Om Yogakjerringa

mona-BASTHAUGEN

Eg er 43 år gamal og utdanna lektor frå Universitetet i Bergen. Faga mine er hovudfag i nordisk med litterær fordjuping, mellomfag i fransk, grunnfag i litteraturvitskap, delfag i norsk som andrespråk, Bibliotek, informasjon og samfunn, teiknspråk for høyrande og pedagogikk. Eg har dessutan mange års erfaring som lærar i den vidaregåande skulen. For tida er eg så heldig å  få jobba som norsklærar for flyktningar og innvandrarar i nabokommunen, Austrheim. Tidlegare har eg også jobba som biblioteksjef i den vakre heimkommunen, Radøy.

Men i dei siste åra, etter fleire år med yoga og til slutt ei yogautdanning frå Stockholm, har eg  kjent ei lengt mot å gjera noko anna, finna og følgja draumen – om du vil. Kva er det eg eigentleg vil med livet mitt? Difor har eg, men også familien min, no  verkeleg kasta oss uti det ukjende.

I denne fasen me no har vore i, har det – heldigvis – vore haugevis med idear. Men hovudplanen er at akademikarane, paradoksalt nok, skal utvikla det vesle gardsbruket på Øvre Mjøs i høve til både tradisjonelt landbruk og tilleggsnæring knytt til kursverksemd.

Men kvar skal desse kursa bli haldne? Draumen er at den gamle grindverksløa på garden, skal verta kursstaden. Steinveggane, grindverket og kulturlandskapet ønskjer me skal verta ei unik ramme for at kropp og sjel kan ladast opp gjennom læring og utvikling eller ein stad der ein rett og slett berre kan få vera til. Me ønskjer at løa skal vera ein stad der moderne tid og behov møter tradisjonell byggeteknikk og austleg mental og fysisk trening i eit kulturlandskap! Me vil også ha ei tradisjonell drift som dei aller fleste no har slutta med, men som me då ønskjer å starta – nett so kjerringa mot straumen! Men førebels må me leiga lokale: Kontor og mentor på Mastrevik Torg i Nordhordland Næringshage og yoga- og meditasjonsundervisninga i Radøystova på Sletta hjå Janne Pletten og Arve Gjellesvik.

No satsar me på draumane, framtida og me kan i alle fall ikkje angra på at me ikkje prøvde!

 

Mona Steiner Brekkan,

bw

 

2 kommentarer til Om Yogakjerringa

  1. Aslak & Ingrid sier:

    Hei Mona! Dette ser ut som et spennende prosjekt. Lykke til videre!

    Hilsen 3STA 2011

    • Yogakjerringa sier:

      Tusen, tusen takk! Ein må jo prøva ut draumane sine sjølv om ein er godt vaksen, og det håpar eg de også gjer! Så utruleg kjekt med ei slik lukkehelsing frå Aslak og Ingrid på vegner av 3STA 2011! Det varmar og eg tenkjer ofte på dykk og alt me opplevde i lag. Alt vel frå meg til dykk alle!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *