Agronom in spe del 4: «eg står og ser på dei to hjortane» (frå «Det mørknar» av Jon Fosse)

Ei av dei mange oppgåvene me fekk i  siste termin på agronomstudiet på Stend, var å setja oss inn i føreskrifta om «Forvaltning av hjortevilt» og særskilt  §§ 1-19 om hjort. Deretter skulle me skriva litt om korleis hjorten vert forvalta på heimstaden vår (undersøk evt. med kommunen) med bakgrunn  i føreskrifta. Eg fekk svært god hjelp av Radøy kommune og ikkje minst valdansvarleg i Nordangervågen vald, Martin Soltveit, til å løysa oppgåva. All kunnskapen og tankane Soltveit hadde om forvaltinga av hjort gjorde at emnet var veldig interessant og ikkje minst smitta engasjementet. Så ein særleg takk til Martin!

bru

Det mørknar

eg står og ser på dei to hjortane
og dei to hjortane står og ser på meg
lenge står vi slik
eg står urørleg
hjortane står urørlege
 
ikkje noko kan høyrast
ikkje ein vind i lauvet
 
det mørknar

(Jon Fosse frå «Stein til stein»)

NORDANGERVÅGEN  VALD, RADØY KOMMUNE

Jaktfelt Mjøs er ein del av Nordangervågen vald, etter § 10.  I tillegg er jaktfelta Nordanger, Straume og Soltveit med. Dette er eit av totalt 22 vald på Radøy. Mynde til viltforvaltning ligg i Radøy kommune hos Hovudutvalet (politisk organ), men er delegert til rådmann og til ein rådgjevar i administrasjonen. Hovudutvalet har og sett ned eit rådgjevande organ, Underutvalet for vilt og innlandsfiske, som gjev råd i viltsaker. For tida er rådgjevar Kristine Born skrivar og følgjande organisasjonar er representerte: Bondelaget, Sau og Geit, Bonde og småbrukarlaget og Nordhordland Jakt og vilt. I tillegg er det ein politisk vald representant, og for tida er det ein representant frå Senterpartiet.  Utvalet har møter 4-5 gonger i året og lufter saker før saker vert avgjort administrativt eller politisk. Hjortetildeling til valda er ein del av tildelingsvedtaket frå kommunen med spesifikk aldersbestemt tildeling til alle vald utan bestandsplan.[1]

Nordangervågen vald har for tida ingen bestandsplan og fekk i 2015 tildelt 30 dyr. Dermed får valdet ei årleg tildeling av dyr etter § 18 i lova:

For vald uten godkjent bestandsplan beregnes antall fellingstillatelser ved å dividere valdets tellende areal med gjeldende minsteareal. Fellingstillatelse skal fordeles på følgende kategorier

a) elg: kalv (½ år), voksne hunndyr (1½ år og eldre), voksne hanndyr (1½ år og eldre),
b) hjort: kalv (½ år), voksne hunndyr (1½ år og eldre), spissbukk (bukk med ugreina gevir),

og voksne hanndyr (1½ år og eldre).

For begge artene kan ein fella kalv i staden for voksne dyr.

Eg har snakka med Martin Soltveit, valdansvarleg i Nordangervågen vald. Soltveit fortel at minstearealet (§ 6) ein må ha for å skyta ein hjort er 1000 mål. Nord i kommunen er det fastsett 500 mål og sør i kommunen er det 750 mål for å skyta ein hjort. For fem år sidan var det 250 mål her i nord med ei tildeling på 64 dyr. Her nyttar såleis kommunen § 7 Fravik frå minstearealet som seier at «Kommunen kan ved tildeling av fellingstillatelser fravike minstearealet for elg, hjort og rådyr med inntil 50% […] på bakgrunn av ulikheter i artens levevilkår i kommunen, bestandens størrelse og utvikling, den skade viltet volder eller andre ekstraordinære forhold». Dette har då Radøy kommune teke omsyn til i tildeling av fellingsløyve som me skal sjå under.

Tradisjonelt har ein nytta vårteljinga som grunnlag for tal på fellingsløyve. Det vil seia at observasjonar av hjort på stiar og tråkk i skog og utmark med hjelp av til dømes kamera syner at det no er mindre hjort enn før. Dette har ført til at ein har redusert avskytinga og dette har vore likt praktisert i heile kommunen. No vert også sett hjort nytta under jakt som grunnlag for tal på fellingsløyve i følgje Soltveit.

Soltveit fortel at valdet har hatt bestandplan (§ 15), men valdet har valt å ikkje halda fram med det. Soltveit understrekar at det er ikkje slik at om ein har ein bestandsplan, står ein fritt til å gjera kva ein vil. Med bestandsplan får valdet derimot ei tildeling på avskyting over tre år. [2] I praksis tyder dette at ein til dømes får tildelt 30 kalvar på tre år og kan fordela dette friare over dei tre åra alt etter bestanden. Han fortel vidare at det kan vera eit avvik på 10 %.

Soltveit meiner at det beste hadde vore om ein hadde bestandsplanar som var regionale og ikkje så lokale som til dømes Nordangervågen vald. Dette valdet gjekk vekk frå å ha bestandsplan då dei meina at dette ikkje var fagleg forsvarleg og for mykje byråkrati. Valdet opplevde at ein så lokal bestandsplan ikkje hadde noko tyding for forvaltinga av hjorten og ikkje passa eigenarten til hjorten: Hjorten flyttar seg over større område og er ein god symjar. Dersom ein skal få oversikt over bestanden som er grunnlaget for forvaltninga, må ein, i følgje Soltveit, kartleggja bestanden i eit mykje større område som til dømes heile Nordhordland. I fjor vart ein hjort merka på Askøy skutt i valdet vårt, og Soltveit meiner difor at bestandsplan for dette vesle valdet ikkje er fagleg forsvarleg i høve til arbeidsmengda. Samstundes trekkjer han fram at det er vanskeleg å få til slike regionale planar då det til dømes er mange grunneigarar som må verta samde og at dette kan vera vanskeleg å koordinera. Soltveit meiner at eit alternativ kan vera at Radøy kommune lagar ein felles bestandsplan for kommunen som plan B. Lova  «Forvaltning av hjortevilt» opnar også opp for ei slik regional forvaltning i § 4 om Interkommunalt samarbeid.

Statistikk for Hjorteviltregisteret[3] for Nordangervågen vald:  Tildelt hjort

År 2012 2013 2014 2015
Med/uten bestandsplan 1/0 0/1 0/1 0/1
Kalv 0 16 12 7
Spissbukk 0 12 9 6
Hunndyr 0 11 17 11
Hanndyr 0 26 8 6
Frie dyr 65 0 0 0
I alt 65 65 46 30

Kommentar til statistikken: Soltveit fortel at han opplever at Radøy kommune har hatt ei god hjorteforvalting som har vore svært demokratisk der alle har fått sagt sitt, fått påverka og blitt lytta til. For ein del år tilbake var det eit fellesmøte med dei tilsette i kommunen der temaet var kva ein skulle gjera for å få hjortebestanden ned då han var så høg at ein rett og slett måtte gjera større grep enn tidlegare. Dette førte til at valda i kommunen fekk tildelt mykje hjort i åra etterpå. Men det ein ikkje visste, var at det kom to dårlege vintrar slik at hjorten fekk det ekstra tøft med harde vintrar og høg avskyting. Dermed har talet på tildeling gått ned frå og med 2014 og i fjor fekk valdet vårt tildelt berre 30 dyr. Soltveit meiner at bestanden i dag kanskje kunne ha vore litt større.

 

Mål for forvaltninga i kommunen:

Før tenkte ein at ein skulle ha ein bestand slik han var kring 1990 i Radøy kommune då det vart skutt 100 dyr i året i Radøy kommune.  På den tida fekk dei fire jaktlaga berre tildelt 3 dyr kvar. I dag er målet, § 3,  med hjorteforvaltninga av ein annan karakter då kommunen, i følgje Soltveit, har som må at skade på eng og skog skal vera på eit akseptabelt nivå. Dette vil jo innebera skjønn. Hjorten elskar nyskog, nysådde attlegg både det første og det andre året og er ikkje så glad i gamal eng. Når det då er fleire bruk som vert lagde ned, jo meir skade gjer hjorten på dei bruka som vert slått og attgroinga er positivt for hjorten då han får gøyma seg. Soltveit trekkjer fram at sjølv om det er mange bruk som vert lagde ned, er det likevel enno slik at bøane ofte likevel vert slått og at ein då held skadane på ei akseptabelt nivå. Men dersom ein sluttar å slå bøar på bruk som vert nedlagde, vil hjorten gå på dei bruka som vert slått og dermed gjera større skade. Om dette skjer, så må ein då også endra forvaltninga av hjorten slik måla for forvaltning no er i kommunen vår.

I Radøy kommune er det ikkje nokon som driv jaktturisme (§ 1), men det er ein gard i sør som har leigd ut løyvet sitt og som har laga og selt hjortepølse. I kommunen elles har grunneigarane vist stor interesse for å gå på jakt sjølve og ha kjøtet til eige bruk.

 

 

[1] Informasjon frå rådgjevar Kristine Born i Radøy kommune

[2] Martin Soltveit meiner det er tale om 3 år i Radøy kommune, men det kunne vera at det er 5.

[3] http://hjortevilt.no/hjorteviltregisteret/#.VtF4oX3hDIU

green-orange

 

Publisert i Gardsdrift | Skriv en kommentar

Verdas autismedag, 2. april 2016

I går var det verdas autismedag. Autisme er mangfaldig, og det er større skilnader mellom autistar enn mellom såkalla vanlege menneske. Fordi om du har møtt ein eller ei med autisme, vil den neste du møter vera heilt annleis sjølv om diagnosen er den same.

IMG_6736IMG_0099

 

Me tykkjer me er heldige som får oppleva verda gjennom sansane til nokon som ser livet meir intuitvt enn oss andre sjølv om eit slikt liv også er krevjande til tider. Det å reisa og oppleva nye stader og land tyder mykje for sonen vår, og han stiller mange spørsmål slik at me ser ting med nye augo. For mange familiar som vår, vil det vera uaktuelt å gjennomføra slike reiser då mange autistar kan oppleva alt utanfor kvardagen som svært stressande. Trass i at sonen vår elskar å vera på reise, var likevel det første han sa då me kom heim att nyleg: «Borte bra, men heima best»!  Me trudde også at autistar ikkje kunne le. Det stemmer ikkje her. Han ler mykje og låtten hans smittar.

 

IMG_6727IMG_6875

 

Det å ha ein aktiv kvardag med innhald etter eigne ønskje og behov er endå viktigare for desse ungdommane enn dei såkalla vanlege. Her i gården er det trommer på kulturskulen i Radøy, speling i bandet Ferske Kneipbrød på Christiegården med Trond, Roar og dei andre bandmedlemmane, Link, Ungdomsklubb og svømming med støttekontakt, medliturg i Radøy sokn og meiningsfulle og aktive helger i Andvik hjå Kjersti, Gunnar og resten av storfamilien der. I tillegg har han ein god og trygg skule, der det er ein spesialpedagog som ser han og legg til rette for læring der han er. Dette er uvurderleg for heile familien, livet og kvardagen vår.

 

IMG_6783

 

Sonen vår har heldigvis ingen fritidsproblem, men det er takka vera oss og dei som stiller opp og inkluderer.

 

 

 

IMG_6926    IMG_6753

jpg-farger-basthaugen-logo

Publisert i Kjerringliv | Skriv en kommentar

«La vita è bella» (film av Roberto Benigni, 1997)

IMG_6687

Eg elskar kvardagen og trivst aller best der. Men av og til er det også godt å få kvardagen og rutinane på avstand. Då er me så privilegerte at me faktisk kan prioritera det å stikka av ei stund, dra av garde for å oppleva livet ein annan stad og forhåpentlegvis få utvida horisonten litt, læra noko nytt om oss sjølve og andre, sjå og oppleva nye stader, smaka på nye rettar og møta nye menneske. Og endeleg fekk eg oppleva Napoli, byen eg eigentleg ville gifta meg i. Det var ikkje så enkelt å få til akkurat på det nøyaktige tidspunktet me hadde sett oss ut. Då var det ekstra stas å reisa med både gubben og ungane til Napoli nesten 14 år etter på Påsketur. Og alle forventningane mine om kaos og kontrastar vart oppfylte, og eg elska det.

 IMG_6668

IMG_6666

 

Det er eit herleg kaos i Napoli. Gatene er tronge og stappfulle av bilar, scooterar og folk som lagar mykje bråk. Å gå i gatene eller gå over fotgjengarfelta får adrenalinet opp i meg og eg kjenner latinoen i meg vaknar: Strategien er å heva hovudet, opp og fram med brystet, ta ein unge i neven og gå bestemt over som ei matrone. Det fungerer. Ein gong suser det ein scooter i full fart og tutande forbi oss. Oppå scooteren sit det to små gutar, sjølvsagt utan hjelm, som i full fart køyrer etter ein politibil, medan ei patruljerande politidame ignorer dei fullstendig, Me står no der med hakeslepp, alle fire.

IMG_6716

 

I det verdslege Napoli, utanfor kyrkjene og på offentlege plassar, er det mellom alle folk, turistar og skuleklassar fullt av fattige tiggarar som gjer alt for å få merksemda mi. Me går gate opp og ned, handlar litt, set oss ned for å ta ein brus, italiensk is og kaffi, og me et Parma-skinke, napolitansk pizza, pasta og drikk vin på gjestfrie og koselege restaurantar der me kjenner oss så velkomne av dei tilsette. Og eg kjenner veldig på kor tilfeldig livet er. Korleis er det at eg kan promenera her med mannen i mitt liv og borna våre på ferie i andre enden av Europa, medan på torg og gater i Napoli går det unge, tannlause mødrer og fedrar med born som må synga og tigga i staden for å vera på skule og gjera narrestrekar?

 

IMG_6678 IMG_6769

IMG_6808

 

Eg kjenner meg til tider flau, bortskjemd, arrogant og til og med slem når eg ikkje gir noko til alle som tiggar og ber om pengar. Etter kvart vert eg også vant med det, brukar teknikkar og kjenner på at eg går inni eit spel med tiggaren, gateseljaren som tilbyr meg ein elefant eg på ingen måte vil ha, eller gatemusikantane som køyrer klarinetten, trekkspelet eller tamburinen heilt opp i ansiktet mitt. Til slutt veit eg ikkje kva som er verst, å ta inn over meg elendet eller vera den rike og slemme som overser den gode og fattige tiggaren. Musikken dei spelar, vert også ei pest og ei plage for meg. Og kven vert eg då når eg tenkjer slik?

 

IMG_6816 IMG_6830

IMG_6832

 

Det sakrale og katolske Napoli har visst nok fleire kyrkjer, domar og katedralar enn Roma, og dei bognar av store rikdommar. Her vert napolitanaren stille, ho veiver ikkje lenger heftig med nevane. Derimot går ho stille og roleg rundt, set seg forsiktig ned eller kneler på skammelen framom kyrkjebenken. Ho viser vyrdnad overfor rommet ho er i. Eg har vore i mange sakrale bygg i ulike land, men eg har aldri sett slike køar av synderinner som i Napoli. For kyrkjeromma er nemleg dominerte av kvinner, kvinner som meg, midt i livet og eldre. Alle kvinnene i Napolis kyrkjer står i stor kontrast til dominansen av menn i Påskemessa i Peters-kyrkja i Roma som NRK sende Påskeaftan. Innimellom alle kvinnene i Napoli kan eg til tider skimta ein  verdsleg mann, ellers er det berre skriftefedrar.

 

IMG_6758 IMG_6759

 

Kvinnene står også i kø for å skrifta. Det er lange køar fram til skriftefaren som sit i skriftestolen der napolitanarane sannar syndene sine. Og det slo meg at kanskje det ikkje er så dumt likevel det å skrifta? Kanskje alle skulle skrifta jamleg i staden for å gå eit heilt halvt liv med hat, skam, sorger eller kva det no måtte vera som kan klistra seg skikkeleg fast i både kroppen og sjela vår? Kanskje får ein mindre arr på sjela om ein opnar hjarta sitt litt oftare og deler tunge tankar og opplevingar i livet med ein skriftefar eller kanskje til og med ei skriftemor?

 

IMG_0107 IMG_0128

 

Napoli for meg vart ein by som gir meg eit ærleg bilete av livet og oss menneske. For meg minner barokke Napoli meg om noko kanskje heilt sjølvsagt og enkelt: At livet er full av kontrastar, at livet er kaos som me prøver å finna system, orden og meining i. Napoli minner meg om alle fasettane livet og menneska har, alle kontrastane i liva våre. I Napoli vert ikkje det kaotiske og alle kontrastane dekte til, men dei ligg der ope til  skode i dagen om det er tale om rik eller fattig, kjærleik eller hat og kvinnene skjemmest heller ikkje over å sanna syndene sine.

 

IMG_6757

 

green-orange

Publisert i Kjerring på tur | Skriv en kommentar

Kunsten å flytta heim – del 1: «Forelska i lærer’n oh-oh-oh» (Ingebrigtsen/Flakne)

«Det er ikkje sant at kjærleik gjer blind./Kjærleik gjer klok» skriv Halldis Moren Vesaas i eit kjærleiksdikt. Mange meiner jo det motsette og dømer og fordømer kjærleiken i seg sjølv, i andre og alle fasettane kjærleiken har og får hjarte av stein. For ganske nøyaktig 14 år sidan flytta eg heim att til Mjøs og Radøy. Og eg gjev kjærleiken skulda for det.

IMG_2516

Det kom som eit sjokk først og fremst på meg sjølv. Eg, som hadde undra meg stort over at andre bondestudentar berre gjekk i byen og lengta heim att til det gode livet på landet, sat plutseleg gravid med pikk og pakk i eit gamalt og trekkfullt Vestlandshus. Eg hugsar også at BT svartmåla den nordre delen av regionen vår med portrett av eit knippe ungkarar som svara til alle fordommane ein bymann hadde av ein stril sjølv etter år 2000.

Basthaugen gard: hovedhus

Mange høgt utdanna kvinner med såkalla kulturell kapital vart då som no verande i byen eller drog  til hovudstaden under den såkalla hjerneflukta på slutten av 90-talet. Det er godt mogeleg eg også hadde valt byen eller hovudstaden om ikkje livet og kjærleiken hadde kome i vegen. Det var dei som meinte at dette ikkje var eit godt val, men eg visste at det var rett sjølv om til dømes utvalet i jobb vart meir avgrensa jo lenger ut på landet eg flytta. Då er det berre å sjå til liljene på marka og stola på at alt ordnar seg til slutt…

Det eg kallar for magekjensla eller intuisjonen, talte så klart til meg den gongen slik at eg var ikkje i tvil om kva som skulle gjerast sjølv om det innebar vanskelege val. Det var enkelt å lytta til intuisjonen, fordi eg ikkje var i tvil om kva han sa meg. Skulle berre ønska at intuisjonen alltid talte så klart og  tydeleg. Men eg veit jo at eg også til tider ikkje har høyrt etter kva intuisjonen  har ropa til meg og at han har talt for døve øyre.

Eg vil på ingen måte leggja skjul på at livet på landet har sine bakdelar. Som alle veit, står til dømes Jantelova og slektstreet sterkare i bygdemiljøet enn i meir urbane strok. Dersom eg skal komma med eit råd her på tampen, så er det kanskje det at det kan vera lurt å flytta heim med litt brask og bram. Det kan bli litt folkesnakk og litt rare blikk av slikt, men det går veldig fort over. Men du får så mykje att: Å vera litt utanfor malen gjer at ein kan  tillata seg å driva med både det eine og andre, vera litt eksentrisk og entusiastisk i møte med tradisjonar og fordommar slik at det kan veksa noko nytt ut or det gamle. Og Noreg er jo så mykje meir enn austlandet, Oslo, byar slik Rolf Jacobsen også skriv om i diktet «Bortafor Grorud»:

 

Bortafor Grorud –

Til Olav H. Hauge på 70-årsdagen

Det er ikke nødvendig
å bo i slike digre byer.
Det er ikke nødvendig
å rope høyt fra talerstoler
for å bli hørt.
Det er ikke nødvendig
stadig å tenke andres tanker
eller å snakke med andres munn.

Rart land, det her,
– bortafor Grorud.
Nordlys og nymåne
istedenfor gatelys.
Myrsørpe istedenfor fortauer.
Svupp – svupp sier det når du går
inn i de nye tidene, foran de fleste
som ikke kan se eller høre for motorbrølet,
neonflammene eller de skingrende stemmene.
Jeg er litt småsvak for de svære fjellene
der vest, islyset fra fonnene, og havet
som stikker fingrene inn her for å kjenne
om vi ennå er blant de levende,
– og for de store stillhetene –
(du får god hørsel av dem
og váre nerver). Du hører tingene
nesten før det er skjedd
– bortafor Grorud
eller Hakadal eller Sokna. Lese og lytte
og skrive ned. Slippe
å tenke andres tanker,
eller snakke med andres munn.

 

jpg-farger-basthaugen-logo

Publisert i Gardsdrift, Kjerringliv | Skriv en kommentar

«Nora, Nora, du est en kvinde» (Frå Ibsens Et dukkehjem, 1879)

Kvardagen og rettane til kvinner og born har blitt sett under debatt i dei siste hundreåra her i vår del av verda. Menn har også nytt godt av desse revolusjonane moderniteten har ført til som starta med opplysningstida. Fedrar har mellom anna fått rett til å vera til stades i livet til den nyfødde sonen eller dottera, noko som det til dømes ikkje vert lagt til rette for lenger sørover på kontinentet vårt.

IMG_2522 IMG_2520

 

Om eg løftar blikket mitt frå min eigen navle og ser på stoda til kvinner, mødrer og born internasjonalt og kvinner med fleirkulturell bakgrunn i Noreg, kan nordiske og norske utfordringar skildrast som luksusproblem: Dottera vår ville ikkje hatt rett på skulegang berre fordi ho er jente. Ho kunne også ha blitt sett på som ei salsvare. Sonen vår, som har ein autismediagnose, ville i mange kulturar ikkje bli sett på som ein rikdom i livet og ikkje hatt dei rettane og pliktene me har her hjå oss.

Det er mange fleirkulturelle kvinner i Noreg i dag som lever med normer og reglar som norske kvinner hadde på 1800-talet. Tematikken i den sjølvbiografiske forteljinga frå samtida vår, «Min drøm om frihet» av somaliske Amal Aden, har klare parallellar til dei problema som til dømes Ibsen, Kielland, Collett, Skram og Krogh sette under debatt på slutten av 1800-talet i Noreg:

«Å være annerledes er ikke lett for en somalisk kvinne. Å bli selvstendig er ikke lett for en somalisk kvinne. Å si hva man egentlig mener, er ikke lett for en somalisk kvinne. Her i Norge er det ytringsfrihet, og den har jeg etter beste evne tenkt å benytte meg av. Her i Norge er kvinner og menn like mye verdt, og her har jeg sjansen til å bli respektert for den jeg er»

Mange fleirkulturelle kvinner i Noreg møter heilt andre ideal, krav og plikter her enn i eigen kultur.  Eg trur dette gjer integreringa ekstra vanskeleg, utfordrande og til og med kanskje farleg for dei. Å ta ytringsfridomen på alvor og fortelja kva ein eigentleg meiner, har ført til at Aden og andre fleirkulturelle kvinner har blitt truga på livet på nett og i det verkelege livet. For ikkje så lenge sidan vart kvinner som Aden også kritiserte for at dei tørka vekk frå media og TV-skjermen. Det tykkjer eg vart litt i overkant kritisk overfor desse svært så modige kvinnene. Det var mange andre vegar ein kunne ha sparka, til dømes oppover og til dømes retta kritiske spørsmål til menn og fedrar i det fleirkulturelle miljøet.

Men kva kan me gjera? Eg har definitivt ikkje alle svara. Eg trur me må vera modige og våga å setja problem under debatt, å kalla ein spade for ein spade, både i litteratur, media  og samfunnsdebatt og ta stoda til fleirkulturelle kvinner i Noreg på alvor og i alle fall ikkje bagatellisera. På Furuset i Oslo er det ei kvinne som har teke saka i eigne hender, nemleg gründaren av organisasjonen Likestilling, inkludering og nettverk (Linorg – sjå under), Bibi Musavi, i denne drabantbyen dominert av innvandrarar.

Det veksande fleirkulturelle miljøet er i utganspunktet svært positivt og berikande for Noreg. Men me må gjera alt for at me i framtida slepp å lesa sjølvbiografiske forteljingar om ei fleirkulturell Nora, Fru Alving eller Hedda Gabler anno 2016 i Noreg og heller løfta fram kvinner som Bibi Musavi.

 

jpg-farger-basthaugen-logo

 

Om Linorg og Bibi Musavi

Musavi snakkar flytande norsk og har lang erfaring frå norsk arbeidsliv. Som sakshandsamar i Oslo kommune kom ho i kontakt med mange fleirkulturelle kvinner. Ho fekk ein særskild status og kvinnene opna seg lettare for henne og fortalte henne om behova dei hadde. Ho fekk stor tillit. Etter kvart lurte Musavi på korleis ho kunne hjelpa dei. Då ho spurte, fant ho ut at kvinnene først og fremst ville ha hjelp til å hjelpa borna med lekser. I tillegg til språk, måtte dei då også ha grunnleggjande opplæring i data for å kunna følgja opp borna på den digitale læringsplattforma. Og så var Musavi i gang. Religion og kvar ein kjem frå spelar ikkje noko rolle for Linorg, dei har til dømes også hatt eldre norske kvinner på datakursa.

Denne kvinna har gjennom knallhard jobbing fått mykje til sidan ho grunnla organisasjonen i 2011. I dag er det 6 tilsette på fulltid og to datalærarar som dei leiger inn. Totalt har dei om lag 20 000 undervisningstimar i året. For tida er det 350 på ventelista på kursa dei har og dei driv 11 prosjekt som gjer at dei kan ha tilbod om kurs i følgjande emne:  norsk språk, grunnleggjande data, samfunnskunnskap, yoga, leksehjelp, arbeidsretta kurs, symjekurs, tabu og skam og helse-program. Men dei lever på prosjektmidlar frå år til år og mykje tid går til skriving av søknader om prosjektmidlar.

Du kan lesa meir om Linorg her

Publisert i Kjerringliv | Skriv en kommentar

Tre verselinjer i februar

Det er lenge sidan det var sol her hjå oss, men førre helg kom ho tilbake. Eg kjende eg berre måtte ut i den vakre naturen me har her på Radøy. Turen, stillheita og naturopplevinga hadde ein svært oppkvikkande effekt på kjerringa og ein liten lyrisk bieffekt som resulterte i følgjande linjer:

Fuglane flyg i klår luft 

– ei motorsag bit til

Havørna lettar frå lyngen

IMG_3633

 

 

jpg-farger-basthaugen-logo

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

«Tidt eg minnest ein gamall Gard» (frå «Gamle grendi» av Ivar Aasen)

No har me altså oppdatert nettstaden til Basthaugen gard slik at du også under » Om garden» kan lesa om brukshistoria. Me har snakka mykje med eldre folk i familien og fått vita mykje om korleis Basthaugen gard vart driven for om lag hundre år sidan. Me har snakka mykje med den eldre generasjonen, mellom anna far/svigerfar og tante Ragna og hatt mange gode og lærerike samtalar.  Då Bjørn og pappa gjerda i lag, lærta han ikkje berre handverket, men fekk også vita om namn på stader på garden. I tillegg  har mellom anna tante Ragna vore på besøk. Me gjekk i lag over store delar av garden for å finna ut or namn på hauger, myrer og leita etter spor etter gamle brønnar, eldhus og potetkjellarar i lag med ho som nærmar seg 90. 

else_kalv_fred_løa

Då eg skreiv teksten, merka eg at eg vart usikker på dei gamle fagorda. Dels fordi notata mine er handskrivne med slurvete skrift, men også fordi den gamle teknologien i lag med fagorda ikkje lenger er i bruk og er på god veg i gløymeboka. Nokre av orda kjenner eg sjølvsagt att, men mange var nye for meg slik at eg måtte få forklaringar. I tillegg har me også lært oss fleire stadnamn på garden som Haugen, Gjerde, Midtmyre, Fagerdalen, Beinhanshøla, Sløkje og Klungaren eller Tungaren.

hesjing_hilda_edelogingvard

Det har nesten gått både vinter og vår, men no har eg altså endeleg funne fram kråketærne mine frå i fjor sommar og skrive litt om korleis garden vart nytta, kven som gjorde kva og korleis ein levde. Tidsrommet det er tale om er frå om lag midten av 1930-talet og fram til 50-talet. Tante Ragna har ekstra god kunnskap om garden då ho var mykje på garden sjølv etter at ho var gift  for å hjelpa til heime. Ein stor takk til tante Ragna, men også til mamo og papen og dei andre litt oppi åra i slekta som har delt av kunnskapen sin.

Ragna_Julius_heil_gjeng_på tunet

Gamle Grendi

1. Tidt eg minnest ein gamal gard
med store tre og runnar.
Vollar, bakkar og berg og skard
og blomster på grøne grunnar.
Der eg hadde meg so godt eit rom:
hus og mark med både bær og blom,
alt eg nøytte som ein eigedom
med både lut og lunnar.

2. Der var dalar og lier nog,
der lur og bjøllor klungo;
der var ruster og fager skog,
der tusund fuglar sungo.
Tett ved stova stod ei bjørk så breid,
der hadde skjorene sitt gamle reid,
staren song i kvar ein topp, som beid,
og erlor i tunet sprungo.

3. Heime var eg so vida kjend
og slapp inn, kvar eg ville,
i kvart hus i den heile grend,
om endå folket kvilde.
Der var kjenningar i kvar ei krå,
og når eg ukjende folk fekk sjå,
spurde eg radt, kvar dei var i frå,
og dei var lika milde.

4. Var det nokon som der leid vondt
og vart fyre tap og spilla,
brått det spurdest om bygdi rundt,
og alle tykte, det var illa.
Ofte minnast eg mi gamle grend,
når eg framand uti verdi stend,
heimlaus, frendelaus og lite kjend,
og likar på leiken illa.

PS
Det kan godt henda at det er feil i teksten i høve til namn og liknande. Dette er i så tilfelle eine og åleine min feil. Me er opptekne av å få skrive ned mest mogeleg om brukshistoria til garden og få det korrekt, og kjem difor til å oppdatera når det kjem meir informasjon. Om folk finn feil eller manglar, er det berre flott om de kan gi meg ei tilbakemelding.

 

cropped-basthaugen-fremside-raud1.jpg

Publisert i Gardsdrift | Skriv en kommentar

«Men det er vägen, som är mödan värd» (frå «I rörelse» av Karin Boye)

Her er ein liten biletserie frå arbeidet med murane i aust som vart gjort hausten 2015. Berit Bruvik og medhjelparar gjorde jobben som var i regi av Haakon Aase. Dette arbeidet vart i tillegg til eigne midlar, utført med støtte frå Hordaland Fylkeskommune (Vern og vøl) og Norsk kulturminnefond. I forkant av restaureringa, måtte me tømma floren for vatn og drenera med grøfter både mot vest og aust då den gamle florskjedlo rann inni og fylte floren. Litt sprenging med trollkraft måtte også til, men til slutt kunne dei ta til med tørrmuringa.
IMG_6580

 

IMG_6573

 


IMG_6576

 

 

 

 

 

 

IMG_6566                                    IMG_6564

I rörelse 

Den mätta dagen, den är aldrig störst.
Den bästa dagen är en dag av törst.

Nog finns det mål och mening i vår färd –
men det är vägen, som är mödan värd.

Det bästa målet är en nattlång rast,
där elden tänds och brödet bryts i hast.

På ställen, där man sover blott en gång,
blir sömnen trygg och drömmen full av sång.

Bryt upp, bryt upp! Den nya dagen gryr.
Oändligt är vårt stora äventyr

(frå Härdarna, 1927)

jpg-farger-basthaugen-logo

Publisert i Gardsdrift | Skriv en kommentar

«Hverdagen» (Zinken Hopp, «Innen fire vegger», 1938)

Januar hoppar etter Wirkola og har ikkje så mykje å stilla opp med overfor desembers håpefulle adventstid, raude dagar, fri og høgtid. Men det går an å leva i kvardagen også, som ein Hardanger-diktar skreiv i eit dikt.

IMG_7285

Me på Basthaugen gard har no vore gjennom den første syklusen som sauebønder og har gjort mange feil, vore forvirra, og lært mykje. Sjølv om me les bøker, surfar på nett og snart har fullført agronomutdanning på Stend, er det å ha direkte kontakt med erfarne bønder lokalt noko me set svært høg pris på. Når ein gjer alt for første gong, og ikkje er vaksen opp med husdyrhald og gardsdrift, er det rett og slett betryggande å ha nokon i nærleiken å støtta seg til i praksis. Men så er det det at me har fleire spørsmål enn kva ti vise kan svara, og me har difor prøvd å spreia spørsmåla våre utover fleire for ikkje å bli ei pest og ei plaga, at bonden sløkkjer lyset i huset når bilen vår kjem til gards eller nummeret vårt lyser på displayet…

IMG_7298

Då me i haust fekk nyss om Fadderprosjektet til Fylkesmannen i Hordaland gjennom Carina og Ole, nettagronomar og sauebønder på Osterøy, var me ikkje seine om å kontakta Bastian Hoffmann på Landbruksavdelinga hjå FM. Og vips så var han på besøk hjå oss for kartlegging og samtale for kva behov me har og om aktuelle fadderkandidatar. For ein sørvis, sa me og bukka og neia! No i byrjinga av januar skreiv me under avtalen der fadderen vår, sauebonden Odd, mellom anna får ei godtgjersle for samtalane og rettleiinga han nyttar på oss som gjer at me på ein måte gir noko tilbake. Men fadderen får også dei same tilboda i prosjektet som me nybrukrarar får som til dømes tilbod om kurs. Såleis er fadderprosjektet også eit tilbod for auke av kunnskap og i kompetanse for fadderen også. Informasjon om prosjektet vert publisert på nettstaden Landskap i drift.

IMG_7291

Me veit av erfaring at det er vitkig å ha lokale og erfarne fjellfolk når det er noko me har behov for å lufta med andre enn oss sjølve, læreboka og internett. Men det er også godt å ha nokon å ringja til når det oppstår noko meir akutt. Då me sette vêrlamma i lag med storevêren Jan Gunnar, oppdaga eg ein ettermiddag her i haust at Jan Gunnar sjangla og greidde neste ikkje å stå på beina. Eg var åleine og etter litt observasjon tykte eg det var best å ringa sauebonden Odd. Kort tid etter stod både han og kona i lag med meg på bøen. Jan Gunnar stod framleis i ro, men me såg han kvikna meir og meir til og til slutt var han nett som før og kunne gå normalt. Då vart det meg fortalt at småvêrane kunne vera rett så hissige og lite audmjuke i møte med storêren slik at mest sannsynleg hadde ein av småvêrane stonga faren og treft han skikkeleg i pannebrasken.

IMG_7311

Eg skal innrømma at det skal verta godt med lysare dagar framover, men januar og kvardagen tykkjer no eg ikkje er så verst likevel og avsluttar med eit hyllingsdikt til kvardagen av Bergensforfattaren Zinken Hopp:

Hverdagen
Jeg elsker hverdagen, den jevne dag
som kommer syv og syv i lange kjeder,
med sorg og ergrelse av alle slag
og små og ustabile hverdagsgleder.

Jeg elsker høstens løv som feies bort
i hvirveldans langs fortauskantens heller,
og himmelen, når den blir barsk og sort
og blåsende, i grå novemberkvelder.

Jeg elsker gode vers. De smyger inn
fra bladet som en iling gjennom sinnet.
Og boken også, dersom den er min,
og hyllen som jeg har den i, og bindet.

Og lukt av fårikål og fårestek
og nyslått høi og høvelspon og tjære,
som ubevisst, og nesten som i lek,
gir livet selv sin egen atmosfære.

Jeg elsker mine fedres stille ord
som taler i de stuer hvor de bodde.
Og det er meget som jeg ikke tror,
men holder av, som mine fedre trodde.

Hvad er materie, og hvad er ånd?
Hvor er den grensen hvor den ene stanser?
For mig er det to søstre, hånd i hånd,
to lykkelige søstre, for de danser.

green-orange

Publisert i Gardsdrift | Skriv en kommentar

Søndagstankar om puppen til Sophie Elise og Storepupp, Mellompupp og Bittelillepupp (frå Gro Dahles «Pelsjegerliv», 1991)

Eg ville det ikkje, men eg fekk likevel Sophie Elises pupp rett i fanget mitt sist torsdagskveld. Eg var ikkje budd på det, men gutta i Ukens vinner kunne sjølvsagt ikkje la denne passera. Bakgrunnen for denne ufrivillige puppen-i- fanget-episoden er at denne smarte forretningskvinna  no har hivd seg på den internasjonale trenden #freethenipple og media meskar seg ukritisk.

bladis

 

Det kan vera at gutta boys i Ukens vinner med rette harselerer med denne kyniske rosabloggaren då ho ikkje eit offer, men ei vaksen, smart og lur forretningskvinne som har forstått korleis ein kan tena store pengar på objektifiseringa av kvinnekroppen og intimtetstyranniet  i det overflatiske, materialistiske overflodssamfunnet vårt. Det skal verta interessant å sjå kor mange ho greier å lura til slutt, tenkjer no eg.

Eg trur nemleg at Sophie Elise visste at det godt planlagde mediestuntet, som ho på bloggen omtalar som eit resultat av eit «crazy» innfall, kom til å få merksemd, laiks, bli delt og at mang ein nordmann med stor interesse «les» det feministiske blogginnlegget hennar «Hvorfor viste jeg puppen i går?». Med fare for å verta kalla for ei misunneleg, humørlaus, gamal kjerringbloggar med lite lesarar og hengepuppar på ein rimeleg usexy gardsblogg, vågar eg likevel påstå at Sophie Elise eigentelg bryr seg katten om det feministiske prosjektet ho påstår ho har: Ho utnyttar bileta av puppen for alt det er verd i kroner og ører og lurer mange, inkludert gutta i Ukens vinner som brukte mykje tid på bileta med inn- og utzooming der dei harselerer med kor lite ho har å fara med. Har det slått gutta at ho spelar medvite på dette? At dama er smart? At dei faktisk vert lurte? Sophie Elise er langt frå eit offer. Ho er derimot ei svært smart og kynisk forretningskvinne og skodespelar med ein utsjånad og stemme som Barbiegirl som kan forvirra og lura mange, inkludert Norsk Folkehjelp som no angrar. Og det kan ein jo forstå.

Til liks med Norsk Folkehjelp, vert dessverre  gutta i Ukens vinner lurte av Sophie Elise: Ukens vinner nytta så mykje tid på #freethenipple- stuntet hennar i programmet  og i tillegg avskriv dei henne som smart. Eg tenkjer Sophie Elise ler høgt av dei. Takka vera gutta boys fekk eg også vita om denne store hendinga.

Det er ikkje mykje eg eigentleg kan gjera med all merksemda den kyniske forretningskvinna Sophie Elise greier å skapa og å tena store og pengar på. Ho er i alle fall ikkje noko ideal for meg, og dette har heldigvis dottera mi på 12 forstått. Då er det også håp for framtida. Men me har behov for at både menn og kvinner i media og samfunnet også er smarte og kritiske og ikkje går i slike feller og gjer slike kyniske menneske laiks og merksemd i beste sendetid.

Då eg byrja som student i Bergen på byrjinga av 1990-talet, hugsar eg godt puppedikta og –forteljingane til Gro Dahle som folk ikkje heilt visste korleis dei skulle tolka og takla. Og det kan no passa med slutten av og moralen i lagnadsforteljinga  om Storepupp, Mellompupp og Bittelillepupp i «Søstrene i Parken» (Pelsjegerliv:Skjebenfortellinger, 1991) :

«To måneder seinere satt han og Bittelillepupp i parken på en benk. Og det var sommer – nesten. De spiste smågodt til det iste i tennene. Og hun slapp å være rødhette. Og han slapp å være ulv. – Hvordan føles det å ha så pene ører? spurte gutten. – Det føles akkurat som det ser ut, svarte hun. – Det føles som to rosa konkylier på hver side av hodet. Jeg kan høre havet så ofte jeg vil. Og hvis det er helt stille, kan jeg høre stjernene. Etterpå løp de om kapp til bassenget, og Bittelillepupp hoppet fra timeter’n uten å nøle.»

 

Takk til Hege og Bjørn!

green-orange

Publisert i Kjerringliv | Skriv en kommentar