17. mai 2015 (tale i Hordabøhallen, Radøy kommune)

Kjære bygdefolk!  Gratulera med dagen!

 «Alt hva fedrene har kjempet, mødrene har grett» står det i nasjonalsongen vår om kampen for fridom for landet vårt. I år er det er 70 år sidan Noreg vart frigjort frå nazistane, og det byrjar å verta få att som hugsar dette. Mange nordmenn kjempa, mange sigla i farleg farvatn, mange vart politiske opprørarar mot okkupasjonsregjeringa, mange vart sette i fengsel og konsentrasjonsleirar, mange vanlege folk gjorde opprør med å gå med nisselue og binders i knappeholet og mange vart flyktningar. Til og med kongefamilien vår måtte fly landet.

cropped-IMG_50282.jpg

Sjølv har eg berre opplevd krig gjennom TV, aviser og film. Heile livet mitt har eg budd i eit land der fridom, likskap og demokrati har vore  grunnlaget slik at eg har kunna veksa opp og mellom anna fått gratis utdanning og helsehjelp. Då eg etter kvart vaks til, lærte, såg og erfarte eg at det ikkje er slik for alle her i verda, – og i alle fall ikkje for jenter. Nyleg vart Noreg kåra til det beste landet å vera mor i på grunn av lang og løna permisjonstid. Redd Borna trekkjer fram at gratis tilgang på utdanning og helse for alle, særleg jenter, er suksessfaktorane. I gjennomsnitt går norske kvinner 17.5 år på skule. I Somalia, som ligg på botn av denne lista, er gjennomsnittet 2,2 år.

 

Av og til treng dei tapraste og modigaste av oss nordmenn hjelp av andre. Og eg tenkjer på mormora mi, Ragnhild Helene Steiner. Ho vart enke 45 år gamal i oktober 1940 då mannen plutseleg døyr 44 år gamal. Ho står åleine att med tre små ungar på 1, 5 og 7 år i Stavanger som då var mest kjend for sild og ikkje olje.  Noreg er okkupert av nazistar som har eit menneskesyn basert på at nokon er betre enn andre utifrå hud- og hårfarge og religion, noko som er svært langt borte frå den viktige, norske kjerneverdien om at me alle er like mykje verde.

 

Å oppleva at nokon av våre kjære døyr og i tillegg døyr alt for unge, er dramatisk. I dag kallar vi dette for ei livskrise, fordi påkjenningane vert større enn det me eigentleg maktar i ein periode. Mormors bakteppe var i tillegg krig, frykt og kaos. Ho måtte oppdra og fø tre born åleine som i seg sjølv er ei stor og vanskeleg oppgåve.  Korleis mormor fant krefter til å ta fatt på krigskvardagen etter at ektemannen døyr, veit eg eigentleg ikkje.  Men eg veit at ho gjorde alt for at dei tre borna og ho sjølv skulle overleva. Ho sende til og med yngstemann til Sverige som flyktning ein heil sommar under krigen. Det må ha vore tungt å sjå den vesle guten dra av garde, og det kan umogeleg ha vore ei lett avgjerd. Men slike vanskelege avgjerder var ho ikkje åleine om å måtta ta for å sikra at alle fekk mat og mest mogeleg tryggleik. Heldigvis kom sonen tilbake. Han snakka dessverre svensk ei stund før han heldigvis fekk stavangermålet igjen på plass.

 

Sjølv kongefamilien, det viktigaste symbolet på den norske nasjonen, fekk kjenna på korleis det er å måtta flykta. Kronprinsesse Märtha, prinsessene og vesle prins Harald vart flyktningar i USA, medan mannen, Kronprins Olav, og faren hans, kong Haakon VII, var mesteparten av tida flyktningar i lag med den norske regjeringa i London. Märtha og borna vart svært  godt tekne vare på hjå president Roosevelt i USA, men dei såg lite til far sin i dei fem krigsåra. Dette var dei heller ikkje åleine om. Kronprinsessa var visst nok svært streng med ungane når det gjaldt å halda på det norske språket då dei var flyktningar i USA. Dersom dei tok til med å snakka engelsk heime, ropte ho: «Snakk norsk!».

 

Eg hugsar godt då krigen kom til Europa att på 1990-talet, og i forkant kom det mange flyktningar til Noreg og Bergen frå eks-Jugoslavia. I dag er det ei kjend sak at krig er svært traumatiserande for så vel soldatar som sivile. Nyleg høyrte eg på radiodokumentaren «Mørke skyer over eit soldatsinn» og fekk eit godt innblikk i kva krig kan gjera med soldatar. Offiseren Bjørn Bertheussen var FN-observatør i 1993-94 i denne krigen. Fleire år seinare fekk han diagnosen posttraumatisk stressliding på grunn av dei grufulle opplevingane han hadde hatt i tenesta si der. Dette sanningsvitnet deler i denne dokumentaren kva han opplevde, såg, høyrte og lukta. Han fortel følgjande om tida då han kom heim att til Noreg rett frå krigen på Balkan: «Eg var så dum. Eg trudde faktisk at folk i Noreg brydde seg om det som skjedde 2-3 timars flyreise unna. Det som stod i avisa var at mjølka skulle gå opp 2-3 kroner. »

 

Sjølvaste 17. mai-kongen, Henrik Wergeland, som er han som gjorde 17. mai til slik vi feirar 17. mai i dag med barnetog og talar, var meir enn forfattar. Han engasjerte seg også politisk mot norske myndigheiter. Heilt fram til han døydde så alt for ung, kjempa han for å få vekk den såkalla Jødeparagrafen i Grunnlova. Denne paragrafen ekskluderte jødar, jesuittar og andre munkeordenar å få «adgang til riket» som det stod.  For Wergeland var dette moralsk forkasteleg og i strid med den demokratiske og folkerettslege karakteren til Grunnlova vår frå 1814. Flyktninghjelpen er ei av mange humanitære organisasjonar og vart skipa i 1946 under namnet Europahjelpen for å hjelpa flyktningar i Europa etter 2. verdskrig. I mars i år kritiserte Flyktninghjelpen norske myndigheiter for ikkje å ta i mot fleire syriske flyktningar med utgangspunkt i at Sverige per 1. mars 2015 tok imot 56 285 syriske flyktningar og  Noreg 3987. Dersom Noreg skulle teke inn like mange som Sverige i høve til folketal, skulle me teke inn 25 000.

 

Noreg har i dag eit velferdssystem med svært brei politisk støtte  der det norske egalitære grunnsynet ligg i botn: Me er alle, uansett sosial klasse, utdanning, geografisk fødestad, økonomi og funksjonshemming like mykje verde og skal ha like moglegheiter. Det er heller ikkje utan grunn at ei av dei viktigaste grunnforteljingane i oppbygginga av den norske folkesjela nettopp  er ho om Oskeladden: Den fattige, skitne og ekle bondeguten som få eller ingen har tru på og som mange, i alle fall storebrørne,  opplever som dum og teit, er han som vinn prinsessa og halve kongeriket til slutt. Og kvifor greier han dette? Jau, Oskeladden vågar å skilja seg ut, tenkja og vera annleis, gå utanfor boksen og ikkje bry seg med kva alle andre måtte meina og tru.

 

I kvardagen min er det absolutt ikkje alltid slik at eg er den perfekte mor, kjerring, dotter, søster, kollega, veninne og samfunnsborgar. Eg blir også oppslukt av meg og mitt og ser til tider berre lodotten i min eigen navle. Og når eg i det siste har sett flyktningar i rustne holkar på rek i Middelhavet på fjernsynet, har det absolutt  hendt at eg har slått det av eller zappa over til ein annan kanal for unngå eller gløyma all den urett som ikkje rammar meg sjølv.  Samstundes kjenner eg meg også litt skamfull over at me i Noreg ikkje opnar opp dørene meir slik som grannane våre i aust gjer det. Svenskane tek imot dei syriske flyktningane utan enorme inntekter frå olje og gass, utan oljefond og enorme inntekter frå fiskeria.

 

Kanskje svara på dei store spørsmåla er å finna i det ein gjer overfor andre, eller i nestekjærleik. Dette kan jo oppfattast som veldig enkelt og kanskje til og med naivt, men livet har i alle fall vist meg kor frykteleg vanskeleg nestekjærleik i praksis er. Eg trur kanskje mange av dei eldre blant dykk har høyrt songen av folkehøgskulerektoren Mikael Aksnes som eg no skal lesa opp til slutt.  For meg er denne songen ei viktig påminning om noko viktig og grunnleggjande som eg har bruk for med jamne mellomrom:

 

Den største gleda ein kan ha,

det er å gjera andre glad;

og vil du gjerne lukka nå,

då først deg sjølv du gløyma må.

 

Og vil du sanka gods og gull,

du aldri får din bankboks full;

du må ha meir, får aldri ro;

eit hundre først – og sidan to.

 

Nei, gjer deg nøgd med det du har,

og prøv å gjera andre glad;

turk tårer bort der du dei ser

og gjer det lyst der mørkt det er.

 

Takk til Marit, Ingvard, Hege og Bjørn!

leaf

Del gjerne innlegget med ditt nettverk! Takk!
Tweet about this on TwitterShare on FacebookEmail this to someoneShare on LinkedIn
Dette innlegget ble publisert i Kjerringliv, Litteraturkjerringa. Bokmerk permalenken.

2 kommentarer til 17. mai 2015 (tale i Hordabøhallen, Radøy kommune)

  1. Solveig sier:

    Du gjer av deg sjølv heile tida, stolt og glad for å kjenne deg Mona :-)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *