Brukshistorie

Klårevasskjedlo var matkjedlo på garden då far min vaks opp, og florskjedlo låg rett ved sidan av floren. Og sjølvsagt måtte dei bera vatn til både folk og dyr. Om vinteren stod det to store tønner i floren slik at dyra skulle få temperet vatn. På denne tida var det ein gris, fem kyr og ungbeist, høns og ein hest som dei kalla for,  ja – nettopp Blakken på Basthaugen gard. Blakken var ein brun hest med kvit panne slik tante Ragna hugsar han. Med dette husdyrhaldet var dei sjølvforsynte med kjøt, egg, mjølk og ost. Dei fiska litt sjølve, men mesteparten av fisken byta dei mot poteter.

I sørenden av løa hadde dei sauer i smalahuset og i den nordre delen var floren. Grisen stod nord i floren og ungbeista stod i sør. I midten stod kyrne. Vasstønnene stod i søraust, og dei tok høyet ned via trappa og i taket hang florslykta. Og sjølvsagt hadde dei møtting som var nordvest i floren. Inst i smalahuset i den søre delen stod også Blakken og der var også bryo hans. Men om sommaren slepte dei hesten i utmarka i lag med dei andre hestane på gardane der dei kunne gå fritt i lag.

Oppe på løa var det ulike aktivitetar alt etter årstid og ting hadde sine faste plassar. Til dømes var høystålet i nord og hesjestaurane låg oppe på grindverket når dei ikkje var i bruk. I sør stod dei ulike maskinene som til dømes ulike plogar og hakkemaskin. Hakkemaskina vart nytta til å hakka lyng og tørka potetris. Dette vart blanda med varmt vatn, sødda,  for å drøya fôret. I søraust var det ei luka til hesten der dei slepte havre og høy rett ned i bryo hans.

I løa låg det også korn med halm som vart malt på kvernhuset på Bø. Treskemaskina vart leigd. Dette var også ei sosial happening med mat når dei var ferdige med arbeidet. Tante Ragna fortel at då dei nytta drøftemaskina, som skulle få skalet av havrekornet, vart det enormt med støv. Og av kornet laga kvinnene graut, brød og kaker.

Teknologiske nyvinningar var då som no svært viktige. Å få høyvendaren til gards var ein revolusjon. Til og med å hesja med høygaffel var ein annan viktig ny teknologi på garden som onkelen min innførte. Men dei gamle heldt fram hesja med nevane og utrista høyet når dei kvelma. Om sommaren hadde dei faste stader dei hesja. Onkelen min slo og nytta hest, slåmaskin og høyvendar i dette arbeidet. Bestefar min slå attåt og hadde godt lag med langorven, tante Ragna raka og gjekk med stuttorven og bestemor kokte. Vanlegvis kom alle i familien heim om sommaren for å hjelpa til i slåtten. Og utifrå dei gamle bileta me har, kan det sjå ut til at å hesja og raka var kvinnfolkarbeid.

else_kalv_fred_løa

Vestom løa dreiv mannfolka med å saga, kløyva og hogga ved og alt vart nytta, også kvistane. I tillegg nytta dei torv lenge som brensel. Torv var også det viktigaste brenselet i lang tid. Dei  henta torv nord i marka på teigen som ligg mot gardane Villanger og Rossnes. Både store og små måtte hjelpa til i dette arbeidet. Då dei hadde fått det til torvhuset vest i Gjerdet, var det først og fremst bestefar som bar torva i kipe over Kanalen eller Sekkene før det til slutt vart lagt i omnen heime.

Før jul kom slaktaren for å slakta i lag med mannfolka. Dei slakta dyra utanfor løa, men resten av arbeidet gjekk føre seg i midten av løa. Så vidt eg veit, var ikkje dette nett av det beste minna frå barndomen til far min. Men mat måtte dei ha. Kjøtet hang til modning tvers over låven. Damene tok blodet, rørte det og laga visst nokre fantastiske blodkaker. Kjøtet vart som all fisken, salta då det enno ikkje var komen straum til gards. Dei sådde mykje kerrspink og bytta poteter mot fisk med fedjingane i Nordangervågen. I tillegg dyrka dei gulrøter og rabarbra. Og framom huset og sør for Basthaugen, var det bærhagar med ripsbær, solbær og kirsebær til syltetøy og safting.

På Vestlandet har det til alle tider vore vanskeleg for bøndene å driva gard utan tilleggsnæringar. Dette gjeld så vel i vår levetid som då besteforeldra mine levde og budde her. I vintersesongen var det bestemor og jentene som måtte driva garden då bestefar og sønene var på sildefiske og på Skarsholmen på Askøy. Men jentene skaffa også inntekt etter kvart som dei aller fleste andre kvinnene i området, med å jobba på  sardinfabrikken i Bøvågen.

 

 

Munnlege kjelder: familie og slekt

Ein særleg takk til tante Ragna

 

jpg-farger-basthaugen-logo