«Norges låver» på Basthaugen gard

Utruleg kjekt, lærerikt  og inspirerande at radaparet Røyrane/Apneseth som står bak fjorårssuksessen og bestseljaren «Norges låver», kom til oss på Basthaugen gard! 

oddleiv_eva_murvegg

Me var til ei viss grad budde på at dei kunne ta seg ein tur etter at to ulike støttespelarar hadde tipsa dei om løa vår. Men me må vel innrømma at me ikkje heilt trudde at løa vår skulle vera så interessant. Så dukkar dei likevel opp den siste dagen i april på garden vår. Det viser seg at dei på ingen måte manglar korkje interesse, engasjement eller kunnskap om steinbygg og grindverk.

No held dei på med å dokumentera steinbygg i Nordhordland for Fylkesmannen. Kanskje dette ein dag kan verta eit nytt prakteksemplar av ei bok om steinbygg frå Hordaland? Og kanskje løa vår får vera med der? Kven veit.

Ein ting er at me tykkjer me har noko unikt og spennande rett utanfor stoveglasa våre, noko anna er at andre utanforståande tykkjer det same. Me lærer stadig noko nytt og no vert me meir og meir sikre på at løa står der i dag som eit konkret døme på ei løe med svært lang kulturhistorie for vestnorsk byggeskikk langs kysten.

For oss har det vore utruleg viktig å få besøk av ulike folk utanifrå med ulik ekspertise, fordi dette rett og slett har inspirert oss til å halda fram med løeprosjektet vårt, «Kunnskapsløo». Så no også takk til Eva og Oddleiv for besøket. Under har eg nokre bilete til ære for den steingale journalisten og den steingale fotografen som takk for at dei tok turen og for eit flott møte:

 

Untitled

Stein_gjerde

 

leaf

Del gjerne innlegget med ditt nettverk! Takk!
Tweet about this on TwitterShare on FacebookEmail this to someoneShare on LinkedIn
Dette innlegget ble publisert i Gardsdrift. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *