Guilty pleasure songs (ABBA-showet til HSML med band og vokalistar)

I barndommen min på 70-talet og tidleg 80-tal imiterte me  og song me ABBA-songane heilt gravalvorlege. Så kom det eit tiår der eg fant ut at den beste måten å handtera dette stygge kapitlet i biografien min på, var å bli ironisk og leggja det bak meg.

leaf.

Då eg på 1990-talet vart student og byrja å gå på konsertar på Garage og Hulen, forstod eg fort at uniformen frå 80-talet med rosa dressjakke og andre  glamklede i pastell- og neonfargar berre måtta pakkast ned for å passa inn i det nye kvardagsmiljøet mitt. Puddelfrisyren min tok det litt lengre tid å bli kvitt, men etterkvart kom den fullstendige studentstilen på 90-talet på plass som mellom anna var inspirert av Grunge-rocken frå Seattle.

Men det var ikkje berre klede og hår som skulle vera korrekte, også musikksmak burde vera av eit visst slag. Å koma drassande med Michael Jackson og ABBA, var vel eigentleg noko av det verste ein kunne gjera. Men då det lei litt ut på kvelden, natta eller morgonen, og folk vart litt meir avslappa og usensurerte, skjedde det alltid at ein eller annan heilt anonymt sette på ABBA-GOLD på CD-spelaren  til stor glede for dei aller fleste. Då vart det liv på dansegolva på hyblane rundt omkring i Bergen og så kunne ein dagen etterpå seia at «Fylla har skylda».

Då er det godt å ha kome midt i livet og gle seg utan ironisk distanse og heilt edru til å gå på dag 2 av ABBA-showet til Hordabø skulemusikklag med bandet HPÅS, dei tre fantastiske songarane og den musikalske leiaren Stein Paulsen. Konfransieren Kristen Kvalheim vil leia deg gjennom showet med humor og historisk tilbakeblikk. Det er absolutt lov til å syngja med og klør det i dansefoten, ja,- så dans!

 

PS: Showet byrjar kl. 16.00 og du kan få kjøpt kaffi, kaker, brus og hot-dogs i pausen!

Del gjerne innlegget med ditt nettverk! Takk!
Tweet about this on TwitterShare on FacebookEmail this to someoneShare on LinkedIn
Dette innlegget ble publisert i Kjerringliv. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *