Friluftstmånaden januar 2015: Nokre turar på Radøy

 

syltaneset

I fjor sommar ferierte me store delar av sommaren på Radøy og i Nordhordland. Eg angrar berre på at me ikkje reiste endå meir på oppdagingsferder både til havs, til fjells og på land i heimkommunen så vel som regionen. Eg hugsar særleg ein søndag me sykla til endes i Marøyne. Deretter bada me i Byngja og hadde piknikk der før me sykla heim att i kontentinalt sommarvèr som tørka håret før me var komne heim.

dampen

Medan me sat der og kjende sommarlukta av sjø, sau, tang og tare og høyrde dønningar og plask, tenkte eg på feriar me hadde i Bretagne då borna var små. Me ville alltid til Frankrike og ha sjø og sommar, men den franske rivieraen var uaktuell. Paradiset fann me i regionen Bretagne som har mykje til felles med kysten her hjå oss.

Rossnes

Det er enklare å komma seg ut på tur i sommarhalvåret. Likevel er det så mykje vakkert å sjå og oppleva i vinterhalvåret her på øyne også. Under kan du sjå ein del bilete frå nokre av turane mine i januar i friluftsåret 2015. Seinast i går gjekk eg til Storevarden i utmarka mellom Mjøs og Villanger og kjende sluddet piska i ansiktet og på lår. Det var lite att av varmen frå sykkelturen til Marøyne i sommar.  Eg set likevel umåteleg stor pris på naturopplevingane på denne tida av året, det er noko med lyset… Det er som eg ser mykje meir opp mot himmelen, legg merke til dynamikken i lys og skydekke på eit anna vis enn i sommarhalvåret. Bileta rett under er frå ein tur til Morkenfjellet med fire hunder, mann og born tidleg i januar, så er det diverse bilete frå turar på Mjøs, Nordanger, Bømarkane, Sletta og Skageneset. Ein del merker og arr etter Nina vil det også vera å finna her då me ikkje kan driva sensur av røyndommen. Og det var utruleg spennande å gå under ei stor rot som Nina hadde rive opp. Heilt til slutt er det eit bilete av noko eg ikkje skjønar kva er? Men kanskje du gjer det ….

 

sunniva_dida

Sunniva kosar med Dida på veg til Morkenfjellet. Korkje mamma eller pappa greidde å styra med Dida, men Sunniva fant ut or det: Dida måtte berre få ein del dosar kos undervegs, så gjekk ho som ei prinsesse i band utan å bita i bandet eller hoppa.

halvor_kos_didaEndeleg ein Halvor-kos til Dida!

MUL_snø

morkenfjellet

JOJO_storevarden

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Svarthaugen

Svarthaugen2

rotkvelv (2)

 

 

 

 

 

 

 

rotkvelv (3)

Seriøsrotkvelv

tilSkageneset

 

bekkenbrusar

 

 

Bedehuset

Storevarden

Sludd

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

kvaerdetteOg kva er dette?

 

 leaf

Del gjerne innlegget med ditt nettverk! Takk!
Tweet about this on TwitterShare on FacebookEmail this to someoneShare on LinkedIn
Dette innlegget ble publisert i Kjerring på tur, Kjerringliv. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *