hundretusenmillionar regndropar
er oppsamla innerst i sjela mi
no vil dei opp og fram
Eg har møtt mange menneske frå mange land og riker. Eg har studert bøker og reist lengre enn langt. Eg har måtta ropa til kvardagen, og han svara med digitale skjema. Kvardagen laga asfaltert, kommunal veg over hjarta mitt. Ord trøysta meg, og eg har diskutert med fiktive personar frå tekstar eg inhalerte. Piggtrådkratt voks opp heilt fram til eg måtte velja mellom stein og kjøtt . Eg pustar ut og pustar inn, har pusteleksjonar, legg meg ned og står opp att og byrjar på nytt. Eg skal ikkje skulda på eit barn som vart sendt meg med livsleksjonar. Min båt var så uendeleg liten og havet utan botn. Trutnar båtar for kvart åretak eller går dei uansett til botnar. Noko sa «Kom». Eg gjekk ut i sola og ropa ut ein elegi utan blygsel og takk. Eg trygla og lufta var klar, og eg høyrde vinden blåsa
Det er alltid eit møte. Me sit der igjen. Me skal synga songen vår på nytt. Det er kaffikanner og sjokoladekjeks på møtepultane. Eg søler kaffi og ullgenseren syg opp flekken. Rommet er fullt av kommunale og fylkeskommunale kvinner, meg sjølv og mannen min, og du er igjen ei sak.
Du ligg på spisebordet når me et. Me badar deg i ein lyseblå IKEA-balje på det same bordet. Huset er ikkje ferdig, og det er nordavind i den nora stova. Det hamrar, det grev, det sprengjer utanfor oss. På søre lemmen ligg du oppå meg og søv, et og gulpar. Eg har mykje, eg har deg.
Det er møte. Det er jobb. Det er nye møter. Me syng refrenget vårt. Det er jobb. Permen din veks. Me kjøper nye permar, får fleire planar, innkallingar, vedtak, skjema. Det er jobb. Søstera di kjem heim, ho vaktar deg. Ho gret, er sint, lei seg og fortvila. Det vert fortalt at du har ein dum og sjuk hjerne.
Innimellom er det ferie, fest og helg. Avlastinga har ferie. Me er vertar, me vartar opp. Me er flinke, dyktige. Julemiddagen ender med tårer over ribbe, medisterkaker, julepølser og raudkål. Det er det ingen som ser. Når det er jobb, er det ferie. Når det er ferie, er det jobb. Kven kan forstå det.
Me må verta betre foreldre. Mannen min og eg får gå på kurs. Me får nye møteinnkallingar og nye tilbod om kurs. Me får nye vedtak. Det går år før vedtak vert praksis. Det vil alltid vera eit nytt møte. Me skal atter syngja refrenget vårt, om att og om att og om att. Me kjem til å skriva nye kampsongar trass i digitale skjema, papirvedtak og kommunal økonomi.
Og du kjem til å spørja meg på sykkeltur: «Kvifor skapte Gud oppoverbakkar?» Og eg skal igjen svara: «Fordi han ville me skulle få lov til å renna i nedoverbakkar også»
Du skriv så STEIKJE fint, vennen min!!!!
Takkar så mykje for det, kjære du! Men denne teksten har hatt ein lang og trang fødsel også;-)