«Når enden er god, er allting godt» (gamalt ordtak)

Påska 2015 vart alt anna enn stille og fredeleg for gubben og kjerringa her på garden! Etter kvart vart ein del grenser flytta. Denne gongen er det ikkje ei forteljing om sauer, som sjølvsagt er ålreite dyr- for all del, men no handlar det om hundane som bur hjå oss.

gubben_og_gamla

 Foto: Sunniva Brekkan

Takka vera ein kenneleigar i eksil skulle me vera ansvarlege for paring av Herr Mikkel og Fru Xelia. Dette kunne jo ikkje vera noko problem, tenkte me og fekk den staselege og ikkje minst koselege Mikkel på besøk.

Det vart oppretta ei meldingsgruppe med alle dei involverte partane på lista. Eg forstod no ikkje heilt dette då, skikkeleg nerdete, tenkte no denne kjerringa. Men gruppa skulle visa seg å verta ein heilt sentral informant og folkeopplysar for dette godt vaksne ekteparet då det viste seg at paring av hundar skulle vera langt frå så enkelt og fort gjort som med sauene.

Halvor_Mikkel

Etter eitt par dagar skreiv me ganske blygt og forsiktig at Mikkel kunne døypast om til Duracell-Mikkel til dei involverte partane. Men så plinga spørsmålet «Heng dei?» inn. «Heng dei!», gaula gubben. «Ja, «Heng dei?»», glefsa eg frustrert tilbake.  Og det var då alle illusjonar brast om det eine og det andre. Etter ein del skriftlege utvekslingar, som tekne ut av sin samanheng ser mildt sagt ville ut,  vart me sitjande å studera diverse youtube-snuttar eg ikkje hadde lyst til at naboane skulle få nyss om at me niglodde på bak skalka luker.

Til slutt fekk me samla inn ikkje mindre enn fire støttespelarar til på kjøkkenet vårt som vart åstaden. Me fekk god assistanse til å kontrollera at oppdraget gjekk føre seg på etterretteleg vis. Eg skal ikkje gå alt for mykje i detalj. Men den lite erfarne Mikkel skulle altså først henga heilt fast og deretter ta den eine baklabben over tja, kva seier ein – bakenden,  til den litt kraftigare, større og mykje meir erfarne Xelia. Så skulle dei no stå der å henga, hale mot hale og glo i kvar si retning i minst 10 minutt. Ikkje løye me måtte ha assistanse.

Paret fant fort tonen att 2. Påskedag etter all tullinga deira tidlegare i veka.  Xelia tok regi og dirigerte vesle Mikkel på rett plass då han ei stund stod å rota i feil ende av kroppen hennar, men så skjedde det: Og med bittelitt assistanse fekk Mikkel mellom anna labben over Xelia. Endeleg hang dei då der med applaus, godord og litt smånervøs latter frå oss som observerte henginga medan tidtakaren stadig oppdaterte oss. Då alt var over, sende me full rapport til kenneleigar som overlukkeleg og full av ros bad oss repetera dette fram til Xelia ga Mikkel klar melding om at ho ikkje ville meir. Og mission completed ei lita veke seinare.

xelia_blogg-300x199

Så tilbake til nærmaste fortid: I går tok kenneleigaren Xelia på ultralyd og dottera vår skulle endeleg få sjå på resultatet av alt oppstyret i Påska. Dyrlegen meinte at det var kvalpar då han løfta Xelia opp på bordet. Han leita og leita, men ingen fostre var å sjå. Når enden er god, er allting godt, heiter det visstnok. Og for å få dette til denne gongen, måtte me alle vera litt kreative då alle var triste og lei seg. Men her er eit forsøk:

  • Ungane våre har heldigvis slutta med å spørja om alt mogeleg, og steg 1 historia om blomen og bia kan såleis strykast ut.
  • Mannen til kenneleigaren er lukkeleg då han slepp endå fleire hundar og kvalpar i heimen sin.
  • Mikkel fekk ei veke på Mjøs han og me seint vil gløyma
  • Gubben og eg har fått etterutdanning.

leaf

 

PS Den andre tispa i heimen, JoJo, vart sendt på ferie til bestemora til kenneleigaren, fordi Mikkel og JoJo har same pappa, nemleg storsjarmøren med det latinoklingande namnet Holio. Me sender ein kjempestor takk til Bestemor Kirsten! I tillegg må me takka May Trude og Hans, Mary og Torbjørn og sjølvsagt Jannike!

 

 

Del gjerne innlegget med ditt nettverk! Takk!
Tweet about this on TwitterShare on FacebookEmail this to someoneShare on LinkedIn
Dette innlegget ble publisert i Kjerringliv. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *