«Troll kan temmes» (Komedie av William Shakespeare)

Då ungane og eg var på ferie i Sør-Frankrike i sommar, rant det over for kjerringa på garden og resultatet vart ei litt småfrekk statusoppdatering på fjesboka.

lamer_lesenfants

Kort fortalt handla statusoppdateringa om ein tilfeldig, ignorant og arrogant franskmann i raud badebukse som skulle «hjelpa» kjerringa med å oppdra borna han ikkje visste noko ting om. I dag er det norsk byråkrati, lover, reglar og føreskrifter i lys av kommunal og fylkeskommunal økonomi denne kjerringa reiser seg mot.

Franskmannen fekk ikkje lest i snobbemagasinet sitt på sol-senga ved sidan av den tause og pikante bikinien han hadde med seg. Det var tydleg at han vart uroa av borna mine i hotellbassenget. Både dottera mi og eg hadde sensa situasjonen. Me forstod godt kroppsspråket og blikka han sende, og dei sa oss meir enn tusen ord. Ein treng ikkje kunna fransk for å forstå slikt tydeleg kroppsspråk. Dottera mi snakka lågare og lågare til broren i bassenget og plaska vart musestille. Men stemmeleiet til sonen min er det ikkje noko å gjera med, slik er det berre. Til slutt fyk den raude badebuksa opp og skjeller borna mine ut på dårleg engelsk medan eg ligg på sol-senga mi med hakeslepp.

Som norsk mamma opplevde eg hendinga som eit grovt overtramp overfor begge borna mine og på fjesbokstatusen min skreiv eg då følgjande: «Vikingmora vaknar og reiser seg i bikini i dei norske fargane og går roleg bort til mannen og spør om han kan engelsk. Det kan han visst ikkje. Då seier eg at eg kan litt fransk og spør han om han ikkje er noko vidare nøgd med ungane mine. Nja, han vert noko spakare då eg er litt større enn han;-) Dessutan står eg over han og han ligg på sol-senga…. Så seier eg høgt og klart at sonen min har ei form for autisme og er ikkje som alle andre. Då vert han ein kvalp, eg snur og går som ei matrone tilbake til sol-senga mi, litt småskjelven men så nøgd med kva eg har sagt og gjort»

Eg kunne ikkje la denne franske badebuksa med eit barnesyn frå tidleg middelalder spasera vidare i livet utan motstand både på grunn av sonen min, men også på grunn av dottera mi. Ho forstod situasjonen, ho såg også kva som heldt på å skje og ho prøvde også å få broren til å snakka lågare. Når ein lever med nokon som fell utanfor den tronge A4-ramma me i dag har for kva som er normalt, vert nemleg både store og små gode i å lesa folk rundt seg og tilpassa seg for å prøva å førebyggja reaksjonar, kommentarar og episodar. Slik er det berre.

I kvardagen vår er det mange utfordringar ein vanleg familie ikkje må tenkja på. I fjor valde me til dømes at sonen vår skulle byrja på privat skule i nabokommunen som har fungert veldig godt. Dette valet var ikkje enkelt og det tok lang tid før me bestemde oss. Det er også mange og samansette grunnar bak eit slikt val, og me gjorde ikkje valet med lett hjarte. Ein viktig grunn til at me til slutt valde privat skule i nabokommunen, var at fleire ulike fagfolk rådde oss til det.

Lite ana me då at det dette skulle føra til ein lengre farse i høve til skuleskyss for sonen vår som enno ikkje er over. I morgon er det skulestart og skuleskyssen for sonen vår er enno ikkje avklart.  I det førre skuleåret til sonen vår i nabokommunen var ikkje den alternative skuleskyssen over kommunegrensa noko problem. Det vart difor ei stor overrasking at dette ikkje skulle vera lika enkelt for det kommande skuleåret. Den same kommunegrensa skal kryssast, den nødvendige dokumentasjon underskriven av fastlege er lagt ved og sendt av garde i god tid og det er dei same lovar, reglar og føreskrifter dette skuleåret som det førre. Men den kommunale og fylkeskommunale pengesekken er kanskje ikkje like full?

Franskmannen med raud badebukse i sommarvarmen verkar no nesten sjarmerande samanlikna med norsk, kommunal og fylkeskommunal byråkrati og kanskje til og med økonomi som kollapsar og vik unna overfor ein ung, lovande og ressurssterk mann. Sommarhistoria viser også at troll kan temmast, og eg har ei stor von om at norsk byråkrati har same endringspotensiale som ein lettare mannssjåvinistisk franskmann.

Mannen min og eg har berre det same ønsket som i fjor: At sonen med såkalla særskilte behov skal passera den same kommunegrensa gratis med alternativ og tilpassa skuleskyss for å komma seg på ein ungdomsskule fagfolk har vurdert som den beste for han. Og det er von i hangande snøre…

leaf

 

Del gjerne innlegget med ditt nettverk! Takk!
Tweet about this on TwitterShare on FacebookEmail this to someoneShare on LinkedIn
Dette innlegget ble publisert i Kjerring på tur, Kjerringliv. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *