«Killebukken, lammet mitt» (av Bjørnstjerne Bjørnson, 1890)

Seint onsdagskveld ropar Halvor frå rommet sitt på nore lemmen at det går to lam rundt på bøen. Kjerringa i huset får sanneleg ræva i gir og spring opp frå sofaen og ut i nordavinden for å sjekka om dette kunne stemma, ei veke tidlegare enn forventa og tenkjer at ei av  søyene sanneleg hadde kome kjapt i brunst etter vêren hadde kome til gards.

agnes_tvillingar

Me hadde akkurat greidd å gjerda ferdig den austre bøen og å skilja vêren frå søyene før den meir erfarne Agnes fekk tvillingane i skikkeleg vestlandsvèr, striregn og nordavind. Tidleg morgonen etter får åringen Anna eit flott vêrlam. Dei tre første lamma på Basthaugen gard hoppar no rundt på bøen og vårens vakraste eventyr er visstnok i gang.

flytting

Desse to svartfjesmødrene er så flinke mødrer at det rett og slett er rørande og ein fryd å sjå på. Det er fantastisk å få oppleva. Agnes og Anna greidde seg sjølve begge to. Og eg som hadde gått rundt og uroa meg over lemminga etter å ha lese om lemming som Fanden les Bibelen.

Som du sikkert skjønar, er dette den første våren med lemming, og til hausten kan me nok skriva «Lemming for Dummies». Me har budd oss så godt me kan med innkjøp at flasker, råmjølkserstatning, sonder, merketang, glidemiddel og eg veit ikkje kva. Det er heller ikkje til å komma forbi at det eg har lært på Stend og som nettagronom har vore til stor hjelp no i førebuingane. Så får heller gubben berre hevda at eg tenkjer for mykje på alt som kan gå galt og at eg er blitt ein lemmingsfundamentalist.

Men det er noko anna når du då står der i praksis og ikkje har teorien i ryggmargen, i blodet, i hendene og menneskeleggjer sauens indre, umedvitne sjeleliv på hamsunsk vis. Då er det også godt å ha meir erfarne nettagronomar og andre erfarne sauebønder ein kan ringja til og få støtte, råd og trøyst hjå.

Sender hermed ein stor takk til Carina, saubonde og nettagronom på Osterøy, som eg ringde to gonger til det første døgnet. Eg hadde ikkje observert at lammet fekk mjølk frå Agnes og var uroleg for at det ikkje fekk i seg dei vitale styrkedråpane hennar. Då sprang eg ut på bøen med lommelykt, flaske og gubbe på slep. Eg prøvde så godt eg kunne å få råmjølk i lammet slik at eg kunne gå til sengs med fred i sjela mi, medan gubben messa på mantraet sitt: Dette ordnar dei sjølve! Og kva veit no han. Det er jo eg som er nettagronom, eg som har lest bøker, sett fødselsvideoar og høyrt om alt som kan gå gale. Han vil jo berre inn for å sjå kveldens episode av Loes «Kampen for tilværelsen», tenkte eg på mitt kjerringa-mot-straumen-vis. Det var no endeleg godt for han at han ikkje kom med favorittordtaket sitt seint denne onsdagskvelden i mørkret, ute i regnet og nordavinden…

Anna_verlam

Neste morgon var det opp i otta og ut på bøen att med ei ny flaske råmjølk. Men det gjekk ikkje betre denne gongen heller: Lammet var varmt og sprang av garde med kraftige steg frå kjerringa slik at til og med eg måtte innsjå at det verkeleg stod svært så bra til her i garden. Det heile enda med at kjolen hamna på meg bak-fram og det oppdaga eg først langt utpå dag etter å ha vore ei stund ute blant folk.

I dei siste dagane har eg prisa meg lukkeleg over at me byrja sauedrifta med kun 10 søyer og ein vêr. Så får det heller vera at nokon eventuelt vil hevda at eg er ei tullegardskjerring, det får eg heller ta som eit hedersnamn. Meir erfarne sauebønder seier at den første våren med få søyer, var mykje meir kavete enn når dei som  meir erfarne tek i mot over 40 lam. Men dei apokalyptiske profetiane mine kan enno oppfyllast då det er 8 søyer att som ikkje har lemma…

Dersom du skulle lura på kva favorittordtaket til gubben er, så er det «Der kjerringa er galen, er katten skvetten». Og her på garden er Bellapusen verdas mest søtaste, kosete og avbalanserte kjette i manns minne.

 

Takk også til Kjersti, Bjarte, Stein-Erik, Lone, Silje, Pål og sjølvsagt Jan- Gunnar som vêren er oppkalla etter!

leaf

Killebukken, lammet mitt,
skjønt det ofte går tungt og stritt
opetter slette fjellet,
følg dog vakkert din bjelle.

Killebukken, lammet mitt,
pass nå dyktig på skinnet ditt;
mor vil ha det i felden,
som hun syr seg om kvelden.

Killebukken, lammet mitt,
legg så dyktig på kjøttet ditt;
vet du det ikke, tuppen,
mor vil ha det i suppen.

leaf

Del gjerne innlegget med ditt nettverk! Takk!
Tweet about this on TwitterShare on FacebookEmail this to someoneShare on LinkedIn
Dette innlegget ble publisert i Gardsdrift, Litteraturkjerringa. Bokmerk permalenken.

4 kommentarer til «Killebukken, lammet mitt» (av Bjørnstjerne Bjørnson, 1890)

  1. Solveig sier:

    Takk for god underhalding atter ein gong ! Berre så du veit da, eg les flittig bloggen din !

  2. Sigbjørn Villanger sier:

    Takk for hyggelig prat i påsken, då du gjekk deg «vill». Nærmer meg 40 lam og stresser nok for lite ifølge enkelte….:-)

    • Yogakjerringa sier:

      Takk sjølv for prat og omvising! Du er jo ein dreven sauebonde og har det meir i blodet enn eg. Har kjent meg veldig urban og upraktisk i det siste, men «Den som intet våger, intet vinner»;-)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *