Refleksjonsnotat etter skrivekurs med Hanne Ørstavik, Bergen januar 2015.

I god tid før jul fekk eg ein e-post frå Autismeforeninga i Hordaland om at dei og Norsk Forfattarsentrum Vestlandet ville skipa eit skrivekurs for medlemmar i Autismeforeninga med Hanne Ørstavik. Eg var nok den første til å melda meg på og kunne ikkje tru at det var sant, at noko så livsviktig kom rekande på ei fjøl til meg, som manna frå himmelen rett og slett.

utsyn

I helga møtte ni andre kvinner og eg forfattaren, skrivekurspedagogen og medmennesket Hanne Ørstavik. Hanne leia oss gjennom helga på roleg og varleg vis og tok oss alle imot slik me er. Ho er ein menneskekjennar og ein dyktig skrivekurspedagog som våga å møta oss, ni mødrer og ei mormor til born og unge med ein diagnose innan autismespekteret. Og me hadde vore modige og skrive om den aller største gleda vår, det vakraste, det såraste, men også det som gjer at kvardagen vår til tider vert vanskeleg. Og no skulle eg presentera skribleria mine for vilt framande og til ein stor, kjend, norsk forfattar.

Kjensler og det å visa kjensler i kvardagen som til dømes å grina, er jo eigentleg noko vi skammar oss over om det skjer. Ein kan også høyra folk, gjerne menn og gjerne eldre menn seia at «Det er uprofesjonelt» eller at «Det taklar ikkje eg, det får ein kvinneleg kollega ta seg av». Heldigvis hadde me Hanne som lærar, og ho fekk sjå snørr og tårer, Kleenex og serviettar flyga vilt på pauserommet til Litteraturhuset i Bergen. Ho, derimot, rosa oss opp i skyene, snakka oss opp for alle kjenslene og alle tankane me våga å dela gjennom både gråt og latter, både skriftleg og munnleg undervegs i kurset. Hanne skapte rett og slett eit heilt trygt og godt rom der alle kjensler var OK. Og det er ein kunst.

 

IMG_1387

Når det kjem til borna våre, vert nok alle og ein kvar, mødrer som fedrar, kjenslemessige, vil no eg tru. Og kva hadde du gjort om ditt born var annleis? Korleis trur du at du hadde takla kvardagen, fordommar? At barnet ditt knapt hadde vener og ingen eigentleg tykte at det var ei stor sak, at du til tider og i periodar må kjempa for eigentleg heilt sjølvsagde, grunnleggjande ting? Hadde du valt å fortrengja, sørgja, kjempa, vera offer, vera forbanna…. eller alt-på-ein-gong eller i fasar? I ein fantastisk humoristisk og sår tekst skriven av ein av deltakarane, var tematikken mellom anna dødsangst.  Men det var ikkje dødsangst i vanleg forstand – om eg kan formulera meg slik. Nei, for dødsangst kan faktisk vera at du er redd for å døy før barnet ditt. For kven skal halda rekkverket oppe, støtta, hjelpa og kjempa når du ikkje lenger er der? Takka vera dette skrivekurset har eg no forstått og akseptert at som menneske med ein slik familiesituasjon kan dette faktisk vera ein heilt normal tanke, ei heilt normal kjensle å ha. Det er ikkje småtteri å få læra på eit skrivekurs.

Å våga å kjenna på ulike kjensler er, slik eg forstod Ørstavik, ein føresetnad for skjønnlitterær produksjon: Ein forfattar må våga å gripa fatt i kjenslene han eller ho har, våga å verta kjend med dei og seg sjølv. Om nokon seier at noko er privat, personleg, vil då heller verta  meir eit forsvar eller skjold og ikkje minst eit teikn på at ein kanskje ikkje er klar til å dela, skriva. Derimot peika Hanne på at forma kan verta privat, men ikkje tematikken. Som forfattar må ein då jobba mot korleis den andre, lesaren, kan få tilgang til kjenslene.

Då kurset var slutt, var det uendeleg trist at det plutseleg var over. Eg hadde fotoapparat med og hadde villa ta bilete av heile gruppa og Hanne (Ja, eg nyttar eg rett og slett førenamnet hennar), få autografen til Hanne i ei av bøkene ho har skrive, men det vart det ikkje noko av. Litt non chalant kanskje. Men det var berre det at det var viktigare ting å nytta den dyrebare tida til. Alle hadde lyst på fleire kurs med Hanne, men me veit ingenting om dette kan verta ein realitet. Om nokon av dei andre på skrivekurset eller eg nokon gong vil kunna bli forfattar, er jo noko usikkert, men det manglar ikkje på talent. Og me våga i alle fall å dela kjensler med vilt framande og autoritetar. For meg var kurset svært viktig for livet mitt, livsviktig, og eg trur nok at kurset kanskje hadde terapeutisk verknad for andre enn meg. Men det er von i hengande snøre då kvinner tradisjonelt debuterer litterært mykje seinare enn menn. Eg har høyrt om ei kvinne som var over 80 då ho ga ut den første romanen sin….

I dag tidleg opna eg ein utruleg vakker og flott e-post frå ei kvinne eg ikkje hadde møtt før laurdag. Ho takka alle som hadde vore på skrivekurset med henne i helga med mellom anna eit rett og slett vakkert dikt. Slike epostar ønskjer eg meg fleire av. Om eg ikkje møter denne kvinna eller nokon av dei andre igjen, kjem eg likevel alltid til å hugsa alle desse kvinnene, borna deira og ikkje minst møtet med Hanne Ørstavik.

Til slutt vågar eg å publisera ein av tekstane eg skreiv til dette skrivekurset, eit lite dikt, som eg trur kan oppsummera helga for fleire enn meg:

 

 

hundretusenmillonar regndropar

er oppsamla innerst i sjela mi

no vil dei opp og fram

leafTakk til alle dei andre skrivekursdeltakarane!

Takk til Hanne!

Takk til Autismeforeninga Hordaland!

Takk til Olaug! Skrivekurset hadde nok ikkje blitt til om det ikkje hadde vore for forfattar og forfattarkonsulent ved Norsk forfattarsentrum Vestlandet,  Olaug Nilssen. Ho har også skrive ei bok «Kjøkkenbenkrealisme»  som handlar om at ho «…valde annleis etter at ho fekk barn, særleg etter at det synte seg at den eine sonen hennar har særskilte behov.» http://www.samlaget.no/nn-no/fakta%20og%20dokumentar/samtid-og-debatt/samtid/kjoekenbenkrealisme/hefta.aspx

Takk også til Åsmund!

 

Del gjerne innlegget med ditt nettverk! Takk!
Tweet about this on TwitterShare on FacebookEmail this to someoneShare on LinkedIn
Dette innlegget ble publisert i Kjerringliv, Litteraturkjerringa. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *