«Det har begynt» (Debutsamlinga til Øyvind Rimbereid, 1993)

Etter mange år med papir- og tankearbeid byrjar det verkeleg å skje ting med løa. I desse dagar er Berit Bruvik med fleire damer og Haakon Aase godt i gang med murarbeidet på løa vår.

LØA_UTAN_GRAN

Før dei kunne sette i gang, var det for oss å rydda løa, få vekk dei rotne plankane i golvet og ikkje minst få vekk alt vatnet frå kjedla som har runne inn i smalahuset. For oss har løa vore ein stad me kunne samla opp gamle ting i staden for å køyra det til gjenbruken – ein lagnad mange andre løer nok også har fått.

Golvet sett fra fjøs 1

ROT_OPPE

Me har gjort oss nokre tankar på alt det materielle me har stappa inn der og har lurt på kva i all verda me har tenkt på. Ein konklusjon er at me skal konsumera mindre og verta endå meir medvitne om gjenbruk og ikkje kjøpa oss lukke i glas og plast.

Låvebru_framsida

Låvebru_sida

Vatnet frå den gamle kjedla er det litt meir arbeid med. Store røter har vakse seg ned i kjedla og sprengt veg for vatnet inni smalahuset. Ein viktig jobb vert difor å pumpa ut vatnet, og det kjem ein kar som skal sprenga med trollkraft under løa slik at vatnet vert leia bort frå løa.

STEINRYDDINGSRØYS_BERIT

iARBEID_LÅVEBRU

Det er så fantastisk at me er komne hit. Damene i full mundur, oljebukser og oljehyrer, arbeider i skrivande stund i striregn og jobbar og står på i gjørma framom og ved sidan av låvebrua. Ei flott steinryddingsrøys er lagt opp, og dei har allereie funne to skattar: to flotte heller framom fjøsdøra som rett og slett gjorde meg poetisk:

Inngang fjøs øst 1

Dør_dørhelle_sauefjøs

Under eit tjukt lag ormegras og kveke:

To vakre, store steinheller

Lyden av treskorne til forfedrar og –mødrer

leaf

Del gjerne innlegget med ditt nettverk! Takk!
Tweet about this on TwitterShare on FacebookEmail this to someoneShare on LinkedIn
Dette innlegget ble publisert i Gardsdrift, Kjerringliv. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *