«Menneske kan drøyme store draumar på små puter” (frå romanen «Svar på brev frå Helga» av Bergsveinn Birgisson, 2010)

Det er utruleg kjekt å blogga når ein byrjar å få respons. Det er jo ikkje sjølvsagt at ei litteratur- gards- og yogakjerring på 40+ som bloggar om livet ho har i Bygde-Noreg på nynorsk, i det heile teke skal ha lesarar, tilhengarar og følgjarar slik unge, snedne rosaberter og fotballfruer har i hovudstaden og i meir sentrale strok. Kva skulle no eg kalla meg for? «Pedagogisk-leiar-på- Knarvik-vidaregåande- skule-frue»?  Eg veit no ikkje heilt, eg. Takka meg til kjerring…  Eg er no det eg er, og det lyt både eg og andre akseptera …

kvitsau_flokk_redusert_crop

Men tilbake til responsen på bloggen. Om dette skulle vera til noko trøyst for andre der ute, så var det for meg ein enorm terskel å publisera det eg skriv og i tillegg publisera det på ein blogg. Tru det eller ei: Jantelov, prestasjonsangst og det som verre er, kom feiande inn over ei godt vaksen universitetsutdanna litteraturkjerring.

Trass i eit hovudfag i nordisk og mange års røynsle med tolking og lesing av skjønn- og faglitteratur, måtte eg bli dytta, skubba og til slutt hoppa eg rett og slett frå 10-meteren.  Først og fremst hoppa eg over mine eigne redsler og fordommar,  berre for å oppdaga at det ikkje var så farleg likevel. Tvert i mot har det blitt til ei stor, kreativ glede i livet mitt, og det er fantastisk dumt at eg ikkje byrja med blogginga tidlegare.

Det er godt mogeleg at det er folk som mislikar det eg skriv, men det er no berre positive tilbakemeldingar eg har fått til no. Og det kjekkaste er når folk byrjar å prata med meg om emne eg skriv om, og ikkje minst sender meg litteraturtips. Og her før jul var det fleire som tipsa meg om Bergsveinn Birgissons Svar på brev frå Helga.

Då bar det atter ein gong til verdas beste bibliotek, Radøy bibliotek . Eg vart ikkje skuffa og tenkjer at denne boka må stå på pensum på alle landbrukskular og landbrukshøgskular i Noreg.  Denne vesle romanen har alt som livet rommar: Døden, kjærleiken og havet – og dampande og heit erotikk. Kva meir kan ein eigentleg ønska seg… Det er ikkje utan grunn at Dagbladet skriv at romanen «er langt mer erotisk enn Fifty Shades» og at romanen var ei av bøkene som vart innstilt til Nordisk råds litteraturpris i 2012.

Det er ikkje noko fancy hovudstadmiljø det er snakk om her med næringslivstoppar, finansmenn, universitetsfolk, journalistar og kjendisar. Nei , forteljaren er ein gamal sauebonde blant andre vanlege bønder langt uti gokk på Island. Men når han vert gamal gubbe og rett før han skal døy, gjer han opp rekneskap over livet sitt gjennom å svara på eit gamalt brev frå den store kjærleiken, Helga. Og meir seier ikkje eg, men let visdomen til brevskrivaren koma til orde her:

«Sume menneske døyr på grunn av det som er utanfor dei. Andre døyr fordi dauden er i dei frå gamalt av og låser seg om blodårene deira innanfrå. Dei døyr alle. Kvar på si vis. Sume fell i golvet midt i ei setning. Andre takkar fredfullt for seg i ein draum. Sloknar då draumen, slik som når ein film ikkje vert projisert på leretet lenger? Eller skifter draumen berre form og får nytt ljos og nye fargar? Og legg den som drøymer, på nokon måte merke til dette?» (Svar på brev frå Helga, 2010)

IMG_2516

 

GOD BOK, folkens!

Takk til  mellom anna Hanne, Jarle, Brita, Solveig og Jannike!!!

 

leaf

Del gjerne innlegget med ditt nettverk! Takk!
Tweet about this on TwitterShare on FacebookEmail this to someoneShare on LinkedIn
Dette innlegget ble publisert i Gardsdrift, Kjerringliv, Litteraturkjerringa, Uncategorized. Bokmerk permalenken.

4 kommentarer til «Menneske kan drøyme store draumar på små puter” (frå romanen «Svar på brev frå Helga» av Bergsveinn Birgisson, 2010)

  1. Jannike S. Nordanger sier:

    Den skal eg lesa! Og bloggen din gledar eg meg like mykje til kvar gong – når eg er i «sentrale strok» med internett-dekning, vel å merka….. 😉

    Klem frå hollandske trakter til strilalandet! :)

    • Yogakjerringa sier:

      Takk, kjære Jannike! Du er jo ein inspirator med mellom anna blogg, fotografering, skriving og kreativitet! Og det er mogeleg med internett-dekning på landet også, men då må ein også driva distriktspolitikk i distrikts-Noreg;-) PS: Trur dette er ei bok for gubben også!

  2. Solveig sier:

    Den må eg og lesa ! Kjekt å følge deg Mona, du er dyktig !!

    • Yogakjerringa sier:

      Takk, Solveig for godorda. Det er kjekt at det eg skriv kan vera til noko for andre enn meg sjølv. Boka kan du kjøpa, men eg veit at det har vore litt ventetid på ho då ho har kome i eit nytt opplag. Men sjekk med Radøy Bibliotek!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *