«Då skal vi vandra i saman ute» (frå «Vi skal ikkje sova» av Astrid Låstad Lygre)

På fjernsynet siglar Pål Plassen og Sommarbåten forbi ytre del av Nordhordland. Og eg kjenner på kor stolt eg er over naturen og området eg kjem frå og har kome tilbake til. Friluftsåret er no over halvvegs, og det er vel på plass å kommentera det atter ein gong. Radøyne er no svært så vakker og ber tilnamnet sitt med rette.

vannlilje

Gubben og gamla her på garden set veldig pris på naturen i nærområdet. Me brukar utmarka og skogen her aust på Radøy mykje gjennom heile året og dreg hundar og ungar med oss ut på tur. Men det er også ein slags meditasjon for meg å gå heilt åleine på tur, noko eg gjorde her om kvelden. Det var heilt vindstille, dei kvite hundane fór gjennom det grøne buskaset  i skogen og lyngmarkene og beita blåbær der dei kunne finna dei. Midtvegs sat eg meg ned på ein åstopp og speida utover eine armen til Færevatnet der fisken vaka. Det er rett og slett eit eldorado me bur i sjølv om me ikkje alltid er like nøgde med vêret. Då prøver eg å vera ein slik irriterande og blid kjempeoptimist som irriterer den yngre generasjonen med: «Det finst ikkje dårleg vèr, berre dårlege kler». Dessutan er det heller ikkje farleg å verta våt.

bru

No i sommar har me også vore så heldige å få låna ein båt i Færevatnet. Gubben har rodd meg som ein engelsk gentleman rundt Færevatnet. Tenk deg din eigen venetianske gondolieri,  som ror deg, til og med i sterk motvind, slik at eg får fiska! Men eg sit no ikkje heilt fånyttes og berre til pynt der bak i båten. Nei, av og til fiskar eg også. Og det er så fantastisk gøy når auren bit på og eg greier å få han opp i båten. Og no i juli fiska eg så lenge at eg faktisk fekk naglebit og prisa meg lukkeleg over at eg hadde hatt ei veke i varmen.

isglatt-300x200

I ferien har me også hatt som mål å gå tur på nye stader her på øyne då det i kvardagen er lett for å fastna i rutinane og  berre gå dei vanlege rutene. Me har mellom anna vore på Peprane sør på øyne, i utmarka på Sætre og i nordenden av Hallandsvatnet. Eg var så heldig å får vera med Radøy Sau og Geit på beitevandring på ein gard i Litleneset. Denne siste turen vil eg skildra som ei sakral tur- og naturoppleving i eit vestlandsgrønt beitelandskap med gråe knausar, beitande sauer og lam. Og ein kan forstå at diktarar har hylla slike landskap i hyrdediktinga, også kalla bukolisk eller pastoral dikting. Og eg kan kjenna på at naturen kan vera som ei muse for mi eiga skriving, men turen i Litleneset var også svært lærerik. Mellom anna fekk eg høyra om korleis bonden år for år har jobba fram beiter av store myrområder slik at garden år for år vart litt større og dyra på garden stadig fekk nye beiteområde.

skjeneløe_sæbø-300x200

Slike menneske som sauebonden i Litleneset og livsverket hans beundrar eg stort og veit at eg sjølvsagt aldri kan måla meg med han. Likevel tenkjer eg at kvar vesle ting me greier å gjennomføra på småbruket vårt, er ein siger og eit lite steg i rett retning for å få fram att det eldgamle kulturlandskapet.

skjeneløa_straumgjerde-225x300

Og tek me ikkje attgroinga på øyne på alvor, vil buskaset fort ta over både inn- og utmark som tankar og kjensler kan overmanna eit menneske. Med åra har eg forstått kor viktig naturen her på øyne er for meg og livet mitt. Til tider opplever eg turane mine som ei reinsking av tankar og kjensler og kjem heim att som ny og blidare kjerring – til glede for alle, og særleg for gubben.

sau_og_stein-225x300

Til slutt er det då berre å avslutta med dette vakre diktet til Astrid Låstad Lygre og minna oss sjølve om å ikkje berre gripa dagen, men også sommarnatta sjølv om denne ser ut til å verta svært så våt:

 

Vi skal ikkje sova bort sumarnatta, ho er for ljos til det.

Då skal vi vandra i saman ute,

under dei lauvtunge tre, under dei lauvtunge tre.

 

Så skal vi vandra i saman ute, der blomar i graset står.

Vi skal ikkje sove bort sumarnatta,

som kruser med dogg vårt hår, som kruser med dogg vårt hår.

 

Og kjenna at vi er slekt med jorda, med vinden og kvite sky.

Og vita at vi skal væra saman,

like til morgengry, like til morgengry.

 

Vi skal ikkje sova fra høysåtesangen, og grashoppspelet i eng.

Men vandra i lag under bleikblå himlen,

til fuglane lyfter veng, til fuglane lyfter veng.

leaf

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Del gjerne innlegget med ditt nettverk! Takk!
Tweet about this on TwitterShare on FacebookEmail this to someoneShare on LinkedIn
Dette innlegget ble publisert i Gardsdrift, Kjerring på tur, Kjerringliv, Litteraturkjerringa. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *