fulle av tre, buskar og kjerr. Me ser at i dei to åra me no ikkje har hatt sauer på bøane, veks busker og tre svært fort opp att. I tillegg har dei tunge maskinene også øydelagt grøftene som var rekna for hest og kjerre slik at det er ein del grøftearbeid særleg på den vestre bøen. På Sekkene held myra på å overta den fulldyrka jorda fordi grøfta hjå oss treng å reinskast. Men me er også avhengig av at ein lenger nord også grøftar slik at vatnet kan få renna ut i Vassleitet i Mjøsvatnet i staden for å gjera myra større hjå oss. På Sekkene og lenger opp på Stølen i utmarka har også manglande skjøtsel også ført til at tistlar, bjørneklo og lyssiv får spreia seg, og dette spreier jo også over eigedomsgrensene.

Nede på sekkene (bjørneklo -sør)

At det i dag er mange gardsbruk som ikkje er i drift, fører jo også til at til dømes ugras får større spelerom på dei andre gardane også, til dømes tistlar. Beita hjå oss har heller ikkje blitt gjødsla og kalka systematisk på lang tid. Det kan såleis vera truleg at mange artar er blitt borte på grunn av attgroing ettersom dette kulturlandskapet har vore i negativ endring og har påverka plante- og dyrelivet negativt. Ein av fetrane mine som er fødd seint på 40-talet, fortel også om kor rike blome- og markengene var på bøane då han besøkte besteforeldra i oppveksten.

Tilstedeværelse på Radøy

Grindverksløa har dessutan stått til nedfalls og ikkje nett vore eit vakkert syn. Lagnaden hennar har vore til å vera eit lager for  ting og tang fram til i dag. Såleis har eit viktig kulturminne sakte men sikkert stadig blitt i dårlegare stand der me har drive med naudhjelp og lapping. Faren min planta grantre i vest og nordom løa slik at ho skulle overleva stormar og orkanar, men han gjorde også dette på grunn av det estetiske. Grantrea har me nyleg felt i samband med restaureringsarbeidet fordi dei var eit trugsmål mot murane. Me har fått midlar frå nasjonalt , regionalt og lokalt hald, og me skal altså ta til med å restaurera murane i det kommande året.

Sekkene - kanalen (sør)

Bygde-/gardsvegane held også på å gro att då dei ikkje lenger vert nytta noko særleg lenger til korkje folk eller fe. Større traktorar har også øydelagt murar som held desse vegane oppe, fordi det rett og slett ikkje er bygde til anna bruk. Såleis set forfallet også preg på desse gamle vegsystema som også er viktige i eit kulturlandskap.

Del 1.2: Naturtypane på Stølen, i utmark/beitet, myr og bekkar

Frå Sekkene og til Småkloppa i nord ligg det på eit vis to beite til. Fylkesveg 409 deler beita slik at det er eitt beite aust for vegen og eitt mot vest. Beitet i aust held me no på med trefelling då desse beita har vore attgrodde i lengre tid. Dette vil eg likevel skildra hovudsakleg som eit kulturlandskap, først og fremst beitet aust for fylkesvegen, Stølen og består av i følgje http://gardskart.skogoglandskap.no/ hovudsakleg jorddekt fastmark. Derimot vert beitet i den nordvestlege delen vest for fylkesvegen karakterisert som uproduktiv skog med ei lita myr. I den sørvestlege delen vert området karakterisert som skog med særs høg bonitet.

I beitet aust for fylkesvegen har me no gjerda på nytt att største deler av beitet der ein har hatt gjerde så lenge eg kan hugsa. Og det er berre eit lite område opp mot fylkesvegen i nord som ikkje er gjerda inn. På dette området ligg også den gamle skjeneløa der alle murane står, men taket er borte. Den gamle bygde-/gardsvegen frå beitet på den vestre bøen og Sekkene held fram oppover i dette beitet og passerer skjeneløa. Oppe ved fylkesvegen går det ein gamal skogsveg/torvveg nordover til den såkalla Nore skogen som held fram nordover på eigendommane til dei som bur nord for oss. Såleis kan det utifrå dette sjå ut til at me har å gjera med tre ulike naturtypar: Kulturlandskap på den austre sida av fylkesvegen og skog på den vestre sida med ei lita myr før Småkloppmyra.

Kvisthaug nærbilete (Beite)2

Beitet aust for fylkesvegen held me altså på å rydda for busker og tre og består hovudsakleg av gras, men har også mange tuer, tistlar og lyssiv. I den søre delen er det no stort sett rydda.  Det er også ein skogsveg som byrjar på eigendomen vår og som held fram nordover til Veststølane.  På den vestlege delen er det ein del tre som har vakse opp etter ein brann i lyngmarka på midten av 1970-tallet.  Attgroinga har gått av seg sjølv her utan menneskeleg påverknad etter denne brannen.  Desse to beita har mange tuer og blaute myrområde, men ein finn enno lyng, også bærlyng, her. Heilt i den nordvestlege delen ligg altså Småkloppa og det her også eit større myrområde som går i eit belte frå fylkesvegen i nord inn på eigendomen vår og sørover mot naboeigendommen i sør. Det er altså også ei veldig lita myr opp mot naboeigendommen i nord. Småkloppmyra har i alle år blitt rekna som grensa til det me har kalla for den Søre skogen.

Sjølv om desse beita på gardskart.no vert skildra som skog av ulik kvalitet, vel eg likevel å ta dette området inn under beita. Hovudgrunnen til dette er at områda vest og aust for fylkesvegen også har mange fellestrekk og det er ikkje planta skog, alt er viltveksande. Alt kjem av attgroing og manglande skjøtsel. Om eg likevel må plassera den vestre delen som skog, er det nok problematisk at ikkje så mange av trea er tre meter høge og dei kan også stå meir enn 30 meter frå kvarandre. Likevel er det ein god del tre, og området har først og fremst furu og gran, men også ein del lauvtre (ikkje edellauvtre) og lyng, også bærlyng. Då dette området har ein god del viltveksande barskog og lauvtre, kan eg vel kanskje også plassera beitet meir nærmare bestemt som lyngrik bar- og bjørkeskog sjølv om det ikkje er så mykje bjørk. Det kan også vera mogeleg at området kan vera ei blanding av lyngrik bar- og bjørkeskog med innslag av storbregne- og høgstaudeskog då det er ein del or og bregnar om ein vel naturtypen skog (Finstad 2012:110)

Beitet aust for fylkesvegen, eller i Stølen, kan eg i mykje større grad skildra meir sikkert som kulturlandskap med utgangspunkt i kva eg faktisk veit om skjøtselen, bygdevegane og skjeneløa.

Skjeneløa (austifrå -nærbilete)kopi

KORLEIS HAR DEI ULIKE NATURTYPANE BLITT BRUKTE I TIDLEGARE TIDER?

Sidan foreldra mine tok over garden, har beitet aust for fylkesvegen tidvis blitt nytta til beite for både sauer og kyr for dei som har leigd garden. Området har i alle  fall vore inngjerda frå om kring 1950-talet. Det har også vore nytta til kornåker og til potetåker då besteforeldra mine levde.  Før inngjerdinga gjekk dyr frå ulike eigendommar fritt i dette området. Etter at me tok over, har også bøndene som har drifta garden vår, hatt sauer her. Men det har ikkje vore dyr der i dei to siste åra.

Brannen på midten av 70-tallet tok altså lyngmarka vest for fylkesvegen, og etter dette har attgroinga teke overhand. Det har,  som diskutert ovanfor, til og med vore vanskeleg å avgjera naturtypen i dag. Grundigare undersøkingar, kjelder og diverse analyser, må til får å få visse i kva området vart nytta til lengre tilbake i tid enn 1923. Når det gjeldt beitet aust for fylkesvegen, veit me med visse at denne delen har blitt nytta som beite og åkerområde heilt tilbake til 1950-talet. Bygdevegane og skjeneløa er nok av mykje eldre dato og byggjer opp under at området eigentleg er eit kulturlandskap som er grodd til. For to år sidan byrja me altså å ta fatt på å rydda denne delen av beite for attgroing med hjelp av SMIL-midlar. Me har enno litt att å  rydda i den nordre delen av Stølen og kring Skjeneløa. Faren min fortel at foreldra hans nytta ikkje noko av myrene her eller i den Søre skogen til torvuttak.

Stølsheimen

KORLEIS ER BRUKEN AV DEI ULIKE NATURTYPANE I DAG?

I dag er me i ferd med å rydda beitet aust for fylkesvegen, og me held på å gjerda det inn på nytt fordi me skal nytta det som beite for sauene våre.  Me planlegg å ha dette området til sauene, og me skal leggja tak på skjeneløa slik at dette vert ein tilfluktsstad deira. Bygdevegane er nok for skjøre til dagens store maskiner, og dei held på å gro att også. Beitet vest for vegen er også eit område som ikkje er i bruk, men me ser det som eit område me også vil gjerda inn og ha til beite litt lenger fram i tid. Myrene vert heller ikkje brukte.

svartfjesklynge_mindre

 UHELDIGE KONSEKVENSAR AV BRUKEN

Når det gjeld uheldige konsekvensar av bruken av kulturlandskapet aust for fylkesvegen, vil eg visa til det eg skriv ovanfor under det same punktet i del 1.1.  Området vest for fylkesvegen vert altså plassert som skog på gardskart.no. I dette området er det jo også negative konsekvensar knytt til manglande skjøtsel etter brannen. Attgroinga har  fått stort spelerom slik at ein i dag kan kalla naturtypen førs og fremst som skog.

Del 2.0 Naturtypane i den Søre og Nore skogen: Skog, myr, vatn og bekkar

Søre skogen ligg i forlenginga av beita eg skildra ovanfor i del 1, og han er framhaldet av den snorbeine teigen frå våningshuset vårt og går rett vest til den Søre skogen og som endar i myra ved Storkloppa. Men me har også ein teig i det som vert kalla for den Nore skogen som er skilt frå resten av eigendomen i sør. Denne strekkjer seg frå det som i dag vert kalla for Mjøsvatnet og vestover til ei myr som er ei samansmelting av Små- og Storkloppa og, som me har sett ovanfor, deler den Søre skogen i to. Den nordre teigen har ein «panhandle» som staten Texas og som får eit dobbelt så stort areal frå den siste store myra som strekkjer seg ned mot ein planta barskog og deretter held fram i retning mot myra ved slutten av skogsvegen frå Risnes/Villanger.

Desse to områda som me altså kallar for den Nore og Søre skogen består hovudsakleg av tre naturtypar: Skog, myr, vatn og bekkar:

 

  1. MYRENE I DEN SØRE OG NORE SKOGEN:

Den Søre og Nore skogen har mange myrområde knytt til kanalar, bekkar og kanskje tidlegare tjørn og vatn i nord-sørgåande retning (Bergensbogene). Eg veit med sikkerheit at besteforeldra mine henta torv i myrene i den Nore skogen til i alle fall midten av 1900-tallet. Mest sannsynleg er nok alle myrene her i utgangpunktet jordvassmyrer som får vatn både frå nedbør og frå overflate- og grunnvatn (Finstad 2012:123) På og kring desse myrene, er det også lyng.

Skog ved Storkloppa 3 (sør)

Men utifrå kva eg har sett når eg no har gått over heile eigendomen, må nok ein del av myrområda også karakteriserast som nedbørsmyrer som alltid er fattige. Årsaka til dette er at eg såg at ein del av myrene, særleg i den Nore skogen, hadde mykje torv akkumulert på toppen. I følgje læreboka får då ikkje «myra lenger vatn frå grunnvatnet» og går då over frå å vera ei jordvassmyr som kan vera både rik og fattig, til å verta ei fattig nedbørsmyr som nesten berre får vatn frå nedbør. (2012:123) Jordvassmyrene i desse to områda meiner eg hovudsakleg er flatmyrer danna av attgrodde tjern. Eg trur at den største myra i nord, kanskje kan vera ei bakkemyr utifrå hellinga då eg gjekk der.

2. SKOGEN I DEN SØRE OG NORE SKOGEN

Skogen i både sør og nord meiner eg best kan skildrast som kulturskog. Då nyttar eg ei anna inndeling etter grad av menneskelege inngrep enn den eg nytta ovanfor  som baserer seg på vegetasjonssamnsetninga (2012:110) Skogen i nord veit eg er yngst då faren min var med på skoplantinga på 1930- og 40-talet. Skogen i sør er eldre, og i følgje faren min var han planta før foreldra hans kom. I denne delen vitnar mange gamle trestubbar som står att om dette.  I dag er skogen, og særleg i den Nore skogen, slik læreboka skildrar kulturskog som «Monotone fiberåkrar med lite biologisk mangfald» sjølv om me ikkje har drive med planting, tynning og slutthogst dei siste 40 åra. Eg tykkjer skogen i sør er annleis og lurer på om delar av han kan definerast som naturskog i dag som i læreboka vert definert som « delvis påverka skog (2012:110).

Skogsveg ml Stor- og Småkloppa (sør)

3. VATN OG BEKKAR I DEN SØRE OG NORE SKOGEN:

Den Nore skogen vår grensar altså til Mjøsvatnet i aust. Mjøsvatnet er eit ferskvatn i nord-sørleg retning, og vatnet frå kanalen på Sekkene på teigen lengre sør renn til slutt ut i dette vatnet. Såleis er det ein del avrenning frå landbruket, og det kan vera naturleg å tru at dette vatnet eit mesotroft vatn. Teigen i den Nore skogen grensar heilt i vest til ein bekk som kjem frå myrene og bekkane i både Stor- og Småkloppa lenger sør mot skogsteigen vår i den Søre skogen. Men det er mange myrområde som ligg i hellingane ned mot vatnet i nordaust. Det kan difor vera sannsynleg at Mjøsvatnet heller kan karakteriserast som dystroft og ikkje mesotroft, fordi det er eit vatn i ope lende med ein del skog, men som vert sure av tilsiget frå alle myrene kring og skogbotn. Dette må det grundigare analyser til for å få stadfesta.

NSKogen_grenseneset_Stang (2)

KORLEIS HAR DEI ULIKE NATURTYPANE BLITT BRUKTE I TIDLEGARE TIDER?

  1. MYRENE I DEN SØRE OG NORE SKOGEN:

Eg veit at myrene i den Nore skogen har blitt nytta til å henta ut torv i den tida besteforeldra mine levde. Me kan enno sjå spor etter dette arbeidet i myrene, dei gamle torvvegane og murrestar etter torvhus. Eg har også funne restar etter gamle gjerdestolpar som kan tyda på at ein har brukt området også til utmarksbeite og kanskje til og med til slått. Etter krigen og opp mot 1950-tallet erstattar ved etter kvart torv og besteforeldra mine sluttar med torv. Sidan den tid har myrene ikkje blitt brukte til anna enn at delen heilt i vest har blitt til kulturskog og lite brukt til friluftsliv.

NSkogen_torvmyr_nærbilete_kant NSkogen_murrest_før_nestsiste_myr

2. SKOGEN I DEN SØRE OG NORE SKOGEN:

Eg veit ikkje så mykje om tida før skogplantinga på om lag 1930-talet, men det er mogleg at besteforeldra mine nytta desse områda til beite også. Eg fant også gamle restar etter gjerde som kan tyda på dette. Frå tida før 1923 må eg utforska munnlege og skriftleg kjelder grundigare. Besteforeldra mine nytta skogen som kulturskog, og dei nytta primært skogen i sør fordi den i nord vart planta ein del seinare. Dei brukte skogen til sperrer i løa og anna byggverk, men nytta det også til gjerdestolpar og hese-stolpar. Det som var att, nytta dei som ved i tillegg til torva.

Furustammer_sol (3)_mindre Ho_ser_ikkje_skogen____

3. VATN OG BEKKAR

Vatn og bekkar vart nytta til matauk slik at ein fekk aure og ål i tillegg til det dei fekk frå havet. Men fisk frå sjøen var viktigare enn fisk frå ferskvatn.

KORLEIS ER BRUKEN AV DEI ULIKE NATURTYPANE I DAG?

Me og mange andre nyttar skogen vår først og fremst til å plukka sopp. Området er utruleg rikt på sopp og Radøy vert av mange soppkyndige karakterisert som eit Sopp-Eldorado. Det er nok også ein del som plukkar bær, særleg i den Søre skogen.  I tillegg vert skogane nytta til jakt og då primært hjortejakt då det er mykje hjort og hjortetråkk i område, ein dyreart som visst nok ikkje eksisterte her før så vidt eg veit. Hjorten et like gjerne eføyen i hagen vår som graset på myrene og i skogen. Myrene vert heller ikkje nytta til noko av oss menneske, og det er få som går i desse myrområda då det er vanskeleg å ta seg fram. Dette er eit område som er rikt på fuglar, dyr og insekt. Til tider ser me til og med havørna, som er øvst på næringsstigen, sveva over oss. Mjøsvatnet og bekkane blir i svært liten grad nytta til matauk, og kanalen frå Sekkene samlar opp avrenning. På og ved Mjøsvatnet er det også trekkfuglar som til døme gjess og svaner. På sikt planlegg me å gjerda inn utmarksbeitet i den Nore skogen til beite for sauene på sikt.

JoJo_kantarell_mindre

Myrområda er heller ikkje truga av utbygging i nokon stor grad (2012: 1-43). Det har vore diskutert om ein skal byggja vindmøller på ulike området på vår og andre sine eigendomar i den Nore skogen. Men dette gjekk ikkje gjennom politisk på grunn av miljø- og naturvern og nokre grunneigarar har vore kraftig imot. Dette er også eit område der den nye kraftlinja kjem til å passere (sjå del 3.0)

UHELDIGE KONSEKVENSAR AV BRUKEN

Det er mogeleg at større delar av jordvassmyrene vil bli til fattige nedbørsmyrer når det no er over 60 år sidan ein tok ut torv. Myrene vert fattigare då torv akkumulerer seg på toppen, men området har ikkje hatt større truslar enn dei nye mastene til BKK. Skogen som ikkje har hatt skjøtsel på mange tiår, er kanskje heller blitt til ein naturskog enn kulturskog der hjorten dominerer slik at ein no styrer jakta kommunalt for å halda talet på hjort nede. Slik prøver ein å unngå at han ikkje vert eit problem for lokalsamfunnet og beita til bøndene. Mjøsvatnet og kanalen har tidlegare vore svært forureina på grunn av giftig avrenning frå landbruket i dei tidene då det var mange bønder på Mjøs. Vatnet hadde ei stund utruleg med algar og var langt frå reint, men det har blitt betre no når slik drift er blitt kraftig redusert og ein tenkjer meir miljøvenleg og økologisk. Vatnet har no mykje fisk og det er nok sannsynleg at ein skulle ha fiska opp mykje meir av fisken då det er lite folk som fiskar der.

NSkogen_myr_med_øy_sør_mast

Del 3.0: Ytre truslar

I samband med skrivinga av denne oppgåva, tok eg kontakt med Arealplanleggar i Radøy kommune og fått mellom anna dokumentet Landskapskartlegging Radøy kommune med landskapsanalyse for Marås  (laga av Norconsult) og utsnitt av kommuneplanenes arealdel som syner arealføremål (Vedlegg 1).  I det første dokumentet er ramma og prioriteringa å skildra dei ulike «landskapsområda med infrastruktur som gjer det aktuelt å lokalisere nye bustadområde» (s.5). i samband med den nye fylkesvegtraseen 565.

Myr ved Storkloppa (ovanifrå -sørvest)

I kapitlet «Kystmyrane – her bur og arbeidar vi» står det følgjande om myrene på den grøne øya: «Kystmyrane er altså typiske for Radøy, men meir sjeldne i fylket elles. Det er viktig å ta vare på dei myrane som er urørte, og heller vidareutvikle dei områda som alt er utbygd.»  (s. 11) som er i tråd med, slik eg har skrive ovanfor, kva læreboka seier om slike myrer i europeisk samanheng. Då myrene våre ligg utanfor desse utbyggingsområda, kan det sjå ut til at myrene på garden hjå oss ikkje er truga av utbygging. På side 11 i dette dokumentet er det også eit flyfoto som biletillustrasjon til kapitlet om kystmyrane frå strekninga Mjøs-Villanger. På dette biletet er den Nore Skogen vår med:

I denne landskapskartlegginga vert kystmyrane på Manger, Myking og Lyngåsen valde ut, medan myrområda mellom Mjøs-Villanger, Byrkjeland og Nordanger ikkje vert nærmare undersøkte. Av dette tolkar eg at det ikkje er eit område kommunen er interesserte i å byggja ut i den nærmaste framtida (s. 13). Det er først og fremst dei indre delane av Radøy som er truga, men i oppsummeringa står det følgjande retningslinjer om dei andre områda:

«Større infrastruktur som vegar og kraftleidningar bør i størst mogleg grad ta omsyn til den langsgåande strukturen og ikkje gå på tvers av denne. Der det er nødvendig å krysse til dømes vatn eller åsar, bør dette skje skånsamt med omsyn til landskapsbildet.» (s. 39)

Om me då ser på kartutsnittet av kommunens arealdel, ser me at det går ei gate for gassrøyr rett utanfor eigendommen vår ved Storkloppa i sørvest. I tillegg går den nye omdiskuterte kraftlinja til BKK ikkje langt frå begge teigane våre. Dermed er dette to ytre trugsmål for området.

Når det gjeld skogen, peikar planen på at denne kan vera ei glede for folk eller ei pest og ei plage alt etter som kva for verdisyn ein har. Dette vert omtala slik:

 

«Granplantefelta er eit vanleg syn på Radøy, dei er så vanlege at dei er ein del av
landskapskarakteren. Likevel markerer dei eit brot i kontinuiteten i landskapet. Skogen
skapar veggar i det som tidlegare var opne landskapsrom. Folk vil oppleve granskogen ulikt
etter kva referanserammer dei har. Dei fleste som bur på Radøy vil nok ha identiteten sin i
det opne landskapet. Skogeigaren som har utsikter til økonomisk gevinst av plantefelta vil
gjerne sjå på desse som ein del av produksjonslandskapet og ei god utnytting av
ressursgrunnlaget» (s. 13)

 

I oversikta til slutt i dokumentet til Norconsult, vert Mjøs-Villanger karakterisert som kystmyr.

AVSLUTNING                                                                                

Eg har no gått gjennom eigendomen vår og prøvd å diskutera kva for naturtypar som finst på dei ulike områda med utgangspunkt i ei grov skildring av sopp-, plante-, dyreliv og anna som læreboka seier er viktige i eit slikt arbeid. Som me har sett, har det vore vanskeleg å avgjera naturtypen nokre stader. Med bakgrunn i det eg skriv i hovuddelen  kan det sjå ut til at hypotesen min: Kan ein plassera store delar av bruket i den store sekken Kulturlandskap, kan vera meir relevant enn kva eg trudde i starten av dette arbeidet. Skogen er altså av relativt ny dato om ein ser bruket i eit historisk perspektiv med dokumentert skjøtsel 1000 år tilbake i tid. I skildringa mi av naturtypane i dag såg me difor at innmarka hovudsakleg er kulturlandskap med myr, og det same gjeld Stølen. Medan utmarka før Småkloppmyra plasserte eg som skog på grunnlag av vegetasjonssamansettinga, men eg ymtar fram om at området nok opphavleg kanskje har vore eit kulturlandskap. Dette finn eg støtte for i offentlege dokument også.  Den Søre og Nore skogen har følgjande naturtypar: Skog, myr og vatn. Skogen definerte eg naturtypen utifrå graden av menneskeleg inngrep og ikkje vegetasjonssamansetting, myrene som hovudsakleg jordvassmyrer og vatnet mest truleg som eit dystroft vatn. Om ein tek definisjonen av kulturlandskap i læreboka på alvor, skal ein gå bakom notida og her ser det altså ut til at store delar om ikkje heile bruket faktisk kan karakteriserast som kulturlandskap utifrå bruken i tidlegare tider.  Som me har sett ovanfor har manglande skjøtsel og skogplanting gjennom lang tid ført til alvorleg attgroing som kan ha endra den opphavlege naturtypen/typane dramatisk frå tidlegare tider. For å få større visse i dette, krev dette eit større arbeid, kjeldegransking og prøvar enn kva rammene for denne oppgåva har.

Våningshus_austrebøen_rundballer_sør

Til slutt vil eg trekkja fram at strilen i dag ser ut til å vera meir stolt over opphavet sitt enn tidlegare. Kanskje kan denne veksande sjølvtilliten hjå strilen også hjelpa ho å ta vare på så vel kulturlandskapet som gamle spor etter bygg, gravskikkar, vegsystem og liknande?  Nyleg oppdaga eg at eg hadde gått glipp av å søkja kommunale midlar til kulturminnevern. Men eg vart ikkje så veldig lei meg då eg fekk vite at fristen var gått ut og den totale summen var på 45 000 kr. Ein radværing skreiv i eit lesarbrev i lokalavisa og peika på at dette rett og slett eigentleg er eit spøtt i det store havet. Dette gjer eg denne lesaren heilt  rett i, fordi denne summen er låtteleg liten berre på garden vår. Stønadsordninga vert, som sambygdingen min peikar på også,  meir av symbolsk karakter i ei tid då kommunekassa er relativ tom og det er innsparing i alle krinklar og krokar. Kanskje må myndigheiter lokalt, regionalt og nasjonalt også må vakna opp og setja pris på dei opphavlege naturtypane i området  og setja pris på det i kroner og øre og ikkje berre i 17-maitalar gjennom små symbolske summar?

Pengane som vert sett av til kulturminnevern i Radøy, viser på ingen måte at radværingen og strilen har så mange kulturminnevern og vera stolte over når det kjem til kroner og ører.  Men eg er i alle fall vakna opp og er stolt over strilekultur og byggeskikken vår nett som franskmenn er stolte over kunst og katedral hjå dei, men me er også avhengige av at dette vert prioritert i budsjett og ikkje gjort til ei privatsak der kulturminne vert nærmast eit frivillig arbeid der lommeboka til grunneigaren står for budsjett og rekneskap.

 Kantarell_solKjuke_mindre

 

Skriftlege kjelder:

Finstad m.fl.  2012. Forvaltning og drift

Haugland, Anders.2006. Radøy gjennom tidene. Bind 1.

Indrelid, Svein. 1996 Strilesoga: Nord-og midhordland gjennom tidene, band 1

Norconsult. 2012. Landksapskartlegging Radøy kommune med landskapsanalyse over Marås

flogesopp  Snyltar_på_snyltar_2

Munnlege kjelder:

Else Rigmor og Norvald Sæle (foreldra mine)

Kjersti Flatråker, Arealplanleggar i Radøy kommune

Arild Sætre, Museumssenteret i Salhus

Roald Langøy, Fylkesarkitekt i Hordaland

maurtue_mindre

Nettkjelder:

http://gardskart.skogoglandskap.no/

http://gardskart.skogoglandskap.no/map.html?komm=1260&gnr=16&bnr=4

leaf

 

Del gjerne innlegget med ditt nettverk! Takk!
Tweet about this on TwitterShare on FacebookEmail this to someoneShare on LinkedIn
Dette innlegget ble publisert i Gardsdrift. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *